Historielause namnebruk i Stavanger

DEBATT: Egil Rugland (21. januar) og Gunnar Skadberg (25. januar) har hatt innlegg i Aftenbladet om feil bruk av namn i Stavanger.

– Me mange gode namn rundt om i bygda, men for kommunen er ikkje dette «godt nok», der har de meldt inn «Indre Tasta», kor nå det måtte vera, til Kartverket, skriv Ivar Andersen.
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

«Fine» namn får ein mykje større utstrekning enn det området hadde frå gammalt, gjerne initiert av byggefirma og eigedomsmeklarar, men kommuneadministrasjonen har og eit altfor lettvint forhold til namn og namnebruk.

Namn er identitet, det gjeld både for folk og stader, dette gjeld og skrivemåtar.
På Tasta har med fire gardar, Øvre- og Nedre Tasta, Høye og Finnestad. Før me fekk «ytre ringveg vest», hadde me Randabergveien. Når me kom til Gjerdeveien, stod det skilt med pil til Dusavik, og på toppen Øvre Tasta. Vidare der Eskelandsveien tar av stod det og pil til Dusavik, med Nedre Tasta på toppen.

Lenger ute, på Høie, der Høyebakken tar av, stod det og skilt, med Høie på toppen, og pil til Grødem. Der Høyebakken flata ut er det nytt kryss, og der stod det skilt med pil til Dusavik, og med Finnestad på toppen.

Ikkje godt nok

Elles har me mange gode namn rundt om i bygda, men for kommunen er ikkje dette «godt nok», der har de meldt inn «Indre Tasta», kor nå det måtte vera, til Kartverket. Planen er og å melda inn «Ytre Tasta», men eg har sagt de må la ver.
Om bruken av indre og ytre begynte når me fekk to valkretsar på Tasta veit eg ikkje, men det kan jo lett ordnast med Tasta, og Dusavik på den andre. Forslag er sendt inn, men det ende opp i intern e-post kommunikasjon i kommunen.

Spørsmålet mitt blir då om me nå og skal få indre- og ytre Vaulen, indre- og ytre Tjensvold, indre- og ytre Stokka, der me har som for Tasta øvre og nedre frå før?
Og om det er avstanden frå kommunesenteret som skal styra dette, så får me vel snart indre- og ytre Rennesøy, indre- og ytre Madla, ja kva bydel som helst?

Endra galne namn er og mest uråd, og spør ein etter grunnlag og vedtak for dette, så får ein ikkje vita noko. Dette er og bekrefta frå dei som bidrog til sentrumshistoria i fira band for nokre år sidan.

På austsida av Veden, ned mot Flåtå i Kalhammaren, hette det Brattå. Men når her kom hus, så blei adressa Norheimskneiken. Eg spør igjen, kvifor? Dette som eit av mange eksempel der ein heilt ser vekk ifrå dei gamle og rette namna på stadane.

Publisert: