Viktig at uheldige politiske vedtak blir analysert og forstått

DEBATT: «Skal kraftbransjen styre energipolitikken», spør Hogne Hognset i Aftenbladet 5. oktober. Han har ein oppfatning av kva som har ført oss til dagens tilstand som treng til korrigering.

«Gjennom fleire generasjonar har vi analysert behovet for energi langt framover. Det må inngå i analysar og vurderingar av heile samfunnet», skriver Njål Kolbeinstveit.

Debattinnlegg

  • Njål Kolbeinstveit
    Njål Kolbeinstveit
    Sosialøkonom, Stavanger
Publisert: Publisert:

Energiloven frå 1990 tente oss godt i mange år, og løyste problemet med lite effektiv utnytting av landet sitt arvesølv, vasskrafta. Marknaden førde til meir effektivt samarbeid mellom dei ulike energiverka i landet, og prisfall. Altautbygginga som skapte ein vond strid mellom samefolket og det norske storsamfunnet, ville sannsynlegvis ikkje vore nødvendig om vi hadde fått energilova tidlegare.

Rota det til

Omsynet til naturen gjorde det nødvendig å visa større omtanke, og ikkje bygga ut fleire kraftverk enn nødvendig. Lova skulle ikkje avskaffa politisk styring, men gjera den meir effektiv. Lova tente formålet, inntil politikarar som ikkje lytta til fagkunnskap rota det til. Jens Stoltenberg fortel oss i klartekst om korleis det skjedde.

Grøne sertifikat – støtte til småkraftverk, blant anna vindmøller – kom inn i den politiske plattforma som vart vedteken av Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV på Soria Moria i 2005. Stoltenberg skriv at han likevel trudde han skulle greia å stoppa dette tiltaket. Om presentasjonen av dette skriv han følgjande: «Men jeg lot være å legge til at det var et subsidiesluk, der urørt natur ble ødelagt av ulønnsom kraftutbygging.»

Han siterer i boka si utbrotet sitt i regjeringskonferanse 2. februar 2006: «Jeg har ingenting mot tyskere, men jeg begriper ikke hvorfor vi skal bygge ut dyr strøm i Norge for så å selge den billig til tyske kraftselskaper. Fossekraften vår bør ikke sløses bort på milliardoverføringer til europeiske strømkunder.»

Langt fleire bør skaffa seg langsiktige avtaler med avtalt pris.

Alvorleg nasestyvar

Miljørørsler – og industrien – kjempa hardt for dei grøne sertifikata. Då grøne sertifikat vart innført i 2012, hadde energiloven tent oss godt i over 20 år. Så kom vindmøllene. Bønder som hadde gjort investeringar i småkraftverk for å ha ei attåtnæring til gardsbruk i Utkant-Noreg, fekk ein uventa, alvorleg nasestyvar frå sterkt reduserte straumprisar. Mange av bøndene fekk så store økonomiske problem at dei miste verket sitt. Også dei store straumprodusentane fekk sterkt reduserte prisar. To år etter innføring av grøne sertifikat – i 2014 – gav olje og energidepartementet Statnett konsesjon for to kablar til utlandet. Ein til Tyskland, og ein frå Suldal til England. Skulle salet av kraft til Tyskland som Stoltenberg kjempa mot, få ein transportveg, måtte kablar til. At same kablane då også var ønskja av energiverk – ått av kommunar – er lett å forstå. Sterkt reduserte prisar stoppa utvidingar.

Ikkje energiloven av 1990, men politiske inngrep i dei prinsipp energiloven bygger på, – vedtak om grøne sertifikat – har vore med å skapt større prisbølgjer, og framskynda fleire kablar enn det som kanskje er nødvendig for trygg kraftlevering i tørre år. Små tuer kan velta store lass. Langt fleire bør skaffa seg langsiktige avtaler med avtalt pris.

Viktig for demokrati og velferd

Det er viktig både for demokratiet og for velferda vår at uheldige politiske vedtak blir analysert og forstått. Den kjende samfunnsforskaren Rune Slagstad har i verket sitt «De nasjonale strateger» brukt omgrepet «kjappfot-politikarar».

Gjennom fleire generasjonar har vi analysert behovet for energi langt framover. Det må inngå i analysar og vurderingar av heile samfunnet. Kring 1970 laga professor ved den tekniske høgskulen i Trondheim, Vidkun Hveding, ein grundig analyse som viste behov og særtrekk ved vasskraftproduksjon. Han vart toppsjef for NVE.

Ulla Førre vart i den fasen planlagt som ein tenleg samarbeidspart for atomkraft. Nå høver det også for vindkraft. I perioden etter 1970 har vi redusert talet på industriarbeidsplassar med 40 prosent fordi velstandsauken har gjort krav på langt større arbeidskraft i andre sektorar. Den utviklinga vil mest sannsynleg halda fram. Kravet om meir infrastruktur (sjukehus, vegar osb.,) er stadig større enn arbeidskrafta vår gir rom for.

Les også

  1. – Skal kraft­bransjen styre energi­politikken?

Publisert:
  1. Debatt
  2. Energipolitikk
  3. Vindkraft
  4. Atomkraft
  5. Jens Stoltenberg

Mest lest akkurat nå

  1. Mandag morgen går strømprisen til værs

  2. Seks timer i buss som belønning for «tåblæser-seier»: – Nå dropper vi søvnen

  3. – Utfallet har blitt som det har blitt. Familien har hatt, og har, det tøft.

  4. Nå er det nesten umulig å få tak i ved i Stavanger og Sandnes

  5. Viking-børsen: «Fansen herjet på tribunen, får 10 på børsen»

  6. – Vi skulle helst vunnet med et par mål til