NVE bør ikkje kimsa av småkraft, det uutnytta potensialet er enormt

DEBATT: Norge treng eit NVE som tek det grøne skifte på alvor, og lyttar til politikarane sitt ønskje om meir fornybar kraft. Eg meiner at NVE ikkje er heilt der i dag.

Småkraftforeininga har funne ut at me har eit potensial frå småkraftverk på ca. 17 TWh, noko som kan gi straum nok til 850 000 husstandar. Bildet viser Sagåna kraftverk i Hjelmeland.

Debattinnlegg

  • Lars Emil Berge
    Styreleiar i Småkraftforeninga
Publisert: Publisert:

Me lever i ei tid då me skal gå meir og meir over til fornybar energi, og etterspurnaden etter denne energien er sterkt aukande. EU sin klimapakke «Klar for 55» skal gjera at ein når målet om å redusera klimagassane med 55 % frå 1990 til 2030. Denne klimapakka får stor innverknad på landet vårt. EU skal også bli klimanøytrale innan 2050. Norge er ikkje unntatt frå målsettinga, og regjeringa har store ambisjonar om å auka produksjonen av fornybar energi fram mot 2030, og med det redusere bruken av fossil energi. For å klara å nå desse måla må alle bidra som best dei kan.

Stort uutnytta potensial

Småkraftforeininga har funne ut at me har eit potensial frå småkraftverk på ca. 17 TWh, noko som kan gi straum nok til 850 000 husstandar. Om halvparten vert realisert, vil småkraftverk gi eit veldig verdifullt bidrag i auka fornybar energiproduksjon i dei næraste åra. Dette er lågthengande frukt som er lett å realisera om ein får løyve til å byggja ut desse vassdraga.

Småkraftforeininga har i lang tid hatt kontakt med ulike miljø for å syna kor viktig det vil vera at det vert lagt til rette for meir småkraftproduksjon i tida framover, fordi det er denne produksjonen som raskast lar seg realisera. Gleda var difor stor då Energi- og miljøkomiteen nyleg valde å be Stortinget om å få regjeringa til å vurdera tiltak for å få fortgang i konsesjonsbehandlinga av småkraftverk.

Men NVE fekk oss fort ned på jorda igjen då dei like etter kom med si prioriteringsliste. Småkraft skulle ikkje prioriterast framover. Tru det eller ei. Eg er samd med NVE-direktør Kjetil Lund i at det er viktig å få meir effekt inn i systemet, og her vil sjølvsagt regulerkrafta spela ei veldig viktig rolle, men også småkraft bidreg med mykje kraft inn i systemet.

Ja takk, begge delar!

Eg meiner at om me skal klara å nå målsettinga vår, kan me ikkje ha haldninga -enten eller, som NVE. Her må me setja alle klutar til og sei -både og. Me treng enormt mange fleire kilowattimar. Prioriteringslista til NVE vil den faktisk føra til færre kilowattimar fordi det også ligg inne miljørevisjonar av gamle storkraftverk. Noko som er viktig nok, men det gir ikkje fleire kilowattimar, tvert imot. Om NVE slit med kapasiteten, må dei få pengar nok slik at dei kan ta unna alle konsesjonssaker som kjem framover.

Kanskje kunne kommunane ta på seg ei endå større rolle av utbyggingar av mikro- og minikraftverk, for å ta unna køen som er venta. Berre om nokon får alle som jobbar for fornybar energi til å gå i takt, vil me klara å redusera utslepp av klimagassar. Me treng ikkje eit NVE som opptrer som ein stat i staten og overser fleirtalet i Stortinget sin vilje.

Publisert:
  1. Debatt
  2. EU
  3. Hjelmeland
  4. NVE
  5. Stortinget

Mest lest akkurat nå

  1. I ett europeisk land er det dyrere å feriere enn i Norge

  2. Kjørte i 94 km/t i 60-sonen - mistet førerkortet

  3. Klart for fjerde koronavaksinedose i Stavanger

  4. Het kokkekonkurranse på siste dag av gladmatens comeback-år

  5. «Klart det er mulig å dusje på natten»

  6. – Hvalrossen Freya er nok på vei mot Rogaland nå