Strand eller Sandnes, kvar vil du høyra til?

DEBATT: Om kort tid får ein del av oss Forsand-buar moglegheit til å uttala oss til Statsforvaltaren i Rogaland om me ønskjer at Forsand skal høyra til Strand eller Sandnes kommune.

«Det seier seg sjølv at Forsand blir ein liten utkant i store Sandnes. Og moglegheit til å vera med og utforma framtida i bygda blir liten for oss», skriv Torstein Haukalid.

Debattinnlegg

  • Torstein Haukalid
    Forsand
Publisert: Publisert:

For meg er det fleire avgjerande faktorar som gjer at eg gjerne vil vera ein del av Strand kommune. Forsand er eit felles bu- og arbeidsområde med Strand. Det er på grunn av korte avstandar. Då er det også naturleg at me høyrer til i same kommune.

På grunn av dette felles bu- og arbeidsområdet har me mange kjente på tvers av kommunane gjennom skule, arbeidsplassar, næringsliv, ulike organisasjonar, kulturarrangement m.m. Og i fleire av organisasjonane er det alt eit godt samarbeid mellom Forsand og Strand.

For oss vil det bli ei heilt anna positiv utteljing om desse store årlege kraftinntektene blei brukt til investering i Strand og Forsand.

Større merdverknad

Ein får større moglegheit til medverknad i utviklinga i bygda vår om me blir med i Strand. Der bur der ca. 15.000 personar, og kommunesenteret ligg ein køyretur på 15 minutt unna Forsand kommunehus.

Sandnes har ca. 80.000 innbyggjarar, og kommunesenteret ligg ein times køyring frå oss der me også må ut med store beløp i bompengar langs vegen. Det seier seg sjølv at Forsand blir ein liten utkant i store Sandnes. Og moglegheit til å vera med og utforma framtida i bygda blir liten for oss.

I ein kommune saman med Strand, er forholda elles ikkje større enn at folk i Strand kjenner våre utfordringar og me kjenner utfordringane i Strand.

Kraftproduksjonen i Lysefjorden gir store inntekter som tidlegare gjekk til Forsand kommune. I dag går dei til Sandnes kommune som svært gjerne vil ha dei inn i kommunekassen sin framleis, m.a. til å byggja ishall.
For oss vil det bli ei heilt anna positiv utteljing om desse store årlege kraftinntektene blei brukt til investering i Strand og Forsand.

I to år som nestleiar i Sandnes KrF har eg erfart kor mykje tid og pengar det går med for å vera politisk engasjert som forsandbu. Og ein må reisa gjennom to andre kommunar for å koma fram til det møtet i den kommunen ein høyrer til.
Då me hadde medlemsmøte i Forsand KrF, var det 15 -20 medlemmer som møtte. Etter at me vart ein del av Sandnes KrF, har det vore 1–3 medlemmer frå Forsand som har møtt. Det å høyra til blir opplevd annleis nå. Og ein forstår at mange ikkje vil bruka så mykje tid og pengar på å reisa. Andre likar ikkje tunnel og motorveg.

Alvorleg for demokratiet

Kanskje dette er eit problem i andre partigrupper også? Men det er alvorleg for demokratiet vårt og for lokal påverknad når så få engasjerer seg i politiske parti.

Kjære Forsand-bu! Når du blir invitert av Statsforvaltaren til å seia di meining: Tenk då på korleis me på Forsand har størst moglegheit til å påverka utviklinga i vårt bu- og arbeidsområde. Eg er overtydd om at det får me best til ved å vera ein del av Strand kommune.

Les også

  1. Setter ikke Forsand på pause

  2. Ingen folke­avstemning ennå – sender saken til Oslo

Publisert:
  1. Debatt
  2. Strand kommune
  3. Sandnes kommune
  4. Forsand kommune

Mest lest akkurat nå

  1. Testet positivt? Dette gjør du

  2. Skamslått Borgli vil gå nye runder om huset i Oalsgata

  3. Konen var skeptisk da de ringte fra «Mesternes mester»: – Hun hadde aldri sett meg grine før

  4. Har du lagt merke til er at kampropet «ubuntu» er borte. Hva skjedde?

  5. Folk for­tjener bedre og sanne svar fra en olje- og energi­minister midt i en strøm­krise

  6. Stavanger-investorer sprøyter penger inn i e-sport-satsing - vil ikke røpe beløpet