Noreg har råd til – og må – ta rolla som vegvisar i klimakampen

KRONIKK: Me er nøydde til å kutte i klimagassutsleppa. Og det finst gode alternativ som ikkje alltid er framme i debatten. Her kan Noreg gå føre som vegvisar. Det kan vise seg viktigare enn dei norske kutta i seg sjølv.

Publisert: Publisert:

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen tek feil – Noreg har ei rekkje verkemiddel me kan ta i bruk for å kutte i utsleppa for å nå klimamåla våre. Og me må utvikle nye. Foto: NTB scanpix

Debattinnlegg

  • Mikkjell Lønning
    Journalist
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Nyleg gjekk klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) ut og sa at me ikkje kjem til å nå klimamåla for 2020. Elvestuen meiner dei naudsynte kutta vil måtte føre til industridød – noko som neppe er korrekt. Det finst andre løysingar. Slik arroganse er frustrerande å vitne for oss i den yngre garde, for det er trass alt vår framtid politikarane gamblar med.

Regjeringa kviler på vår forventning om at desse måla ikkje går gjennom. For er det eigentleg nokon her som trudde at dei ville bli oppfylte? Er det nokon som ventar at me når måla for 2030? Eg trur ikkje det. Politikarane har ein tendens til å flytte ansvaret over på den neste som tar over i klimasaker, og me, folket, har forstått at det er slik det fungerer. Dette har me ikkje råd eller tid til lenger.

Les også

Klimaenighet etter maratonforhandlinger i Polen

Store pengar i å kutte

I haust har det vore skarpt fokus på klima i media. Spesialrapporten til FNs klimapanel (IPCC) melder at menneska må gjere endringar me aldri har sett maken til. Dei kallar det siste sjanse for å redde verda frå ein klimakatastrofe.

Etter spesialrapporten har Verdsbanken meldt at dei vil doble satsinga på klimatiltak. Bankfolket har gått over tala og ser at det er store pengar å tene på å kutte i utslepp. Det same meiner Verdens helseorganisasjon (WHO), som seier me vil kunne spare ufattelege summar på å investere i klima. Kvar krone investert vil gi to tilbake. Ein treng ikkje vere økonom for å skjøne at det er god forretning.

Det er ikkje til å kome unna at klimaendringane truleg vil føre til ei enorm flyktningkrise.

Alvorlege konsekvensar

Me blir bombarderte av dårlege nyhende på klimafronten for tida, og det er ikkje vanskeleg å forstå kvifor mange kjenner på apati. Men dette er ikkje tida for slikt. Utarming av matjord, døyande korallrev, drastiske reduksjonar i artsmangfald – dette er ikkje ting me kan skyve under teppet.

Det er heller ikkje til å kome unna at klimaendringane truleg vil føre til ei enorm flyktningkrise som vil få debattane me har no til å verke meiningslause i forhold. Seniordirektør i Verdsbanken, John Roome, åtvarar om at me bør vente over 130 millionar klimaflyktningar innan få tiår. Så kvar er den politiske viljen til å ta tak i dette?

Det er dyrt å kutte utslepp i Noreg. Ingen tvil. Vasskraft og CO₂-skatt gjer det kostbart med tradisjonelle kutt, men det er òg noko som har gjort at andre land har sett til Noreg. Her har me ei viktig rolle å spele. Det er godt mogleg at vårt arbeid med å kutte CO₂ her på berget ikkje vil ha så mykje verknad på det internasjonale CO₂-nivået, men det kan samstundes ha ein enorm verknad på haldningane til andre land. Noreg har alltid vore gode til å tråkke opp løypene. Me må berre finne løysingane for å få dei andre til å halde følgje.

Eit av dei mest effektive klimatiltaka er satsing på å utdanne kvinner, og familieplanlegging for å redusere overbefolkning.

Det finst gode verktøy

Elvestuen meiner dei ikkje har verktøya til å takle utsleppskutta, men samstundes gjer han og regjeringsfellene hans lite for å finne desse verktøya. Det trengs store investeringar i forsking. Me forstår at olje- og gassverksemd vanskeleg kan leggast ned over natta, men politikarane må vise vilje til å finne alternativ. Det må forskast, utgreiast.

For det finst mange lovande løysingar der ute. Det er berre for oss å opne augo – og lommeboka. I staden for å kaste vekk milliardar på skattekutt til dei som ikkje treng det, kan me heller løyve midlar til saker som kjem til å bli vitale for framtida til jorda.

Til dømes kan landbruksmetodar som regenerativt landbruk, agroskogbruk og biokol vere billege svar på problema me står ovanfor. Dette er òg noko som kan løftast nedanfrå, frå oss. Det er ting me kan gjere sjølve. Legg press på lokal- og regionalpolitikarane til å satse på slike metodar i park- og grøntområde. Dyrk på tak. Løyv monaleg fleire midlar til forsking på omstilling til fornybar energi. Sett i gang haldningskampanjar på forbruk, på bruk av raudt kjøt, på samferdsel. Me veit at kampanjar på resirkulering og trafikktryggleik har fungert. Gjer det same her.

Ikkje minst må bistandsløyvingane opp. Eit av dei mest effektive klimatiltaka er satsing på å utdanne kvinner, og familieplanlegging for å redusere overbefolkning. Dette kjem berre viss me maktar å gjere meir for å redusere fattigdom.

Nokon må vere den første til å bryte ut av grava som me grev for oss sjølv.

Rolla som vegvisar

I ei verd der globalisering viskar ut grensene, er det ikkje lengre rom for berre å tenke på seg sjølv. Klimaendringane er noko som kjem til å bite oss alle bak før eller seinare, sjølv om den tredje verda kjenner det først. Me har ikkje tid til å vente og flytte ansvaret over på neste generasjon. Det er no eller aldri – før det er for seint.

I skrivande stund har det blitt presentert nye utsleppstal, som viser at utsleppa i Europa berre er ned 0,7 prosent det siste året. Det er ikkje i nærleiken av å vere nok. Klimakrisa er kanskje det verste uttrykket for allmenningens tragedie i vår tid, og nokon må vere den første til å bryte ut av grava som me grev for oss sjølv. Det bør vere Noreg. Utviklingslanda argumenterer for at dei treng rom for å vekse, noko som vil føre til at utsleppa går i taket. Då må me vere motvekta. Me har råd til å ta tak. Råd til å vise vegen framover, til å skine eit lys på løysingar som kan redde verda.

Les også

Klaus Mohn: «Ka då – ittepå oljå? Kan veksten vare ved når oljeverksemda peikar ned?»

Les også

Hilde Øvrebekk: «Med klimatiltak kommer risiko»

Les også

Oljebransjen sier klart nei til høyere karbonpris

Les også

Magasin: «Ungdommens olje-nei»


Publisert:

Les også

  1. Eirik Magnus Fuglestad: «Meir kjøt og mjølk, pluss kraftige kutt i klimagass-utsleppa – går det?»

  2. Eirik Magnus Fuglestad: «Forvaltning av dyr og jord går ikkje ihop med den industrielle logikken»

  3. Kan landbruket være klimanøytralt?

  4. – Klimakrisen og Aftenbladet

  1. Global oppvarming
  2. CO2
  3. WHO
  4. FNs klimapanel
  5. Landbruk