Både fagperson og lærar

DEBATT: Mikkel Wigestrand skriv i ein kronikk i Aftenbladet (22.09) at han har undra seg «over kvifor lærarutdanningane skal vera femårige» og at han «stussar på kor smale lærarutdanningane er blitt».

«Framtidas gode lærar skapar seg sjølv gjennom fordjuping og konsentrasjon i didaktiske og faglege fellesskap», skriv Lars Rune Waage og Birgitte Tysdal.
  • Lars Rune Waage
    Instituttleiar, Institutt for grunnskolelærarutdanning idrett og spesialpedagogikk
  • Birgitte Tysdal
    Kontorsjef, Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over ett år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Som lærarutdannarar ved Universitetet i Stavanger føler vi oss kalla til å svare. La oss ta det siste først: Dei dagane då lærarar skulle kunne mest mogleg om alt mogleg er nok forbi. Det er lenge sidan vi hadde ei allmennlærarutdanning der det kom ut breiddespesialistar.

Krava til lærarane har endra seg – ein skal kunne pedagogikk, vere sterk i faga og handtere utfordrande elevar og foreldre på strak arm. Krav til kva som er ein god lærar, opplever vi som skjerpa. Dermed er det ikkje lenger tenkjeleg med ei utdanning som gir meir breidde enn den ein har i dag.

Djupnelæring kan gi oss konsentrasjon i ei tid prega av rask forandring.

Blitt «djupare»

Skal ein kunne gå i djupna – jamfør omgrepet djupnelæring – så må ein ta nokre val. Så om lærarutdanningane har blitt «smalare» så er det også ein god sjanse for at dei også har blitt «djupare». Det meiner vi er ein god ting. Det er nå nokre færre mål for læringa – slik at det kan bli meir rom for refleksjon og det å sjå samanhengar mellom tema. Djupnelæring kan gi oss konsentrasjon i ei tid prega av rask forandring.

Dette har også støtte i nye læreplanar. Lærarstudentane må ha kunnskapar, dei må ha studert faga dei underviser i – og dei må kunne dei grundig. Slikt tek tid – og gjer noko med lengda på studiet – og bringar oss til Wigestrands andre innvending om at fem år er for mykje. Det korte svaret på dette er at den femårige utdanninga har Stortinget bestemt. Den meir djuptloddande forklaringa er at samfunnet er tent med at lærarstudentane får høve til å fordjupe seg i faglege og didaktiske spørsmål i rommet mellom eiga lærarutdanning, praksis og skolefag.

Ganske trist

Eit krav til masteroppgåva er at den skal vere praksisrelevant, så når Wigestrand har «stura åleine med ei totalt irrelevant masteroppgåve», så skal vi innrømme at dette er ganske trist, men heller ikkje noko vi kan identifisere oss med. Vårt inntrykk er dei fleste studentane lærer ein heil del i arbeidet med masteren sin: Dei får ein rettleiar dei vil ha mykje kontakt med, og dei får sjansen til å fordjupe seg i ei problemstilling dei sjølv har vore med å skape.

Alt dette må til for å bli ein god lærar og ein god fagperson. Her er må ein ikkje velje det eine eller det andre. Framtidas gode lærar skapar seg sjølv gjennom fordjuping og konsentrasjon i didaktiske og faglege fellesskap. Morgondagens praksis blir skapt i slike fellesskap – til nytte for både elevar, samfunn og lærarar.

Publisert: