Valdtekt «kostar» gjernings­­menn mindre no enn for ti år sidan

DEBATT: Domstolane utmåler utdatert nivå på oppreisning til valdtektsoffer.

Domstolane, med Høgsterett i spissen, bør ta heva oppreisningserstatninga til valdtektsoffer med rundt 50.000 kroner, argumenterer advokat Carl Aasland Jerstad. Foto: Berit Roald, NTB

Debattinnlegg

  • Carl Aasland Jerstad
    Carl Aasland Jerstad
    Advokat, Bryne
Publisert: Publisert:

Høgsterett oppjusterte norma for oppreisningserstatning til valdtektsoffer frå 100.000 kroner i 2003 til 150.000 kroner i 2011. Til trass for at oppreisninga skal vera ein viktig kompensasjon for offeret, har det på ti år sidan 2011 ikkje skjedd nokon auke i denne norma.

I perioden 2003 til 2011 steig grunnbeløpet (G) i folketrygda ifrå 56.861 kroner til 79.216. Gjeldande G fastsett i 2020 utgjer 101.351 kroner.

Ved litt enkel matematikk ser ein at i 2003 vart valdtektsoffera tilkjende erstatning tilsvarande 1,75 G.

I 2011 utgjorde den nye norma på 150.000 kroner, som Høgsterett meinte gav valdtektsoffera ei reelt lyft i oppreisningsnivået, til 1,89 G. Det vart i dommen framheva at økonomisk kompensasjon til offeret var eit viktig omsyn ved utmåling av oppreisning ved valdtekt.

Urimeleg

Etter 2011 har det ikkje skjedd noko ny regulering av norma, korkje av Høgsterett eller av andre domstolar. Dette har den svært urimelege effekten at det har vorte stadig økonomisk «rimelegare» å valdta for overgriparen, og kompensasjonen for offera er samstundes vorten reelt mindre for kvart år. Det lyftet i erstatninga som Høgsterett meinte å gje i 2011, er vorte ete opp av løns- og prisauke for lenge sidan.

Held ein seg til at den gjeldande norma frå 2011 burde aukast ved å sjå til utviklinga av G, slik det gjeld for dei fleste andre erstatningspostane ved personskade i Noreg, skulle norma i år ha vore på nærare 200.000 kroner, om ein legg til grunn ein liten auke i G frå 1. mai 2021, – 50.000 kroner høgare enn det som vert tilkjend av domstolane våre.

Det urimelege i dette vert også tydeleg når ein veit at langt dei fleste valdtektsforbrytarane i same perioden har vore del i reell auke i løn, trygd eller sosiale stønadar som held tritt med fallet i pengeverdien og slik held oppe betalingsevna. Likevel oppnår dei stadig større «prisavslag» etter kvart som tida går ettersom erstatningsnorma står fast i pengeverdien ifrå 2011.

Eit viktig omsyn ved oppreisningsinstituttet er at erstatningstrusselen skal verka preventivt overfor moglege valdtektsforbrytarar. Dette omsynet mister tyngd dess lenger denne utviklinga held fram.

Det er etter mi meining ingen overtydande rettsleg heimel som stenger domstolane for å oppregulera nivået av oppreisning tilsvarande den årlege utviklinga av G.

Signalet: Mindre alvorleg enn før

Det skjer heller ikkje noko lovarbeid som omhandlar oppreisningsnivået i norsk rett. Difor bør domstolane, med Høgsterett i spissen, ta tak i dette. Då vil offera i dag oppnå reelt lik oppreisning som ved normeringa i 2011 og kompensasjonsomsynet vert vareteke.

Ved å stå fast i nivået ifrå 2011, vil mange valdtektsoffer føla at domstolane i røynda ikkje ser det som viktig å kompensera dei fullt ut for tort og smerte etter overgrepet.

Ei anna viktig side ved dette er at ei slik oppregulering vil samsvara med prinsippet om likskap for lova, valdtektsforbrytarar vert dømde reelt sett likt erstatningsansvar som det dei som vart dømde i 2011. Samstundes vil preventive omsyn verta halde oppe av domstolane.

Les også

  1. – Er det virkelig så vanskelig å forstå hva voldtekt er?

Publisert:
  1. Voldtekt
  2. Lov og rett

Mest lest akkurat nå

  1. Kvinne (18) til sykehus etter ulykke i Sola

  2. Nye tilfeller mandag kveld: 47 smittede og minst 920 i karantene ved skoler og barnehager i Stavanger

  3. Hva skjer med smittetallene i Stavanger? Smittevernoverlegen forklarer

  4. – Jeg går bare mye dypere inn i depresjon

  5. Ansatt smittet på sykehjem i Stavanger

  6. 60-tallshjem forvandlet til moderne hus: – Jeg bestemte meg med én gang – dette var huset for meg