Den gode fellesskulen må utviklast vidare
DEBATT: Min gode bystyrekollega Sølvi Ona Gjul (Ap) har ein del gode poeng i sitt innlegg om fellesskulen i Aftenbladet 20. mai. Men nokon av hennar kommentarar freistar meg til å gje tilsvar.
Debattinnlegg
- Erlend JordalFraksjonsleder, (H), utvalg for oppvekst og utdanning

Historia til vår fellesskule handlar om å gje alle moglegheiter, det handlar om å sjå dei enkelte elevane – og gjera skulen i stand til å leggja til rette undervisinga for dei betre enn me klarar i dag.
Verda endrar seg
Fellesskulen kan ikkje og skal ikkje stå stille medan verda endrar seg. Difor er det gjort endringar i skulen også dei siste åtte åra med Høgre i regjering. Eit stort lærarløft med etterutdanning og vidareutdanning er døme på dette, saman med dei nye lærarspesialistane i skulen. Det same er fagfornyinga – der ein fyller på innhald i planane for skulen – og aukar lærarane sin metodefridom.
Me må sjå korleis me kan auka praktiske fag, og dermed gje fleire av dei som ikkje er så teoristerke meir meistring i skulen.
Dei som i dag går på vidaregåande skule veit at ein i dag kan velja ulike typar matematikk. Utan at elevane difor blir inndela permanent i grupper for resten av skulekvardagen på bakgrunn av desse vala. Høgre ønskjer å sjå om ein kan gje elevane nye moglegheiter for å meistra og finna motivasjon ved at ein testar denne typen valfridom for fleire elevar i grunnskulen. Og me vil ha eit pilotprosjekt der me kan sjå om me vil lukkast betre med ei slik tilnærming.
Auka praktiske fag
Ona Gjul gjev difor ikkje eit rett bilete av kva me ønskjer å prøva ut – når ho dreg oss tilbake til 70-talet. Så kan eg også leggja til at me ønskjer å reformera ungdomsskulen. Der fleire påpeikar at ein no opplev det verste fråfallet. Me må sjå korleis me kan auka praktiske fag, og dermed gje fleire av dei som ikkje er så teoristerke meir meistring i skulen.
Til slutt kan eg og føya til at Høgre sitt landsmøte og ønskja å styrkja skulane si plikt til å følgja opp dei minste ungane. Dei som går ifrå fyrste til fjerde klasse. Fellesskulen må utviklast vidare, og eg veit at eit nytenkjande og framøvelent Høgre vil meir med skulen. Veljarar og dei tilsette i skulen fortener at me politikarar gjer vår del av jobben for framtidas skule. Slik at vår felles skule er i utvikling. Og at me skapar ein skule med meistring og god fagleg kvalitet.
Les også
Mest lest akkurat nå
– Strømprisen må gjerne være 10 kroner, men den må være lik for alle
ATV-ulykke i Sandnes - en person er kjørt til sykehus
Olivia Newton-John er død
Ingen nye spillere inn: Her er forklaringen fra Viking-sjefene
Her er Jonas Gahr Støres beskjed til bedriftene i Rogaland
– Vi mistet for mellom 10.000 og 20.000 kroner i materialer. Pengene skulle til Kongo