– Master- og mattekrav har gjort læraryrket mindre attraktivt

UTDANNING: Media melder om nedgang i søkjartalet til lærarutdanninga for grunnskulen. Spesielt er dette uheldig for barnesteget. Det er på dette steget det mest trengst kompetente lærarar fordi grunnlaget for den faglege, sosiale og personlege utviklinga til elevane blir lagt her

Publisert: Publisert:

Ei viktig årsak til at færre vil bli lærarar handlar om auka krav, både til lærarane og elevane, meiner tidlegare utdanningsdirektør i Rogaland, Sigmund Sunnanå. Foto: Jarle Aasland

Debattinnlegg

  • Sigmund Sunnanå
    Tidlegare utdanningsdirektør i Rogaland

Den svake rekrutteringa er alvorleg fordi vi nå manglar rundt 4000 utdanna lærarar på landsbasis – særleg i Nord -Norge. I samband med overgang til obligatorisk femårig masterutdanning blir det i 2021 ikkje utdanna lærarar ved dei ordinære lærarutdannings-institusjonane. Vi står kanskje overfor liknande lærarmangel som vi hadde på 1950- og 1960-talet? Kanskje bør ein også nå setja i verk ekstraordinære tiltak?

Master bør vera frivillig

Det er mange årsaker til den sviktande rekrutteringa. Kravet om minst fire i matematikk for å bli oppteken, kan vera ei årsak. Her meiner eg Pedagogstudentene har eit fornuftig forslag om å erstatta dagens system med ei ordning der minstekravet er eit gjennomsnitt på minst fire frå vidaregåande opplæring.

Utviding av den obligatoriske utdanninga frå fire år til femårig masterutdanning, kan også vera ei årsak. Mange unge vegrar seg gjerne for å ta fatt på eit så langt studium med den status, lønns- og arbeidsvilkår som lærarane har i dag. Etter mitt syn bør obligatorisk fireårig utdanning for grunnskulelærarar vera nok. Å gå vidare og ta mastergrad bør vera ei frivillig ordning for studentane, eller vidareutdanning for lærarar som er i jobb.

Barneskule freistar færre

I 2003 laga høyreregjeringa med Kristin Clemet og Helge Ole Bergesen i Kunnskapsdepartementet nye planar for lærarutdanninga for grunnskulen. Dei førte vidare ein tradisjon frå 1970-talet om at studentane skulle byrja på ei utdanning med ein obligatorisk fagleg kjerne, pluss pedagogisk teori og praksis . Undervegs i studiet kunne studentane velja fag på ulike nivå med tanke på undervisning på barnesteget eller ungdomssteget.

Arbeiderpartiregjeringa braut ein tradisjon då den i 2010 laga nye planar som tok opp eit gammalt Høyre standpunkt om ei todelt lærarutdanning – ei for barnesteget (1- 7) og ei for ungdomssteget (5 – 10). For søkjarar som veit lite om kva undervisning på barnesteget eller ungdomssteget inneber, kan det vera vanskeleg å velja. Ei lærarutdanning med kompetanse berre for undervisning på barnesteget, ser ikkje ut til å appellera til mange nok potensielle søkjarar. I dei siste åra har derfor mange studieplassar ved fleire lærarutdannings-institusjonar stått tomme.

Auka krav til læraren

Rekruttering til lærarutdanning har også med situasjonen i grunnskulen å gjera. I dei siste tiåra har lærararbeidet blitt meir stressande, mellom anna på grunn av auka kompetansekrav til lærarane, høge læringsmål for elevane, mange prøver og ulike former for dokumentasjon. Til hausten får vi nye planar for grunnskulen som er laga i god kontakt med lærarorganisasjonane og andre aktuelle instansar. Eg har inntrykk av at lærarane ser positivt på å ta planane i bruk. Med utgangspunkt i desse planane bør regjeringa gjerne sjå på om det bør gjerast visse justeringar i lærarutdanninga, til dømes ei meir praksisretta utdanning.

Publisert:

Les også

  1. Færre søker seg til lærerutdanningen

Mest lest akkurat nå

  1. Helikopter er satt inn i søk etter savnet mann

  2. Fastleger i Stavanger blir tatt ut i streik: - Kan medføre fare for liv og helse

  3. Boligbrannen på Klepp: To menn tiltalt for grovt skadeverk

  4. Kvifor har hytteeigaren rett til å klage på dette naustet?

  5. Storkunde vraket Polen for utslippskutt på Ålgård

  6. Han rykket opp fra lager­medarbeider til direktør i samme firma. Dette mener han er nøkkelen

  1. Utdanning
  2. Undervisning