Vi må ha start­datoar, ikkje slutt­dato!

KRONIKK: Utan olje- og gassindustrien når vi ikkje måla i Parisavtalen.

Døme på korleis oljeindustrien er med på det grøne skiftet: Aker Solutions arbeider vidare med betongelement til havvindmøller som er frakta frå verfet på Stord til Dommersnes i Vindafjord. Havvindanlegget Hywind Tampen skal forsyne Snorre og Gullfaks med fornybar energi.

Debattinnlegg

  • Berit Moltu
    Berit Moltu
    PhD i Science and Technology Studies (STS) frå NTNU
Publisert: Publisert:

Å løyse energi- og klimautfordringane er det mest aktuelle temaet valkampen. Men fokuset på sluttdato – å legge ned olje og gassindustrien som viktigaste klimatiltak – er eit skremmande lite nyansert forslag. Det vil faktisk bidra til at vi ikkje når Parisavtale-måla vi har forplikta oss til å nå.

Ungdomen har streika, og mange har klimabrølt og fått klima øvst på den politiske dagsordenen. FNs klimapanel (IPCC) sjette delrapport er følgt opp av Det internasjonale energibyrået (IEA) sitt Net Zero by 2050. Det hastar med å få til transformasjonen som må til for å få ned klimagassutsleppa. No handlar det om å få politikarar som set i verk dei rette tiltaka som faktisk kan gi ein effekt.

Mine tidlegare arbeidsgivarar i Trondheim, Sintef og NTNU, har gitt konkrete råd til politikarar om kva som kan gjerast i Noreg for å oppnå det grøne skiftet: Nytte Nordsjøen som plattform for grøn omstilling, i tråd med FNs berekraftsmål. Stikkorda er kompetanse, gass og lågkarbonprodukt.

Les også

Runa Monstad, Stavangerregionens Europakontor: «Fit for 55-pakken blir viktig for energi­fylket Rogaland»

Kompetanse

Vi må nytte det kunnskapsforspranget Noreg har i olje- og gassverksemda i Nordsjøen, og gjennom det satse på grøn energiteknologi som òg har stort potensial til framtidige eksportinntekter til Noreg (eksportdelen har falle dramatisk dei siste åtte åra).

For å få til det grøne skiftet må vi få eit politisk skifte til parti som har ein meir aktiv industripolitikk, og som er villige til å ta i bruk sterkare offentleg styring saman med privat finansiering. Marknaden åleine greier ikkje eit slikt skifte.

Grunnen til at vi har fått flytande havvind-prosjekt i Storbritannia, er at Skottland har gått inn og subsidiert prosjekta i ein oppstartsfase. Storbritannia trong meir energi, ville ikkje ha meir atomkraft og ville oppnå Parisavtale-måla sine. Dei gjekk dermed for å subsidiere flytande havvindprosjekt frå Noreg. Det er ein ønska politikk som gir effekt.

Opposisjonen på Stortinget, med Ap i spissen, sørga som kjent for ein støttepakke til olje og gassindustrien for å dempe effektane etter korona utbrotet. Effekten ser vi mellom anna hos leverandørindustrien i Værdal, der 50 nye lærlingar er i sving, og der ein produserer merdar til oppdrett og havvind. Hos Aker Solutions ser vi produksjon av nye fornybarløysingar i Sandnessjøen og Egersund. Hos Kværner på Stord slepast det ut havvind til Nordsjøen. Alle desse er døme på kompetanse frå olje og gassindustrien som vi er avhengige av for å få til det grøne skiftet. Utan «oljepakken» ville vi ha blitt sett fleire år tilbake i dei grepa vi er nøydde til å ta for å lukkast med med å nå Parisavtale-måla.

Vi har allereie sleppt ut for mykje CO₂ til atmosfæren. Vi er difor nøydde til å binde noko av desse klimagassane tilbake i jorda, vekk frå atmosfæren, i tillegg til å redusere våre utslepp, uansett scenario i IPPC-rapporten. Her kan norsk olje- og gasskompetanse vere eit viktig bidrag med karbonfangst og -lagring (CCS). Klimaet treng CCS, og Norge treng CCS for å kunne handtere landindustrien sine store punktutslepp av CO2 (sement, forbrenning, stål og kunstgjødsel). I tillegg treng verda meir energi som ikkje kan gi fossilt utslepp. Med CCS kan vi opne opp nye industrielle verdikjeder offshore, som blå hydrogen og ammoniakk-produksjon for den europeiske marknaden, og til bruk i grøn skipsfart. Dette får vi ikkje til om vi legg ned berebjelken. Og vi treng fleire hundre Langskip-prosjekt, ikkje eitt.

Les også

Kronikk: «Roga­land ser ut til å bli havvind-fylket»

Lågkarbon-produkt

Ved industriell (blå) hydrogenproduksjon med karbonfangst og lagring (CCS), nyttar vi naturgassen i Nordsjøen, splitter han til hydrogen og CO2, og returnerer CO2-en til reservoar i Nordsjøen. Dette vil vere ein langsiktig industri- og klimastrategi der oljeindustrien kan vere ein del av løysinga, ikkje berre ein del av problemet.

Mellom andre Sintef og NTNU har ein svært visjonær strategi for Nordsjøen ved å nytte plattformene i Nordsjøen som ein hub for flytande havvind, bruke det til å produsere attverande olje og gass, starte produksjon av hydrogen og CCS og knyte saman elektrisk grid og vindkraft-grid. Nordsjøen kan slik sett gi eit enormt potensial til å forsyne England, Tyskland og fleire med grøn energiteknologi. Nordsjøen kan bli eit batteri for heile Europa.

Les også

VALGDEBATT: Ja til grønt skifte! Men hva skal vi leve av?

Gass

Analysebyrået Rystad Energy syner at ei nedlegging av olje- og gassindustrien mest sannsynleg ikkje vil bidra til klimaeffekt. Norsk olje- og gassproduksjon har verdas lågaste utslepp fordi vi har hatt ei CO₂-avgift. Norsk produksjon slepp ut 8–10 kg CO₂ pr. produsert eining (boe) mot 18–20 kg for bransjen generelt.

Reduserer du norsk gass, vil det kunne bli erstatta av russisk gass og amerikansk flytande naturgass (LNG), og til dels europeisk kol, som alle har mykje større CO₂-utslepp. Reduserer du produksjon av norsk gass, vil det auke klimautsleppa.

I tillegg treng vi gass for å få til våre nye verdikjeder innan nye lågkarbonprodukt, og då treng vi faktisk å leite etter meir gass. Utan ny leiting, vil gassen i Nordsjøen ta slutt før vi har får bidratt med klimaeffekt. Noreg har spesielle føresetnader for å bidra til klimaeffekt. Dette poenget har ikkje IEA-rapporten teke høgde for.

Å argumentere for ein sluttdato for olje og gass som einaste klimatiltak, er ein polariserande retorikk. Vi treng ei rettferdig omstilling, og ei brei tilslutning til det grøne skiftet. For å nå Parisavtale-måla må vi foreine krefter for å få startdatoar for alle dei tiltaka Noreg må gjere raskt.

Men først må vi velje politikarar som prioriterer startdatoar, ikkje sluttdato.

(Berit Moltu arbeider i Equinor, er medlem av Arbeidarpartiet og medarrangør av Klimabrølet i Stavanger. Her skriver hun som privatperson.)

Les også

  1. «Heldigvis står vi sammen om brede forlik i energi­politikken»

  2. «Vi må ikkje ta i for hardt i klimasaka»

  3. «Unyansert om olje­kutt og klima­endringer»

  4. Det er mulig å brenne for klima og miljø selv om man ikke vil legge ned «oljå»

  5. «Det er klimakrisa, ikke MDG, som krever omstilling»

Publisert:

Valg 2021 - miljø/klima

  1. – Gi politiske insentiver som muliggjør å fjerne karbondioksid fra luften

  2. Er framtida i Suldal grøn eller grå som stein?

  3. – Grøn helsing frå ein tidlegare oljearbeidar

  4. – Vi kan ikke støtte partier som skaper usikkerhet for våre medlemmer i industrien

  5. – Nå trenger vi samling om effektive klimatiltak

  6. – Klimavalget i 1989 ble ikke et klimavalg, det kan vi ikke la skje igjen

  1. Valg 2021 - miljø/klima
  2. Klimaendringer
  3. Parisavtalen
  4. Klimapolitikk
  5. Fornybar energi