Kvinner er ikkje «top of mind»

DEBATT: Kven er den første du tenker på når eg spør deg om namnet på ein bedriftsleiar, ein forskar eller ein suksessgründar? Er det ein mann eller ei kvinne?

«Eg har sjølv erfart at det i foredragshaldarverda handlar mykje om å vera «top of mind» hos dei rette folka. Slik trur eg også det er i media», skriv Synneva Erland. Foto: Shutterstock

Debattinnlegg

  • Synneva Erland
    Synneva Erland
    Foredragshaldar og kommunikasjonsekspert
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

«Når det haster, ringer vi en mann.» «Akkurat som menn, må også kvinner se det som en naturlig plikt å dele kunnskap og erfaring uten så mange omveier og dikkedarer,» skriv Camilla Bjørheim, journalist, i Stavanger Aftenblad den 1. mars.

Kvifor er det slik?

Hallo, damer! Er me ein gjeng med nikkedokker som ikkje vågar å visa kva me er gode for? Svarer kvinner verkeleg sjeldnare enn menn når ein journalist ringer? Bjørheim påstår at kvinner går omvegar og «dikkederer» seg utanom media. Kvifor er det slik?

Eg vart både provosert og tankefull då eg las kommentaren til Camilla Bjørheim, men først og fremst tenkte eg at slik kan me ikkje ha det. Me kan ikkje gå rundt og klaga på at kvinner ikkje kjem til orde dersom det er me kvinner sjølv som ikkje vågar.

Det handlar dessverre også om at kvinner som framhevar seg sjølv, ofte får andre utfordringar i kjølvatnet, som menn generelt ikkje får.

Tenker før dei snakkar

Kvinner ber journalistar heller å ringa ein kollega (som er mann) enn å uttala seg sjølv, ifølgje Bjørheim. Kvifor er det slik? Eg hugsar då eg studerte ved eit knøtt lite fakultet i Bergen, at eg under forelesingane ofte tenkte: «Her skulle eg ha sagt noko. Dette meiner eg noko om. Dette kan eg!» Men straks tanken var tenkt, byrja hjarta å hamra. Eg sveitta i hendene, vart tørr i munnen og tenkte på korleis eg skulle formulera meg slik at det høyrdest klokt ut, slik at eg blei tatt på alvor av (den mannlege) forelesaren. Og før eg fekk formulert setninga i hovudet, hadde ein av dei mannlege studentane starta ei lang utgreiing om saka. Han rakk ikkje ein gong opp handa før han snakka!

Erna Solberg sin kropp

Bjørheim fortel at journalistar oftare ringer til menn fordi dei gir «informasjon, refleksjon, begeistring, irritasjon eller provokasjon.» At menn spissformulerer seg oftare enn kvinner, og dermed skapar større overskrifter, trur eg er rett, men eg trur ikkje det er heile årsaka til kjønnsubalansen. I NRK Dagsnytt kunne me nyleg høyra at det framleis er for få kvinner i toppleiarposisjonar i Noreg, men at oppfatninga av kvifor er endra. No innser fleire at det ofte har med uformelle rekrutteringsprosessar å gjera. Ein mannleg toppleiar kjenner ein kompis, som «tilfeldigvis» også er mannleg, som er perfekt for akkurat den stillinga som snart blir ledig i eit stort selskap osv.

Eg har sjølv erfart at det i foredragshaldarverda handlar mykje om å vera «top of mind» hos dei rette folka. Slik trur eg også det er i media. Journalistar ringer dei som først dukkar opp i hovudet når dei treng ein ekspertkommentar kjapt. At menn oftare er «top of mind» enn kvinner, har meir enn ei årsak. Dette handlar både om at kulturendring tek tid, at menn er flinkare til å framheva seg sjølv, og at kvinner ikkje vågar å visa meir kva dei kan og kva dei er gode for.

Men det handlar dessverre også om at kvinner som framhevar seg sjølv, ofte får andre utfordringar i kjølvatnet, som menn generelt ikkje får. Ville ein til dømes ha snakka om Erna Solberg sin kropp i media dersom ho var mann?

At Aftenbladet ønskjer å gjera noko med kjønnsbalansen i media er bra. At Camilla Bjørheim skriv om det, og provoserer, er bra. At kvinner svarer at dei må snakka med sjefen før dei uttaler seg kan vera bra, men det er eit tankekors at menn sjeldnare gjer det.

Lang veg å gå

Likestillingskampen starta som kjent for mange år sidan. #metoo har vist at me framleis har ein lang veg å gå, men at ei endring er i ferd med å skje. Globalt faktisk. Det gir meg håp for framtida og tru på at våre dotrer skal møta mindre motstand når dei vågar å seie at dei kan noko. Det gir meg håp om at media ein dag kan vera i full kjønnsbalanse og prega av mangfald på alle vis. Inntil den tid kan me jo håpa at fleire kvinner, inkludert meg sjølv, vil svara «Fyr laus, dette kan eg mykje om!» når Bjørheim og andre journalistar ringer.

Publisert:
  1. Debatt

Mest lest akkurat nå

  1. Dropper solcellene etter kommunens siste vedtak: – Panelene ligger i kjelleren og er til salgs

  2. Aftenbladet avslører: Viking har brutt idrettens regelverk i Berntsen-saken

  3. «Hæ, har dere flyttet dit?» spør folk. Nå har hjemmet deres vunnet arkitekturpris.

  4. 322 nye koronasmittede siste døgn

  5. Politiet har frigitt navnet på mannen som døde i trafikk­ulykken på Buevegen

  6. Trumps koronarådgiver trekker seg