Raud-grøn veljarbølgje gav kilevink til Høgre

«Ap kan ikkje lenger diktera politikken, dei må styra på grunnlag av det ein brei og skfitande raud-grøn allianse blir einig om», skriv Leiv Olsen. Her den raud-grøne alliansen i Stavanger med frå venstre Frode Myrhol (FNB), Dagny Sunnanå Hausken (Sp), Kari Nessa Nordtun (Ap), Mímir Kristjánsson (Rødt), Daria Maria Johnsen (MDG) og Eirik Faret Sakariassen (SV).

DEBATT: Årets val blei ein kilevink til Høgre. I Rogaland sit dei att med bare to ordførarar, i Time og i Strand, dei har blitt partiet ingen vil samarbeida med.

Debattinnlegg

  • Leiv Olsen
    Raudt, Rogaland
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Situasjonen er mykje den same mange stader i landet. Ingen store byar er no Høgre-styrte. Arbeidarpartiet gjekk mest tilbake i stemmer, men får likevel fleire ordførarar.

I Rogaland får Ap 11 ordførarar, fylkesordføraren medrekna, flest av alle, men ordførarane deira sit ved makta ved hjelp av dei raud-grøne samarbeidspartia. Senterpartiet blei valets fremste vinnar, og får åtte ordførarar. Men då dei i Trøndelag ville samarbeida med blå side i fylkestinget, blei dei isolerte og måtte venda tilbake til den raud-grøne flokken. Då fekk dei varaordføraren mens fylkesordførarvervet gjekk til Ap. Der Senterpartiet ikkje vil vera med på den raud-grøne bølgja, set dei seg sjølv utanfor.

Korfor vil ingen samarbeida med Høgre?

Marknadsstyring, sentralisering og privatisering

Korleis skal me forklara at Høgre blei den store taparen endå Ap tapte flest stemmer? Korfor vil ingen samarbeida med Høgre? Forklaringane er ulike frå kommune til kommune, men når tendensen er så klar på landsbasis, må me finna ei overordna forklaring på nasjonalt nivå. Høgre har vore pådrivaren for ei kraftig samfunnsomveltning, der stikkorda er marknadsstyring, sentralisering og privatisering. Denne politikken vil ikkje veljarane ha. Enkelte stader har nok Høgre også vore oppfatta som maktarrogant. Mykje av kritikken rammar også Arbeidarpartiet, og forklarar veljarflukten frå dei, men når ein skal samla styringsdyktige alternativ til Høgre, kjem ein oftast ikkje utanom Ap. Men Ap kan ikkje lenger diktera politikken, dei må styra på grunnlag av det ein brei og skiftande raud-grøn allianse blir einig om. Viss desse nye alliansane ikkje leverer det dei raud-grøne veljarane forventar, vil veljarane straffa både Ap og oss andre ved neste høve.

Trulause veljarar

Kva forventar dei raud-grøne veljarane? Det er noko uklart, framgangen fordelte seg på fleire og ulike parti — Senterpartiet, Raudt, SV, MDG, FNB. Klarar desse partia, i samarbeid med Ap, å utvikla ein politikk som tar makta tilbake frå marknaden, gjenreiser velferdsstaten, får nytt liv i bygdenorge og utformer ein miljøpolitikk som er sosialt rettferdig, vil me få ytterlegare framgang ved neste val. Viss ikkje, vil me raskt oppleva kor trulause veljarar kan vera. Me får bare den tilliten me fortener.

Publisert:
  1. Debatt
  2. Politikk

Mest lest akkurat nå

  1. Politibil under ut­ryk­ning kolliderte med Porsche i Hille­våg

  2. Flere blir lagt inn på sykehus. Er vi på vei inn i neste korona­bølge?

  3. Sandnes-kvinne får million­erstatning etter feil­behandling på SUS

  4. Leah Isadora Behn stakk av med influencer-pris

  5. Så vakkert, så vakkert

  6. Den tidligere fotball­proffen kjører ti timer for å se datteren spille for Sand­viken