Den lange kampen for likestilling

DEBATT: Du må kjempa eit slag meir enn ein gong for å vinne det, sa Margaret Thatcher, Storbritannias statsminister gjennom 11 år. Vi kan konstatere at kampen for likestilling er eitt av dei.

Publisert: Publisert:

Første dagen i Det ovale kontor signerte Donald Trump ein presidentordre med forbod mot at organisasjonar som informerer om abort, kan få statsstøtte, i påsyn av menn i dress. Foto: Evan Vucci, AP/Scanpix

Debattinnlegg

  • Wenche Skorge
    Kommunikasjonsrådgiver og skribent
iconDenne artikkelen er over tre år gammel
  • Dette innlegget blei først publisert 25. januar 2017.

For få dagar sidan vart Donald Trump sett inn som president i USA. Det blei ei slåande påminning om denne gamle sanninga til jernladya.

På den eine sida fordi den nye presidenten har eit politisk program som vil svekka kvinners rettar og levekår, på den andre sida fordi kampviljen blant kvinnene viste seg å vera intakt, full av energi og optimisme.

I USA deltok over to millionar i kvinnemarsjen, ein av dei største nokon gong i sitt slag. I tillegg var det marsjar i byar over heile verda.

For kvinnerørsla var hendinga ein uventa siger og ei kjærkomen oppmuntring. Men marsjane handla ikkje bare om kvinnerettar. Deltakarane representerte samansette demokratiske krefter som ville markere si støtte til menneskerettar og borgarrettar generelt.

Protestane var òg retta mot den nye presidenten sin uhemma nasjonalisme, og den uttrykte forakta for kunnskap, vitskap, klima og miljø.

Over heile verda marsjerte kvinner i protest mot president Trump, og mange menn var òg med. Her frå Austin i Texas. Foto: Ralph Barrera, AP/Scanpix

Lyden av «Facebook-Høgre»

Denne breie politiske mobiliseringa kan brukast til så mangt, viser det seg. For dei mange meir eller mindre reaksjonære mennene som er svært aktive i sosiale medium, deriblant kretsen rundt det såkalla «Facebook-Høgre», blei det ei anledning til å setje seg på sin høge hest og fortelje oss kvinner, altså deira eigne mødrer, søstrer og døtrer, kvar skapet skulle stå.

Bjøllesauene i denne kulturelle enklaven er mellom andre Håvard Rem og Kjetil Rolness. Debattantane korsa seg over trongsynte og egoistiske vestlege kvinner som demonstrerte for eigne rettar, all den tid muslimske kvinner har det så mykje verre. I tillegg blei det spreidd ei historie om at det var den berykta milliardæren George Soros som stod bak og trekte i trådane.

Som ekte imamar og utan blygsel lét dei kritikken hagla over dei marsjerande kvinnene. Det var feil tid, feil stad og feil bodskap. Dessutan kom denne mobiliseringa heller ikkje til føre til noko som helst på lengre sikt. Kvinneengasjementet var kort og godt eit slag i lufta.

Så opp av sofaen, ut i gatene og marsjer! Mange vil sikkert la seg inspirere og slå lag.

Dobbeltmoralsk og frekt

Dette er ein ressurssterk gjeng med mange følgjarar i sosiale medium, og som har fritt leide til landets redaksjonar. Dei har eit rotfesta negativt syn på feminisme og kulturelt mangfald. Det passa som fot i hose å vri merksemda i retning av hijab, kjønnslemlesting og terror. Vips så var det dei fæle innvandrarane og islam som var temaet.

Det dei legg for dagen er velutvikla dobbeltmoral og ein tilsvarande stor frekkheit.

Er ein på ekte vis oppteken av innvandrarkvinnenes fridom og rett til utfalde seg uavhengig av sine menn, burde ein vel applaudera denne manifestasjonen av kvinneleg initiativ og handlekraft? Det burde vel vera ein grunn til glede at kvinner her i vår del av verda kan marsjera utan fare for represaliar?

Dei som meiner marsjen var retta mot feil sak, er dessutan i sin fulle rett til å sette søkelyset på saker dei sjølve brenn for, lage sine eigne marsjar og elles bruka alle demokratiske verkemiddel for hand. Så opp av sofaen, ut i gatene og marsjer! Mange vil sikkert la seg inspirere og slå lag.

  • Grundig psykologisk analyse: «Det er alltid Donald Trump som spiller Donald Trump, og kjemper for å vinne, uten å vite hvorfor.»
Kort fortalt handlar det om retten til å ta eigne val, like rettar i heim, arbeidsliv og politikk, samt kontroll over eigen kropp og helse.

Den same kampen overalt

Kvinnekampen er ennå ikkje i mål, heller ikkje Norge. På nokre område går det grueleg seint, til dømes i næringslivet. På andre felt, mellom anna når det gjeld seksuell trakassering, går det feil veg.

Det er sjølvsagt ingen motsetnad mellom det å marsjere for vestlege kvinners rettar kontra muslimske kvinners rettar. Det er to sider av same sak.

Kvinners utfordringar liknar på kvarandre uavhengig av kvar ein er og kven ein er, sjølv om ikkje alle problem er like alvorlege. Kort fortalt handlar det om retten til å ta eigne val, like rettar i heim, arbeidsliv og politikk, samt kontroll over eigen kropp og helse.

Kvinner som deltok i marsjen i London, hadde kledd seg som suffragetter og bar parolar med den treffande teksten: «Same shit, different century.»

Mannemakta demonstrert

Alt to dagar etter at Trump var tatt i eid signerte han eit dokument som avgrensa retten til abort og andre helsetenester for kvinner som tek imot hjelp frå amerikanske organisasjonar. Med dette pennestrøket ramma han kvinner i utviklingsland, ei gruppe som vi veit frå før er særleg utsette på dette feltet.

Paradoksa og dobbeltmoralen blinkar illraudt: «’Grab’em by the pussy»-presidenten som skamlaust skryt av å være eit seksuelt rovdyr, innskrenkar retten til helsehjelp for ofra for den slags aktivitet.

På Twitter blei det lagt ut eit bilete av signeringa med følgjande tekst: «Aldri så lenge du lever vil sjå eit bilete av sju kvinner signera ein lov om kva menn kan gjere med sine reproduktive organ.»

Kvinner som deltok i marsjen i London, hadde kledd seg som suffragetter og bar parolar med den treffande teksten: «Same shit, different century.»

Alt dette viser at kvinnene må halde fram med kampen. Slaget må kjempast om att og om att. Dette slaget – og mange andre.

Publisert:

Les også

  1. Trump truer fortsatt med å ta Iraks olje

  2. Trump godkjenner omstridte oljeprosjekt

  3. Trump strammer inn kommunikasjonen i offentlige kontorer

  4. Trumps partifeller vil ha bevis for påstand om valgfusk

Mest lest akkurat nå

  1. Ingebrigtsen gjør narr av Warholm-utspill

  2. Sigrid Sollund blir kjempeengstelig hver gang sjefen ber om et møte. Det er hun ikke alene om.

  3. Den kommende Røde Kors-presidenten har alltid en plan. Da sønnen fikk skallen splintret på Utøya, hadde hun 27.

  4. – Joe Biden er både kjedelig, sløv og gammel - men han er i hvert fall ikke Trump

  5. Familie følte seg forgiftet – hadde spist sønnens hasjbrownies

  6. City Bistro legger ned etter 33 år: - Det er trist, men vi ser ingen annen utvei

  1. Kvinner
  2. Donald Trump
  3. Feminisme
  4. Seksuell trakassering