Vi treng reglar om tvang i skulen!

KRONIKK: Den nye opplæringslova må ha reglar for bruk av tvang mot elevar.

I dag finst det ikkje reglar for bruk av tvang i skulen. Samtidig er ulovleg tvangsbruk eit omfattande problem, spesielt overfor dei mest sårbare elevane, konstaterer Sølvi Ona Gjul, tidlegare utdanningsdirektør i Rogaland.

Debattinnlegg

  • Sølvi Ona Gjul
    Sølvi Ona Gjul
    Rennesøy
Publisert: Publisert:

Eit forslag til ny opplæringslov er på høyring. For å få slutt på ulovleg bruk av tvang og makt overfor dei mest sårbare elevane, må den nye lova ha eigne reglar om bruk av tvang og makt. Utan regulering vil det vere svært vanskeleg å sikre forsvarleg kompetanse i skulen om dette.

Ingen heimel for tvang i dag

Forslaget til ny opplæringslov er solid og godt førebudd. Eit eige lovutval leverte utgreiinga si (NOU 2019: 23) i desember 2019, utgreiinga vart send på høyring med frist i juli 2020, og det kom inn over 700 høyringssvar. No har Kunnskapsdepartementet vurdert alt og lagt fram forslag til ny opplæringslov. Høyringsfristen er 20. desember, og høyringa er open – alle kan kome med synspunkt! Du finn både høyringsbrev og forslaget her: Høyring Forslag til ny opplæringslov og endringar i friskolelova – regjeringen.no.

I kapittel 31 (side 340) i forslaget drøftar departementet om den nye opplæringslova bør ha reglar for når tilsette i skulen kan gripe inn fysisk mot elevar. I gjeldande opplæringslov er det ikkje heimel for bruk av tvang og makt overfor elevane. Dette vart tydeleg understreka i debatten i Stortinget då opplæringslova vart behandla 9. juni 1998, og også då stortingsmeldinga om kapittel 6 A i lov om sosiale tenester vart behandla to dagar seinare, 11. juni 1998.

Kapittel 6 A handla om rettstryggleiken ved bruk av tvang overfor enkelte personar med psykisk utviklingshemming, og det hadde vore stor debatt om dei reglane som vart vedtekne mellombels i 1996, så stor usemje at Stortinget hadde bede om ei eiga stortingsmelding [St.meld. nr. 26 (1997–1998)]. Mange meinte at det ville vere i strid med menneskerettane å ha reglar om bruk av tvang i det heile.

Etter mitt syn hadde Olav Gunnar Ballo frå SV eit viktig argument: Skal vi late som om det ikke brukes tvang, eller skal vi sette grenser og gi retningslinjer for bruk av tvang, og som lovmakere være med og ta ansvaret for hvilke grenser for tvangen som skal settes? (Side 3482 i stortingsreferatet.) Vår eiga Magnhild Meltveit Kleppa var sosialminister – ho var tydeleg og klar i denne svært vanskelege saka!

«I barnehagen va’ di gla’ i meg, det e’ di ikkje her.»

Omfattande problem

Argumentet til Ballo er like relevant for vurderingane når det gjeld regulering i opplæringslova. I dei åra eg var utdanningsdirektør hos Fylkesmannen i Rogaland, gjennomførte vi mange tilsyn som viste til dels omfattande og ulovleg bruk av tvang og makt overfor sårbare elevar. Desse tilsyna var oftast hendingsbaserte tilsyn, utløyste av bekymringsmeldingar frå foreldre, tilsette eller andre. I nokre tilfelle fann vi at tvangsbruken var systematisk og klart ulovleg.

Nødverjereglane i straffelova gjeld sjølvsagt også i skulen – det kan vere nødvendig å stanse handlingar som inneber fare. Men etter desse reglane skal tvangsbruken avgrensast til det heilt akutte tilfellet og berre vare så lenge det er strengt nødvendig. I nokre av tilsyna såg vi systematisk bruk av tvang med mål om å endre åtferda til ein elev – noko det ikkje finst heimel for i noko regelverk!

Eg tar med eit døme eg aldri vil gløyme: Ein elev på sju–åtte år hadde eit syndrom som gjorde at han hadde svært liten impulskontroll. Om han vart uroleg i klasserommet, var tiltaket at assistenten (som hadde helsefagleg utdanning) løfta eleven opp og bar han til eit rom i kjellaren – der måtte han vere saman med assistenten til han hadde «roa seg», det kunne gjerne ta resten av skuledagen.

Vi kom inn i saka fordi foreldra tok kontakt då eleven ikkje ville gå på skulen meir. I samtale med eleven spurte eg kvifor han ikkje ville på skulen, det hadde jo vore greitt i barnehagen?

«I barnehagen va’ di gla’ i meg, det e’ di ikkje her», svarte han.

Assistenten handla i tru på at reglar i helselovgivinga gjaldt, leiinga på skulen og i kommunen hadde dessverre liten kompetanse om regelverket.

Det er mitt syn at opplæringslova må ha eigne reglar om dette, elles vil det ikkje vere råd å sikre forsvarleg kompetanse og tryggleik. Det kan ikkje ventast at lærarar og skuleleiarar har nok kompetanse om helselovgivinga og straffelova til å gjere dei vurderingane som må til.

Forsvarleg kompetanse

I høyringa spør departementet om det også trengst reglar for bruk av fysisk makt for å sikre ro og orden i og utanfor klasserommet, t.d. for å kunne gripe inn og stanse ein slåstkamp i friminuttet. Her er eg einig med Barneombodet: Slikt må møtast med fagleg-pedagogiske verkemiddel.

Det er tvangen som skjer overfor svært sårbare elevar i spesialundervisninga, i eigne rom eller eigne avdelingar, vi må avgrense. Det første steget er å få reglar – først då vil det vere råd å sikre forsvarleg kompetanse.

Slik kompetanse inneber at alle tilsette både har kunnskap om regelverket og at dei kjenner og kan bruke dei mest eigna tiltaka i ein konkret situasjon. Skulen må også ha plikt til å arbeide systematisk med førebygging for å unngå tvang og makt, tryggleiken skal sikrast med minst mogleg inngripande tiltak.

Og alle elevar har rett til å kjenne seg trygge på skulen – også dei elevane som har dei største hjelpebehova!

Les også

  1. Flere årsaker når det ikke er trygt og godt på skolen

  2. Gutten som aldri fikk fred

  3. «For mye vekt på følelser og psykisk helse i skolen?»

  4. Selvforsvar bør inn i skolen

Publisert:
  1. Skole
  2. Vold

Mest lest akkurat nå

  1. Vidar Nisja har fått ny jobb

  2. Statsministerens kon­tor kan ha brutt enda flere lover og regler

  3. Her starter Stangeland Maskin arbeidet med ny E39 gjennom Lyngdal

  4. Huset deres har vunnet arki­tektur­pris: – Plan­løsningen fungerer vel­dig bra for oss

  5. Verdensmesteren fra Sandnes gjør som Ingebrigtsen

  6. Mann i 40-årene tiltalt for seksuelt misbruk av om lag 40 hunder