Før denne Tom Cruise kjem til Preikestolen

DEBATT: Forsand kommune har gitt tillating til filminnspeling på/ved Preikestolen.

Forsand får PR. Det trengs i ein kommune som snart er «avskilta» og skal fjernstyrast frå Sandnes, meiner Arvid Jøssang. Foto: Tor Inge Jøssang

Debattinnlegg

  • Arvid Jøssang
    Jørpeland
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Dette skal skje i september, og det er denne Tom Cruise som snart er undervegs. At filmindustrien «over there» har fått auga opp for Preikestolen, er mest ubegripeleg.

Nye erfaringar

Stiftelsen for Preikestolområdet, v/Audun Rake, får seg her nokre nye erfaringar og Forsand får PR. Det trengs i ein kommune som snart er «avskilta» og skal fjernstyrast frå Sandnes.

Det Forsand får tilbake er tru, håp og forståelse, og det er jo flott det, men ikkje nok til å driva ferje. Det me ikkje veit noko om er kva diskusjonar som gjekk føre seg mellom filmselskap og kommunen før det blei enigheit. Denne Tom har kanskje avtalt møte med ordførar Bjarte Dagestad for å læra meir om Forsand, Lysefjorden og Preikestolområdet. Her er det mykje som kan forteljast. Ein skal heller ikkje sjå vekk ifrå at ordførar Stanley Wirak inviterer seg sjølv for å fortelja endå ein gong at "vi mener alvor med nye Sandnes", men eg trur denne Tom er meir oppteken av kvifor Preikestolen er blitt så kjend?

Naturleg innfallsport

For å finna svaret på det må han til Jørpeland og snakka med ordføraren i Strand, Irene Heng Lauvsnes. Viss ho kan avsjå tid, kan denne Tom få høyra korleis det heile starta. Om Stavanger Turistforening som satsa og fekk kjøpa gard og grunn rett etter krigen. Bygde så Preikestolhytta og la grunnlaget for dagens turisme med Jøssang som naturleg innfallsport.

Noko anna som har vore heilt avgjerande etter mi meining, er at området aldri blei nasjonalpark. Neste milepæl blir når Ryfast opnar!

Les også

  1. Stenger Preikestolen i ni dager for Tom Cruise

  2. 10–20.000 turister blir hindret av Tom Cruise

Publisert:

Tom Cruise på Preikestolen

  1. Tom Cruise kan returnere til Vestlandet

  2. «James Bond» får 47 millioner for å spille inn i Norge

  3. Ble presset av filmcrew til å doble antall klatretak på Preikestolen

  4. Rapport om filminnspillingen på Preikestolen: - Vi leide ut sjela i noen uker

  5. Håper å få vist «Mission Impossible» på Preikestolen

  6. Cruise-premiere på Preikestolen?

  1. Tom Cruise på Preikestolen
  2. Debatt
  3. Forsand
  4. Tom Cruise
  5. Preikestolhytta