Utdanning er ein menneskerett – bli bøsseberar!

DEBATT: Årets tv-aksjon skal gi skulegang og håp til barn i Colombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudan.

Utdanning er ein føresetnad for økonomisk, sosial og kulturell utvikling, skriv Anne Kristin Bruns. Foto: Fredrik Refvem

Debattinnlegg

  • Anne Kristin Bruns
    Anne Kristin Bruns
    Nestleiar i KrF Kvinner, Oppvekststyret KrF
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Eg står spent ute på tunet mitt heime på garden på Sunnmøre. Finaste stasen, flottaste musehalar med sløyfe, nyaste ryggsekken og ein blankpussa sykkel som eg skal sykle på den tre km lange skulevegen.

Det er mange år sidan. Eg har gått mange år på skule, teke høgare utdanning og fått meg jobb. Som for mange av oss, har det vore både gode og mindre gode opplevingar på skulen, men det har aldri vore eit spørsmål om eg skulle på skule eller ikkje. Det gjer alle barn i dette landet; det er både ein rett og ei plikt.

Ikkje sjølvsagt

Men skulegang og utdanning er ikkje like sjølvsagt overalt. Derfor er eg særleg oppteken av årets tv-aksjon på NRK, som går til Unicef sitt arbeid for å gje utdanning til barn ramma av krig og konflikt.

Som oppvekstpolitikar i Stavanger og nestleiar i KrF Kvinner er utdanning og jenter særleg viktig for meg. Utdanning er ein menneskerett og ein føresetnad for økonomisk, sosial og kulturell utvikling. Kvinner kjem dårlegast ut når det gjeld utdanning og det å delta i politisk arbeid. Det er gjennom kunnskap at utviklingslanda kan løfte seg ut av fattigdomen. To tredelar av verdas analfabetar er kvinner. Unicef vil gje alle lik rett til utdanning, uansett kjønn.

Då er det graverande at eitt av fem barn i krigs- og konfliktområde i dag står utan skulegang. Når barn i krig og konflikt ikkje får utdanning, står eit heilt lands framtid på spel. Årets tv-aksjon skal gi skulegang og håp til barn i Colombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudan. Unicef jobbe hardt og målretta for at barn ikkje skal få øydelagt framtida på grunn av vaksne sine krigar og konfliktar. Vi har høyrt mange historier frå flyktningfamiliar som har kome seg ut av krigen, kor mykje borna går glipp av når det gjeld skulegang. Barn vil lære. Eg var så heldig og fekk vere med som frivillig på skulen på Forus Akuttmottak. For ein entusiasme og lærevilligheit!

Vi treng alle

Vi treng å stå saman og delta under aksjonen på ulike måtar. Hjå oss har det alltid vore naturleg å ta med borna for å vere bøssebærer. Eg fekk dette inn med teskei av mine foreldre, å delta i det frivillige arbeidet i bygda og vere med når det er tv-aksjon. Som bydelspolitikar har eg også ansvaret for å organisere og legge til rette for at alle hus i bydelen får besøk. Vi treng alle der du bur, og her er oppfordringa gjeven: Bli bøsseberar i år!

Les også

  1. TV-aksjonen trenger flere bøssebærere

Publisert:
  1. Debatt
  2. Unicef
  3. Anne Kristin Bruns
  4. Krig

Mest lest akkurat nå

  1. Soppen vokste ut av huset, og sam­boeren sa stopp. Men det var bare begynnelsen

  2. Naudetatane har 14 i karantene etter Skurve-ulukka: – Burde fått tilbod om vaksine

  3. Jakob Ingebrigtsen er forlovet

  4. Slukket brann­tilløp ved Viking­hallen

  5. Familiefaren kaller seg Better Bound: – Frihet for meg er å bli bundet fast

  6. FHI har aldri sett noen lignende: En overraskende effekt av om­fattende smitte­vern­tiltak