Pilotstreiken rokka ved solferiane, lærarane streikar for deg og framtida di

DEBATT: Etter at streik råka ferien til fleire hundre tusen, trappar no me som underviser i skulen vår streik ved skulestart. Lærarstreiken handlar om langt viktigare verdiar enn Syden og sol. Me streikar for deg og ei trygg framtid.

Etter at KS tok over jobben med å forhandla løn for oss i skulen, har realløna for de undervisningstilsette i kommunesektoren gått ned med 9 prosent.

Debattinnlegg

  • Helge Kristoffersen
    Hovudtillitsvald i Sandnes kommune, Norsk Lektorlag
Publisert: Publisert:

Streiken er sjølvsagt for høgare løn og betre vilkår. For utan høgare løn og betre vilkår for vaksne i skulen, vert ikkje skulen god nok for framtida. Eg og mange andre i skulen, har vurdert andre jobbar. Mange har funne betre arbeid utanfor klasserommet og det er godt med plass på lærarutdanningane. Minister Borten Moe er ikkje uroa for dette og er nøgd med symbolpolitikk på Nesna.

Sjølv ikkje senka krav til søkarane gjer studia særleg meir populære, og søkartala er stadig på veg nedover. Dei som har øvste ansvaret må snu utviklinga. Unge søker seg ikkje til striskjorte og havrelefse. Betre løn og arbeidsvilkår trengst for å få nye generasjonar inn i yrket.

KS sviktar oppgåva si

Kommunane sin organisasjon – KS, er dei som forhandlar om minstestandard før løn og vilkår i alle kommunar utanom Oslo. Som alle gode organisasjonar er ei av dei viktigaste oppgåvene å sikra beste pris på det kommunane skal kjøpa. I skulen er den største utgifta undervisningspersonalet og denne utgifta har vorte billigare med åra.

Faktisk vert kvar femte klassetime gjennomført av vaksne utan godkjent lærarutdanning. Er slik statistikk tilgjengeleg for sjukepleiarar, bilmekanikarar eller pilotar? Sjølvsagt ikkje!

Etter at KS tok over jobben med å forhandla løn for oss i skulen, har realløna for de undervisningstilsette i kommunesektoren gått ned med 9 prosent. Lektorar har fått svekka realløna si med 5 til 9 prosent, sjølv om ein samanliknar med sjukepleiarar, ingeniørar og sakshandsamarar i kommunesektoren. Når Gangsø i KS går høgt ut og seier at det ikkje er pengar er det fordi organisasjonen han jobbar i medvite har prioritert annleis det siste tiåret. For slunkne kommunekassar kan det sjå ut som ein suksess. Men når løn og vilkår ikkje er bra nok, vil nokre merka konsekvensane.

Det er KS som snurpar igjen pengesekken slik at lærarar og lektorar vel å finna fram streikevåpenet. KS har følgjande føremål: «KS arbeider saman med medlemmene for å utvikle ein sjølvstendig, effektiv og nyskapande kommunesektor.» Korleis er det mogeleg å gje lønstilbod som armar ut humankapitalen i skulen? Her i Rogaland er dei kommunale overskota rekordstore og kampen om arbeidskrafta større enn nokon gong. Nye innhogg i lommeboka til lærarar og lektorar vil neppe bidra til særleg «effektiv og nyskapande kommunesektor».

Brenna toar hendene sine

Utdanningsminister Tonje Brenna må gjerne toa hendene sine og peika på at det er KS som er rette parten i konflikten. Men er det ikkje mogeleg å snakka litt saman? For dei partia som har fleirtal på Stortinget har og fleirtal i KS sitt hovudstyre. Til saman har desse partia nær 80 prosent av alle ordførarane i Norge. Desse folkevalde veit nok godt at det ikkje er heilt lett å få tak i nok kvalifisert arbeidskraft til alle klasserom. Skal ikkje alle folkevalde styra landet saman og ikkje berre skulda på kvarandre?

Skulen er innretta slik at når det manglar ein kvalifisert lærar, kan ein tilsetta ein som ikkje er kvalifisert. Det er sjølvsagt som unntak, men i røynda er det svært vanleg. Faktisk vert kvar femte klassetime gjennomført av vaksne utan godkjent lærarutdanning. Er slik statistikk tilgjengeleg for sjukepleiarar, bilmekanikarar eller pilotar? Sjølvsagt ikkje! Men i klasserom er det heilt greitt at vaksne jobbar utan rett utdanning. Kven er det som betaler prisen for dette? Tida er moden for å retta opp i gamle synder.

Etter to år med applaus og pandemi skal lærarar og lektorar på ny gå ned i realløn. Tilbodet til lektorane er på skammelege 2,3 prosent. Med prisauken på 6,8 prosent er nedgangen i løn ein SAS-pilot verdig. For sjølv om prisauken offisielt er berekna til 3,3 prosent, er både landbruks- og trygdeoppgjer klare prov på at i år må summane vera mykje høgare. Med desse oppgjera syner regjeringa vilje til å retta opp store etterslep for viktige grupper.

Då skulle det berre mangla om ikkje dei som fekk ståande applaus også får litt ekstra å rutta med dette året. Med litt flaks er det nokre vaksne heime i kontora i Oslo. Norsk Lektorlag har lenge kjempa for eit systemskifte og det er flott at Aftenbladet reiser dette spørsmålet. No har me starta i Bergen. Det er for deg og alle i samfunnet me streikar. Men berre vent. Me skal ta kampen i heile landet.

Sjølv ikkje senka krav til søkarane gjer studia særleg meir populære, og søkartala er stadig på veg nedover. Dei som har øvste ansvaret må snu utviklinga. Unge søker seg ikkje til striskjorte og havrelefse.
Publisert: