Ved årsskifte sto meir enn 100.000 utan fastlege

DEBATT: Fastlegetenesta er god, men i alvorleg krise. Dette er drøfta i fleire lesarbrev i Aftenbladet den siste tida. Helsedirektoratet sin fastlegestatistikk fortel om utviklinga fram til 2020.

«Samhandlingsreforma frå 2012 gav mykje meirarbeid for fastlegane, som dei siste seks åra har gitt mange og klare varsel om aukande svikt i tenesta», skriv Torleiv Robberstad.
  • Torleiv Robberstad
    Torleiv Robberstad
    Pensjonert helse- og sosialsjef, spesialist i samfunnsmedisin, MPH
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over ett år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

I 2013 blei den raud-grøne regjeringa avløyst av regjeringa Solberg. Før den tid kom der årleg 2,1 prosent fleire fastlegar, men i Solberg-tida blei dette redusert til 1,5 prosent. Samhandlingsreforma frå 2012 gav mykje meirarbeid for fastlegane, som dei siste seks åra har gitt mange og klare varsel om aukande svikt i tenesta.

Dersom du skal til fastlegen, er det 15–20 prosent risiko for at du bare møter ein vikar.

Kva var stoda sist årsskifte? Då sto meir enn 100.000 menneske utan fastlege – fire gonger så mange som for fem år sidan. Dersom du skal til fastlegen, er det 15–20 prosent risiko for at du bare møter ein vikar. Og bare fjerdeparten av fastlegane har ledige plassar på lista si. Slik er «pasientenes helsetjeneste» blitt.

Køyrt i grøfta

Kva no? Det kom 72 fleire fastlegar i 2020, men bare 23 (!) i 1. halvår 2021. Fastlegane Arnufl Heimdal og Ivar Thomsen (2. september) har rett i at fastlegetenesta er i ferd med å bli køyrt i grøfta. Den manglar legar og statlege pengar, og utan fastlegar vaklar sjukehusa.

Kva så vidare? Statsråd Bent Høie opplyser 30. august at fram til 2024 vil regjeringa styrke allmennlegetenesta med i alt 1,6 milliardar. Men Kommunenes Sentralforbund (KS) opplyser at i 2018 måtte 80 prosent av kommunane subsidiere fastlegane sine, med meir enn ein halv milliard bare i året 2019. Slik blir det tilsvarande mindre til grunnskule og eldreomsorg i kommunane

Rikspolitisk vilje trengst

Kva trengst? Ei fastlegeteneste som kan yte gode tenester til folk flest, og som mange nok legar ønskjer å arbeide i. Og rikspolitisk vilje til dette.

Publisert: