Instramming, innstramming, innstramming...

DEBATT: Har Sylvi Listhaug gløymt at ho ikkje berre er innvandringsminister, men òg integreringsminister?

Publisert: Publisert:

Det siste Sylvi Listhaug gjorde på tampen av 2015 var å lansere enda ein innstrammings­pakke. Dermed er Frp eit hestehovud framom dei andre. Foto: Berit Roald, Scanpix

Debattinnlegg

  • Jarl Wåge
    Lærar og skribent
Denne artikkelen er over fire år gammel

Noreg har fått sin fyrste innstrammingsminister. Ei utnemning som fekk kyr i norske fjøs til å raute høgare og friare og bønder i grisgrendte strok til å puste letta ut. For no er det ikkje lenger norske bondegardar, men asylmottak, som skal få besøk av Sylvi Listhaug sitt blide, men akk så lite diplomatiske åsyn.

Innstramming is the new black i norsk politikk. Dei siste vekene har det halde eit slags uoffisielt noregsmeisterskap i innstrammingskåte utspel. Sjølvsagt fordi partia har skjønt at dette går heim hos mange veljarane.

«Invitasjonen» frå Ap

Det er den enorme flyktningstraumen som har utløyst utspelbonanzaen hjå politikarane. Ein flyktningstraum Frp elles meiner er Arbeidarpartiet si skuld. Dei har nemleg, ifylgje Frp, «invitert flyktningane hit». Invitasjonen – eller eit vedtak om å ta imot 8000 kvoteflyktningar frå Syria, som vi andre kallar det – kom tidleg i haust. Frp har visst ikkje fått med seg at også regjeringspartnar Høgre og regjeringsstøttehjula Venstre og Kristeleg Folkeparti var med på vedtaket. Men pyttsann, slike smålege omsyn kan det ikkje vere naudsynt å ta når ein legg langsiktig valkampstrategi og har bruk for ein syndebukk å skulde på.Like før jul skreiv samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen på Twitter: «Surrealistisk å høre Trond Giske benekte i Dagsnytt 18 at asylsøkere føler seg inviterte til Norge.» Enda meir surrealistisk er det at ein framståande politikar, som til og med påstår at han har «direktekanal til Gud», let til å tru at ein million flyktningar har kome over havet til Europa med livet som innsats i overfylte gummibåtar på grunn av ein invitasjon dei ikkje kunne takke nei til. Ein må vere Frp-politikar for ikkje å ha fått med seg at krig, naud, overgrep, tortur og undertrykking er det som har forårsaka ei av dei største flyktningkatastrofane verda har sett. Ein kan lure på om Frp er klare over at det er dei sjølve som sit i regjering og mellom anna har ansvaret for nettopp innvandring og flyktningar.

Viss dei hadde hatt all makt, ville Noreg ha vore ein overmett, bleikfeit enklave i utkanten av Europa.

Om Frp hadde all makt

Det er forresten ein lagnadens ironi at det er Frp, Noregs mest flyktningfiendtlege parti, som har fått ansvaret for dette saksområdet. Vi som har fylgt med ei stund og opplevd partiet sin innvandringsretorikk, har inntrykk av at om det var opp til Frp, så hadde det ikkje kome ein einaste flyktning til landet. Viss dei hadde hatt all makt, ville Noreg ha vore ein overmett, bleikfeit enklave i utkanten av Europa. Eit slags nordisk Qatar der styrtrike innfødde er seg sjølve nok. Dei einaste innvandrarane til dette Noregoistika skulle vere slike som utfører dei jobbane vi ikkje vil ha. Utan rettar, med elendig lønn og usle butilhøve.

Kva dei ikkje vil vedgå

Det paradoksale er at utan innvandring hadde Frp halde fram som eit lite fløyparti. Etter to år i regjering var partiet nede i under 10 prosent på meiningsmålingane. Så flyktningstraumen har vore ei velsigning for dei. Det skulle ikkje forundre meg om mange på partikontoret gneid seg i hendene og song «kom flyktningar, kom flyktningar» etter kvart som dei såg oppslutninga rundt partiet auke proporsjonalt med talet på flyktningar.

Men sjølvsagt vil ingen i Frp vedgå noko slikt. Det er viktig for dei å oppretthalde den innvandrarfiendtlege retorikken som kjenneteiknar partiet. Difor oppfordra snikislamiseringsfinansminister Siv Jensen alle kommunar i landet til å ikkje ta imot flyktningar. Ei oppfordring ho ikkje har trekt tilbake. Men massevis av kommunar har vist henne fingeren ved raust og gjestmildt å opne dørene for dei som kjem og treng vern.

Han tykte visst det var ustyrteleg morosamt at det stod skrive «Good Journey» over heile vomma hans medan hundrevis av flyktningar drukna i Middelhavet.

Gullstol og t-skjorte

Sylvi Listhaug, sjølvaste flyktningministeren, kalla Noreg eit godheitstyranni. Ved utgangen av 2015 var ho redd dette tyranniet skulle «bere flyktningar på gullstol» som i eit slags omvendt Nord-Korea.

På landsmøtet til Frp i mai i 2015, midt under flyktningtragediane i Middelhavet, stilte Per Sandberg med ein t-skjorte med teksten: «Good Journey. Sea adventure» (God tur. Eventyr til sjøs). Foto: Vidar Ruud, Scanpix

Den nye fiskeriministeren, Per Sandberg, gapskrattar sikkert framleis over stuntet då han på landsmøtet i mai i fjor gjekk med si mest ironiske t-skjorte. Han tykte visst det var ustyrteleg morosamt at det stod skrive «Good Journey» over heile vomma hans medan hundrevis av flyktningar drukna i Middelhavet.

Sprikande bodskap

2016 vil by på enorme utfordringar når det gjeld flyktningsituasjonen. Difor er det på sin plass å ynskje Sylvi Listhaug alt muleg hell og lukke med den formidable jobben ho har gjeve seg i kast med.

Det er viktig å halde stø kurs og styre, i norsk tradisjon, etter eit humanistisk draft.

Det siste Listhaug fekk gjort på tampen av 2015 var å lansere enda ein innstrammingspakke. Dermed er Frp eit hestehovud framom dei andre innstrammingskåtingane, og ho har samstundes gjort det klinkande klart at det ikkje er godheit og gullstolar som skal prege politikken hennar. I nyttårstalen sin stod Erna Solberg fram som den milde, inkluderande som snakka om kvardagsintegrering. Samstundes har ho gjeve Listhaug rolla som den kyniske utkastaren.

Men Listhaug må hugse at ho no faktisk er kaptein på det norske «flyktningskipet»; at det er viktig å halde stø kurs og styre, i norsk tradisjon, etter eit humanistisk draft. Flyktningane må sleppe å føle at dei hamnar i ein ny, overfylt gummibåt i opprørt sjø. Sjølv om dei fleste er einige i at innstramming er naudsynt, må ho vere innvandrings— og integreringsminister, som er den eigentlege tittelen hennar, mykje meir enn innstrammingsminister. Ho må ganske enkelt føre titusenvis av flyktningar inn i ei trygg hamn der dei kan finne seg a new life and a second house.

Les også:

Publisert: