Kva gjekk gale for ungdomane våre?

DEBATT: Ingen generasjon har gått gjennom fleire antimobbeprogram, dansa fleire bli med-dansar og fått inn med morsmjølka at alle skal med i leiken. Likevel slit dagens unge som aldri før.

Ei anna fortalde at når ho hentar seg lunsj i den felles kantina på den vidaregåande skulen, er det ikkje sjeldan at alfahannen i gutegjengen ropar «hatar fedme», og haustar rå lått og kred frå hoffet sitt.
  • Maria Klungtveit
    Frilansjournalist
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Og ironisk nok er det einsemd som tronar øvst på den dystre lista. Kor glapp det? Det er særleg nå etter pandemien at unges psykiske helse for alvor er sett på dagsordenen. Uro for deira psykiske helse engasjerer oss, takk og lov. Resultata frå Mental Helse Ungdom si ferske undersøking er urovekkjande.

På nettstaden psykologisk.no blir Mental Helse Ungdom sin dom over undersøkinga oppsummert: «I et samfunn som preges av krig, pandemi og usikkerhet, er unge ensomme, søvnløse og suicidale». I undersøkinga kjem det også fram at ungdomen kjenner på presset. Mest frå seg sjølv, men og frå storsamfunnet, sosiale medium og i skulegarden. Dei blir rett og slett aldri gode nok.

Ungdomane eg møter er langt meir reflekterte, modne og snille enn me var. Eg møter dei i heimen min, i bilen min og når eg er ute på oppdrag som frilansjournalist. Dei skjønar at dei slit. Dei skjønar veldig godt grensene på kva som er greitt og ikkje. For meg verkar det som om det er når dei kjem i flokk at det går gale.

Hatar fedme!

Trygt inne eller isolert utanfor. Det er den daglege kampen dei strir. Og dei er villige til å gå langt for å vera på innsida, trur eg. Med dette stadige jaget, er det kanskje ikkje så rart at dei late «slabbedaskane» våre krøllar seg under dyna etter skuledagen? Eller at det freistar å ryma inn i rusen?

Ei sa: -Me får slengt etter oss «gå å heng deg» kvar dag. Me reagerer ikkje lenger, men eg trur det set seg ein plass inni oss likevel. Skjellsord som eg ikkje vågar å skrive går att, og har blitt ein slags sjuk normal. Ei anna fortalde at når ho hentar seg lunsj i den felles kantina på den vidaregåande skulen, er det ikkje sjeldan at alfahannen i gutegjengen ropar «hatar fedme», og haustar rå lått og kred frå hoffet sitt.

Før spelte presset seg ut på skulen eller på trening. Så gjekk me heim og hadde fri. Me reiste på ferie utan at andre visste kor me var. Me slappa av. Restituerte. Slik er det ikkje i dag. Sosiale media og overvaking føl dei døgnet rundt. Dei skal logga at dei trenar, et sunne måltid og det skal til og med ut på flatene kor flinke dei er til å chilla.

Du kan bli kva du vil...?

Eit liv utan fred. Aldri tid til å prosessera. Konstant pålogga. Melder dei seg av, er det for sosialt sjølvmord å rekna. Det vrenger seg når eg tenker på kor grotesk intellektuelt sosiale medium har utvikla seg. Når ungdomane våre skrik at dei treng hjelp, sit det bakmenn og gnir seg i hendene og utviklar endå fleire trendar, algoritmar og mykje anna som i alle fall ikkje mitt hovud når rundt.

«Psykiske helseproblemer fester grepet om livet og fremtiden til dagens unge. Uten raske, kraftfulle tiltak er vi dypt bekymret for at antall selvmord, vedvarende psykiske lidelser og store samfunnsmessige kostnader vil prege Norge i flere tiår framover», skriv organisasjonen Mental Helse Ungdom i ei pressemelding.
Professor Ole Jacob Madsen ved Psykologisk institutt, Universitetet i Oslo har dykka ned i «generasjon prestasjon». Han seier mellom anna at dagens ungdomsforeldre kanskje er den generasjonen som i størst grad har fått høve til sjølvrealisering slik me kjenner den i dag. «The sky is the limit-generasjonen». Kan det tenkast at me fører eigne ambisjonar over på barna våre? At det gir oss status når prinsen eller prinsessa vår greier seg bra i livet?

Ei usunn sjølvsentrering

I tidlegare tider var du uskuldig født inn i ein samfunnsklasse. I dag står me i prinsippet heilt likt frå start her i Norge. Same moglegheiter til alle. Det er sjølvsagt bra. Men kva med når du ikkje greier å realisera deg eller fylla livet ditt med meining? Når du ikkje greier å bli «that girl» uansett korleis du balar? Ja, då er ein mislukka. Vidare vil skamma melde seg på, og den tener som kjent ingen. Den bygger mur.

Eg trur på teorien til Madsen som seier noko om at når ungdom bygger slike tunge murar rundt seg, vil det ikkje berre føre til einsemd, men til ei usunn sjølvsentrering. I egoismens dans kan i ytste konsekvens narsissismen bløma. Då kan me sjå langt etter det gode fellesskapet.

Det er her eg og du kjem inn i bildet. Ikkje som rollemodellar, men som ekte menneske. Ungdomen treng eit samfunn med plass til alle. Tunge vekttal i pedagogikk og psykiatri aleine kan ikkje redde dei. Det kan heilt klart ta av toppane. Men i botn er det eg og du, og samfunnet som heilskap som må melde seg på. Berre då kan me redda dei gode, fantastiske ungdomane våre. Trur eg.

Dei unge skjønar at dei slit. Dei skjønar veldig godt grensene på kva som er greitt og ikkje. For meg verkar det som om det er når dei kjem i flokk at det går gale.
Publisert: