For smart for yrkesfag?!

VIDAREGÅANDE SKULE: Å velje yrkesfag det smartaste ein kan gjere i eit fylke kor me vil trenge fleire flinke, yrkesstolte ungdommar enn nokon gong før.

«Er det er noko pandemien har lært oss, så er det kva yrkesgrupper som er heilt uunnverlege i eit samfunn: Det er fagarbeidarar», skriv Hanne Marte Vatnaland i Rogaland Sp. Foto: Shutterstock/NTB

Debattinnlegg

  • Hanne Marte Vatnaland
    Hanne Marte Vatnaland
    Medlem av opplæringsutvalet og inntaksnemnda i Rogaland (Sp)
Publisert: Publisert:

Mari vart stadig fortalt at ho er for smart for å velje yrkesfag. Ho er Noregs einaste lærling i skogbruksleiing. Hennar historie er diverre ikkje uvanleg, men heldigvis valde ho å gå mot straumen. Det kan vere vanskeleg nok når ein står overfor eit viktig val og gjerne høyrer på dei med meir livserfaring, slik mange unge gjer i desse dagar før fristen til å søke vidaregåande 1. mars.

Det finst diverre ein del gammaldagse fordommar hjå både rådgjevarar og foreldre om at yrkesfag ikkje er like stas som ei akademisk utdanning. Det må me kvitte oss med. Me må snakke opp yrkesfag slik at barna våger å velje den vegen dei drøymer om, for Rogaland treng fleire kloke hender.

Samstundes meiner Senterpartiet at praktiske ferdigheiter må styrkast, og yrkesfaga må introduserast allereie i grunnskulen. Elevar må vite kva yrkesfag er for noko før dei skal velje.

Les også

Hvordan «holde alle dører åpne» når du skal søke videregående skole

Mange moglegheiter

Yrkesfag kan vere inngangsbillett til eit arbeidsliv med spennande oppgåver, god løn og mange moglegheiter. Rogaland har stolt tradisjon for å vere yrkesfagfylke nummer éin. Me har størst andel elevar som vel yrkesfag, ogme har flest lærlingar som får læreplass.

Det finst dessutan mange spennande vegar for dei som sikter seg inn på høgare fagutdanning gjennom fagskulen, eller kombinert læretid og påbygg gjennom til dømes YSK-vegen.

Neste år går dessutan startskotet for eit nytt pilotprosjekt på Bergeland vgs. i Stavanger med påbygg via helse og oppvekst. Dette kan vere eit godt alternativ for dei elevane som sikter seg inn på ein jobb som barnehagelærar eller sjukepleiar, fordi det vil gje dei ei mykje meir fagleg relevant bakgrunn enn dei vil få gjennom vanleg studieførebuande opplæring.

I Rogaland går me dermed motstraums og viser at det har større verdi også for dei som sikter seg inn på høgare utdanning, å ha yrkesfagleg bakgrunn, noko næringslivet også stiller seg bak.

Les også

Alexander har over fem i snitt og akademikerforeldre – blir elektriker

Fagarbeidarar viser veg

Er det er noko pandemien har lært oss, så er det kva yrkesgrupper som er heilt uunnverlege i eit samfunn: Det er fagarbeidarar. Kvardagen vår, korleis vi til ei kvar tid har det, og all samfunnsmessig utvikling er heilt avhengig av det praktiske arbeidet. Ikkje minst er det her rogalandsk innovasjon har si historie.

Det er ikkje noko som heiter at ein har for gode karakterar til å velje yrkesfag. Tvert imot er det å velje yrkesfag det smartaste ein kan gjere i eit fylke kor me vil trenge fleire flinke, yrkesstolte ungdommar enn nokon gong før.

Les også

Solveig G. Sandelson: «Søkja vidaregåande skule denne helga? Ta gjerne eit råd frå Erna Solberg: Ikkje tenk så langt fram!»

Publisert:
  1. Yrkesfag
  2. Videregående skole
  3. Hanne Marte Vatnaland
  4. Skole og utdanning

Mest lest akkurat nå

  1. Kronprinsparets hund er død

  2. Mener utlendinger i Norge burde prioriteres i vaksinekøen

  3. Får ikke lov å rive to sjøhus i sentrum: - Vil kunne skape svært uheldig presedens

  4. Så mye tjener de på cupfesten

  5. Lokalt lag trekker seg: – Veldig kjedelig

  6. Sildafjelltunnelen stengt på grunn av trafikkuhell