Lat oss alle feire dagen, fulle av takksemd – i håp om at lysare dagar også for andre folkeslag

DEBATT: «Måtte vi aldri gløyme at fridomen ikkje er gratis», er det sagt.

Publisert: Publisert:

«Alle er ikkje like heldige som meg og dei fleste av oss. Det er framleis fleire barn rundt om i verda som ikkje har ly eller beskyttande armar rundt seg», skriv Jeswanthiny Pushparajah. For ho er 17. mai ein verkeleg stor dag. Foto: Terje Pedersen, NTB scanpix

Debattinnlegg

  • Jeswanthiny Pushparajah
    Lege i spesialisering, Stavanger universitetssjukehus

Fridom – eg let ordet summe i tankane mine. Kor heldige er ikkje vi som får oppleve eit land prega av fargar, eit samfunn som legg til rette for å puste utan redslar eller store bekymringar? Der barn veks opp med latter teikna på andleta, fridom til å velje mellom eit hav av moglegheiter og til å leve utan sperrer eller avgrensingar, til å spire i si fulle prakt.

Noreg fekk si grunnlov vedteken 17. mai 1814. Dagen feirar vi, både små og store. Med iskrem rundt munnvikene, det norske flagget i hendene, bunaden dansande i vinden og millionar av varme hjarte. Ja, dette er verkeleg ein praktfull dag, full av så mykje vakkert.

Les også

17. mai-feiringen 2020 er i gang!

Ikkje sjølvsagt for alle

Eg kan hugse tilbake til grufulle forteljingar eg fekk høyre som yngre. Det å vekse opp i eit land herja av krig, ikkje å kunne smake på kva fridomen har å tilby og stadig vere på vakt med sitt liv styrt utanfrå, av andre … Ja, for det var slik mine foreldre vaks opp.

Ein seier at fridom ikkje er noko ein får gratis. Det må ofte harde tider til, sveitte av blod og tårer, og traume. Traume som ofte blir verande over lengre tid. Å førestille meg korleis mine foreldre må ha hatt det, er utenkjeleg for meg.

Men det er ikkje vanskeleg å sjå at gleda som stråler gjennom dei på 17. mai, også ber eit preg av lengt. Lengt etter å få kunne feire ein liknande dag i heimlandet deira, som dei framleis ber nære hjarta sine.

Les også

Del dine 17. mai-bilder og se direktestrømmer fra nasjonaldagen

Vår glede – andre sitt håp

Det er ikkje ei overdriving å seie at denne dagen er ein av mine varmaste dagar i året. Så heldig som eg har vore å kunne bli født og vekse opp i eit så vakkert land som Noreg. Vi har hatt våre tøffe tider i familien min, med mykje tap og ofring, vår del av traume og sår, som gradvis er lækte. Alle er ikkje like heldige som meg og dei fleste av oss. Det er framleis fleire barn rundt om i verda som ikkje har ly eller beskyttande armar rundt seg.

Smaken av fridom er kanskje det mest etterlengta og etterspurde ønsket i verda. Og håpet gjev, trass alt, eit håp. Ja, og håp er kanskje det som driv oss alle, både i stort og smått.

Så lat oss feire denne dagen, fulle av takksemd – i håp om at lysare dagar også vil kome for det vesle barnet utan tak over hovudet, eller den fortvila mora på leiting etter sin sakna son.

Publisert:
  1. VIDEO: Se lesernes egne 17. mai-øyeblikk

  2. Mektig da småbåtene samlet seg om annerledes feiring: - Jeg hadde tårer i øynene

  3. I «verdens beste gate» var det full feiring

  4. Her ruller Norges kanskje lengste 17. mai-tog over Jæren

  5. Nasjonalromantikk på Ragnhildnuten

  6. Ungene i gata klarte å skape stor stemning på Sola

  1. 17. mai 2020
  2. 17. mai