Psykolog Lars Hæhre gløymer heilt «Det store eksperimentet» med barna våre

OPPVEKST: Barnehagane har aldri handla om kva som er det beste for dei minste barna, men om stadig auka vekst og sjølvrealisering blant mange foreldre.

«Kva slags langtidseffekt kan det få når mor og far forlèt eittåringen gråtande i barnehagen klokka sju om morgonen? skriv Geir Wigestrand»

Debattinnlegg

  • Geir Wigestrand
    Geir Wigestrand
    Miljøterapeut og fembarnsfar, Sand
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

I ein god kronikk laurdag 3. februar løfter psykolog Lars Hæhre fram kor viktige me foreldre er for å skapa ei god psykisk helse hjå barna våre. Han tek til orde for å kursa alle foreldre, slik at me kan bli trente i foreldrerolla. Effekten kan bli «en virksom psykologisk vaksine».

Som psykolog møter Hæhre fleire av dei som slit. Eg har møtt dei same, som feltarbeidar i helse- og sosialsektoren i mange år. Eg er redd både Hæhre og eg vil få auka arbeidsmengde i åra framover, når me til dømes ser at dei psykiske vanskane hjå både barn og ungdommar aukar. Diagnosar som ADHD, depresjonar, angst og eteforstyrring er ein del av eit alvorleg bilete.

Sentralt i kronikken står det faktum at opplevingar i tidlege barneår er svært viktige for den vidare psykiske helsa. Hovudbodskapet til Hæhre er likevel trua på obligatoriske foreldrekurs, som god «vaksine» mot psykologisk skade. Eg er meir usikker på om dette vil ha ønska effekt.Alle må med  –  ikke bare mor og far

Les også

Psykolog Lars Hæhre: «Bevisste foreldre kan gi barna sine en psykologisk «vaksine» for livet»

«Det store eksperimentet»

Forskarar fann tidleg ut kor viktig tilknyting til få og stabile omsorgspersonar er for små barn. Dette er heilt grunnleggande for barns utvikling. Mot betre vitande har dei som styrer, organisert samfunnsutviklinga slik at det offentlege tidlegare og tidlegare tek over omsorga for barna, store deler av den vakne tida. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at gjennomsnittstida i barnehagen for eittåringane var åtte timar per dag i 2016. Mest ingen eittåringar er lenger heime med mor, den klart viktigaste personen for barnet dei første åra. Forskarar som ikkje er politiske korrekte, møter stengte dører, når dei forfektar at alt dette har eit risikopotensial me i dag ikkje kjenner rekkevidda av.

Betre blir ikkje dette når politikarar skal bestemma kven som skal ha foreldrepermisjon eller når mektige kvinner, både på arbeidsgjevarsida og fagrørsla, skal tvinga medsystrer som ønsker å arbeida deltid inn i fullt arbeid.

«Det store eksperimentet» har aldri handla om kva som er det beste for dei minste barna, men om stadig auka vekst og sjølvrealisering blant mange foreldre. På dette alteret ofrar ein kanskje den beste «vaksina», som er evolusjonsbasert og sikker. Dette fokuset saknar eg i Hæhre sin kronikk.

Det viktige barnevernet

Det vil uansett alltid finnast foreldre som ikkje klarer oppgåva. Det finst også foreldre som aldri burde blitt foreldre. Barnevernet er kanskje den viktigaste institusjonen i Norge. Likevel er den stort sett alltid under angrep frå media og politikarar, etter at nokre einskildssaker endar galt. Desse er alvorlege nok, men det store biletet er likevel annleis. Barnevernet handsamer svært mange saker og ikkje minst hjelper mange, både barn og foreldre.

Mi erfaring er likevel at barnevernet har for innskrenka fullmakter til å gjera ein fullgod jobb, og at for få barn blir flytta bort frå foreldra sine. Flyttinga kjem også ofte for seint, slik at psykisk sjukdom ikkje er til å unngå. Mykje er øydelagt. Eit godt fungerande og utrusta barnevern er også ein god «vaksine» for dei barn og foreldre som treng dette.

Foreldrekurs?

Ulike kommunar og private aktørar tilbyr foreldrekurs i dag. Dette er sikkert vel og bra for dei som deltek. Barnevernet tilbyr også ulike kurs for foreldre med ulike behov.

Mi erfaring er at foreldre som deltek på frivillige kurs, allereie er medvitne foreldre som vil ha endå meir kunnskap. Ofte er det også dei same foreldra som er flinkast til å møta på foreldremøte i barnehage og skule. Om ein gjer kurs eller møte obligatoriske, vil uansett fleire ikkje møta, og om dei likevel møter under «tvang», er det svært usikkert om barna blir «vaksinerte» når foreldra er ferdige med kurset.

Eg trur ikkje dei fleste foreldre treng nye kurs, men det kan vera eit godt supplement til nokre. I staden bør alle foreldre gå i tenkeboksen jamleg å spør seg om dei gjer det beste for barnet sitt. Dette bør starta tidleg. For kva slags langtidseffekt kan det få når mor og far forlèt eittåringen gråtande i barnehagen klokka sju om morgonen? Og er det utrygge slutt sjølv om barnet resignerer og avsluttar gråten etter nokre dagar? (Sjå NOVA-rapporten Tid for trøst, kapittel 8.2.)

Les også

Mange vil kurses i å være gode foreldre

Les også

– Foreldre føler de aldri gjør nok for barna

Les også

Mor og far kjenner på presset

Les også

− Foreldre må ha ledertrøye


Les også

  1. Ingerid Bø: «Alle må med  –  ikke bare mor og far»

  2. ngerid Bø: «Familiepolitikk og «valgfriheten»: Kunnskap settes til side når barns beste og likestilling ses som motsetninger»

Publisert:
  1. Oppvekst
  2. Foreldre
  3. Barn og unge
  4. Barnehage
  5. Psykologi

Mest lest akkurat nå

  1. Ordfører om helseministerens bekymring: - Tror hun har misforstått noe

  2. Massetesting på skole etter koronautbrudd

  3. Skrinlegger «Mongoland 2»: - Den viktigste personen i filmen finnes ikke lenger

  4. Her skjer helgevolden i Stavanger sentrum

  5. Importkongens enorme lager er igjen sprengt etter eventyrlig vekst

  6. Uansett hvor han drar i verden bestiller kjøtt­hand­leren alltid denne retten