Kvifor har hytteeigaren rett til å klage på dette naustet?
FORVALTING: Så langt er naustet på Bokn den tyngste saka eg har vore borti. Den er så tung fordi det eg ser i forvaltninga uroar meg. Saka er ikkje ferdig, siste ord er ikkje sagt på ei god stund enno, ser det ut til.
Hytteeigaren som har klaga på naustet på Bokn har også krevd gransking og søknader for ei rekkje andre tiltak: Naust, bustad, hytte, garasje, lager og tilbygg til naust, og andre bygningar. Det kan bli mange saker og vedtak og klagerundar, skriv Eva Bringeland. Foto: Kristian Jacobsen
Debattinnlegg
- Eva BringelandPro-plan AS, ansvarlig søkjar på vegne av Jan Kristian Bokn
Ein hytteeigar har klaga på vedtaket om å la naustet til sauebonden få stå. Det uroar meg at saka framleis rullar og går. Ingen har sett ned foten og gjort opp rekninga; ein mann på 81 år har etter to og eit halvt år framleis ikkje fått avslutta det han prøver på – å førebu for generasjonsskifte på garden. Og kvifor får han ikkje det?
Kvifor har han klagerett?
Eg har levd av saker som skal behandlast av det offentlege i over 20 år. Først som saksbehandlar i stat og kommune, deretter som konsulent for dei som treng hjelp med søknader.
Eg har lagt fram saka og dei faktiske forholda for Jan Bokn, sauebonden på Sør-Bokn. For to og eit halvt år sidan meinte eg at naustet på Bokn burde vere ei føreseieleg sak. Historikken, tilhøva på staden og ein klagar som kom på banen heile fire år etter byggestart, gjorde at eg trudde saka skulle bli løyst på ein god måte for Jan Bokn. Sidan den gong har eg skreve side opp og ned om gardsdrift og sauer og øyar utan dagleg rutebåt. Eg har peika på driveplikt og kulturlandskap, skilt og leidningar i stranda ved naustet – og eg har spurt kva som gjer at denne klagaren har klagerett. Eg har vist til liknande saker, reglar og rettleiing frå regjeringa.
Og eg har ikkje nådd fram.
I offentleg forvaltning er det reglar for koss ting skal gjerast; for den som søker er det reglar om korleis ein søknad skal vere; ein må vere nøye med å beskrive kva det går i, på ein slik måte at den som får søknaden forstår kva det gjeld. Dei som behandlar søknader har og reglar – dei må først av alt vere sikre på at dei forstår kva som blir søkt om, for deretter å bruke rette reglar når dei avgjer om søknaden kan innvilgast.
Lettast å vera klagar
Så langt i denne saka har eg erfart dette: Dei som behandlar søknader, kan velje å sjå vekk frå dei faktiske forholda. Kva reglar som gjeld skiftar etter kven som søkjer, og etter kva saksbehandlar ein får. Det synest lettare å bli høyrt og kome til bordet når ein er klagar og vil ha eit vedtak oppheva. Det er ikkje noko krav at du ser eller har grense til det du klagar på. Om du hevdar å opptre på vegner av allmenta og seier at du vil beskytte miljø og friluftsliv, er det god sjanse for å få medhald.
Politikarane får ikkje oversikt over alt i eit saksframlegg, og når dei vel å gjere om på administrasjonen sitt avslag, så får dei ikkje rettleiing om korleis eit slikt vedtak må grunngjevast, i ei sak som er blitt komplisert og juridisk spissfindig langt over det vanlege. Saka er ikkje ferdig. Eg håpar eg skal få erfare at dei som er sett til å vurdere om dei faktiske forholda heng saman med gjeldande reglar, faktisk gjer det.
Han har klaga på mykje meir
Og eg håpar eg får sjå at politikarane bryr seg om spelereglane, og at dei krev at administrasjonen hjelper dei med å formulere vedtaka slik at dei held vatn. Dette må eg tru og håpe – for viss denne saka endar med at klagaren får naustet fjerna, kan det føre mykje med seg: På heimesidene til Stavanger kommune ligg eit 18 sider langt brev frå same klagaren, der han krev ulovleg-oppfølging liknande denne naustsaka for endå fleire tiltak på Bokn. Denne gongen er det på garden til Gunnar Bokn – bror til Jan Kristian Bokn.
Han krev gransking og søknader for ei rekkje tiltak: Naust, bustad, hytte, garasje, lager og tilbygg til naust, og andre bygningar. Det kan bli mange saker og vedtak og klagerundar. Ettersom hytteeigaren alt er gitt fulle partsrettar ein gong, og synest å ville allmenta og samfunnet sitt beste, reknar eg med at han står sterkt til å bli høyrt i neste runde og. Presedens kan slå fleire vegar.
Det synest lettare å bli høyrt og kome til bordet når ein er klagar og vil ha eit vedtak oppheva. Det er ikkje noko krav at du ser eller har grense til det du klagar på. Om du hevdar å opptre på vegner av allmenta og seier at du vil beskytte miljø og friluftsliv, er det god sjanse for å få medhald.
Mest lest akkurat nå
Over natten ble denne grusbanen til en perfekt isflate. Hvem som har laget den er et mysterium
Saktegående trafikk og lange køer ved Sinnes
Utforkjøring på svært glatt vei i Eigersund
Da hun ble syk, flyttet familien til hytta. Det ble et lykkelig valg
Han fikk ALS: – Jeg blir levende begravet i min egen kropp
Bilselger tiltalt for å ha svindlet over 40 privatpersoner, egen arbeidsgiver og flere bedrifter