Bilen i motbakke

KRONIKK: I det offentlege rommet kan vi i dag høyre bilen omtala som om det handla om eit lurvete, utriveleg skadedyr.

Publisert: Publisert:

Foto: NTB scanpix

Debattinnlegg

  • Andreas Skartveit
    Skribent, tidlegare forslagssjef

Bilen er ein nykomar i historia. I 1886 sette den tyske ingeniøren Gottlieb Daimler ein forbrenningsmotor på ei firehjuls vogn.

Og bilen hadde trilla inn i historia, som han sidan kom til å setje sitt preg på.

Automobilen kunne, som namnet sa, flytte seg sjølv. Det gav mennesket ein rørslefridom, ein mobilitet, som ingen før hadde sett maken til.

Og han vart tatt godt imot der han rulla over verda. Han vart kanskje det fremste symbolet på den velstanden industriutviklinga skapte.

Alle var ikkje glade. På svensk heiter støytfangaren framleis «kofångare».

Store industrikonsern, verda over, skapte bilar for ein veksande marknad. Og det gjekk fort. I min barndom hadde vi tre personbilar på Finnøy: Dei to drosjane og doktorbilen. Ein mannsalder seinare var bilen blitt eit kjært og nødvendig familiemedlem i svært mange familiar, av og til kanskje det kjæraste. Søndagsturen i grannelaget, med fleire generasjonar i baksetet, var blitt ein del av helga. Ungdomane drøymde om eigen bil.

Og samfunnet tilpassa seg bilen. Bilferjene dukka opp og gav øyfolket tilgang til alle vegnett. Små verkstader lærte seg bil og vart større. Oljeselskapa såg til at det var drivstoff å få kjøpt. Og forsikringsselskapa fann ein fruktbar marknad. Vegbygging sto høgt på alle politiske program.

Bilen vart ein suksess utan sidestykke, eit populært innslag i helg og kvardag.

Og han var utan synlege fiendar. Han hadde berre vener som la til rette for han så godt dei var i stand til.

No seier all økologisk kunnskap at skapningar utan naturlege fiendar lever farleg. Dei formeirar seg grenselaust og blir ei plage for alle andre, før dei til slutt blir det for seg sjølv.

Og så dukkar omsider fiendane opp. Kaninane som vart sleppte lause i Australia, hadde ingen naturlege fiendar. Dei formeira seg slik at dei vart eit politisk problem. I dag blir det organisert jakt på dei for å skyte bestanden ned. Det er ikkje så moro å vere kanin i Australia som det eingong var. Dei vart for mange.

Siste par tiåra har det blanda seg inn disharmoniske tonar i den hundreårsgamle jubelsongen for bilen. Skeptikarar og kritikarar har meldt seg med tvil og det som verre er mot dette industrialismens velstandsikon. Lovsongen er ikkje unison lenger.

Ein ting er eksosen, avgassen, forbrenningsresten. I store byar som Beijing er lufta rett og slett farleg. Munnbind er nødvendig. Lufta i store metropolar er til tider helsefarleg. Til og med i Bergen og Oslo er det menneske som har store pusteproblem på dei dagane vinden let eksosen bli liggjande over byen.

Og så er det mengda, talet på bilar, mylderet rundt oss i byane våre. Trafikken i større byar er ein kvelande maredraum med vandrande trafikkorkar, eit levande dysfunksjonelt kaos. Utrykkingsbilar, politi-, lege- og brannbilar kjem ikkje fram. Politiet i Paris tek metroen når dei skal rykkje ut. Då kjem dei i alle fall fram.

Våre etablerte bysenter, med gater og hus, var forma då bilen rulla inn i historia. Dei var tilpassa menneska som budde der. Og nokre hestar. Det var godt om plass.

Så kom bilen og fylte gatene. Han forandra heile miljøet. Kaos kom.

No er bysentera i ferd med å forsvare seg. Gjennom folkevalde styringsorgan blir livet gjort surt for bilen. Gater blir stengde. Parkeringsplassar blir borte. Det blir mindre plass for bilen å boltre seg på. I tillegg må bilen betale for seg, for kvar einaste tur. Tankar om bilfrie senter grip om seg.

Ikonet falmar. I det offentlege rommet kan vi i dag høyre bilen omtala som om det handla om eit lurvete, utriveleg skadedyr.

Bilens fiendar dukkar opp og organiserer seg. Politiske parti som vil plage bilen er i vokster rundt oss på alle kantar.

Bilen er kravstor når det gjeld infrastruktur: vegar, bruer, tunnelar. Så langt har dei fleste politiske parti sett det som ei hovudoppgåve å skaffe bilen gode og rette vegar. Kongar og statsrådar klipper snorer. Ordførarar jublar. Milliardane rullar.

No har tvilen, dette negative og destruktive kreket, meldt seg her også. Er det klok framtidsplanlegging å støype milliardar ned i betong og asfalt, å satse så bastant på at bilen skal forme framtida slik han har forma fortida?

Denne tvilen er ung og aggressiv. Historia viser at tvilen, når han har vakna, er ein farleg fant. Gjennom hundreåra har han sendt mange vel etablerte sanningar på skraphaugen.

Bilen gav menneska ein fridom som var ny i historia, ei rik kjelde til opplevingar og glede for dei fleste.

Som kvittering for denne fridommen tok han seg makt til, langt på veg, å forme samfunna våre. No ser storsamfunna våre ut til å vere i ferd med å oppdage kva bilen har nytta denne makta til. Og dei likar ikkje alt det dei ser. Delar av denne makta må vinnast tilbake.

Då er vi i politikken. Bilen ser ut til å ha rulla rett inn i eit politisk uvêr. Der er det farleg å vere.

Ein gong hadde bilen berre vener i politikken. Det har han ikkje lenger.

Den flate, asfalterte landevegen ser ut til å ha gått over til å bli ein motbakke med aukande stigning.

Det kan bli slitsamt, med mykje giring.

Så lenge det hjelper.


  • Andreas Skartveit (81), opphavleg frå Finnøy, har bakgrunn som programmedarbeidar i NRK (1962–72), forlagssjef i Det Norske Samlaget (1972–78), redaktør av Syn og Segn (1972–78), administrerande direktør i Gyldendal Norsk Forlag (1980–90), formann i Den norske Forleggerforening (1984–87) og fjernsynsdirektør i NRK (1991–93). Red.mrk.

Les også

Hilde Øvrebekk: «Da bompenger ble det viktigste i Norge»

Les også

Trond Birkedal: «Stemmer du, så stem blått!»

Les også

Natasja Askelund: «’Eldreomsorgen’, sier de – men få snakker om død og sorg, smerte og angst, anger og lengsel, bæsj og spy, – ingen tør nevne puss og blod»


Publisert:

Les også

  1. Andreas Skartveit: «Toleransens vilkår i urolege tider»

  1. Kommunevalg 2019
  2. Bompenger
  3. Folkeaksjonen Nei til mer Bompenger (FNB)
  4. Bil
  5. Historie