Kvinners orgasme er mangslungen som ei klassereise

DEBATT: Å, lesenjuting, når to av mine favorittskribentar, Solveig Aareskjold og Kjell Arild Pollestad, barkar saman i litterær ordveksling om kvinneleg og mannleg seksualitet.

Kvinners seksualitet er i sterkare grad enn menn sin seksualitet retta inn mot den avgrensa gruppa av menn som kan gje ho «ein sosial orgasme» – den vanvitig deilege kjensla av å vera attrådd av og dermed ha makt over ein mann som kan gje henne ulike gode.

Debattinnlegg

  • Fredrik Hultman Bjørgo
    Sandnes
Publisert: Publisert:

Eg er eigentleg samd med båe to, men vil påpeika at båe to så vidt er borti, men utelèt den same puslespelbiten som eg som regel saknar i Frode Thuen si samlivsspalte i denne avisa: Klasseaspektet – det vil seia det seksuelle spelet om klasse og status. Eg ristar ofte på hovudet av Thuen sine råd, fordi eg tykkjer dei ikkje gjev meining når både han, og som regel kvinna han gjev råd, på typisk norsk vis ignorerer det tabu klasseperspektivet.

Den sosiale orgasmen

Kvinnene i Thuens spalter er fornærma av umedvitne menn. Kvinners seksualitet er sterk og særs interessant fordi han sterkare enn menn sin seksualitet er retta inn mot den avgrensa gruppa av menn som kan gje ho det me kan kalla ein sosial orgasme – den vanvitig deilege kjensla av å vera attrådd av og dermed ha makt over ein mann som kan gje ho, og eventuelt avkom, ein evolusjonær fordel, som ressursar, evner, intelligens, fysikk, makt, gen, karisma, vilje, psykisk styrke, kreativitet og så bort etter. Kvinner sin seksualitet er dermed sjølvmedviten og refleksiv på det viset at han òg nærar seg av korleis kvinna ser seg sjølv i lag med denne mannen. Særs mykje av litteraturen skriven av kvinner, både god og dårleg, handlar om dette.

Ein russegut som prostituerer seg er heilt uinteressant for ei russejente, han eksisterer knapt for ho. Ein mannleg bussjef, derimot – eller ein russegut som klarar det sosiale kunststykket å komma seg med på moroa, berre ved hjelp av karismaen, sjå det er noko anna.

Slikt er det store fleirtalet av menn, som kvinner berre vert tvungne til å interessera seg seksuelt for av patriarkalsk-demokratiske institusjonar som til dømes kristne kyrkjer med monogami-bod, ikkje på langt nær så medvitne om, noko som er med på å auka kvinnene si forakt for dei. Dei mest attraktive mennene nærmar seg kvinnene i sjølvmedvit om si eiga sosiale rolle som elskar og make – noko som gjer dei meir attraktive for kvinnene.

Frekk frankering

Det er enkelt sagt grunnen til at Kielland sin metafor om brevet og postkassa er feil, i alle fall i eit samfunn med frigjorde kvinner. Postkassa er ikkje passiv, men behandlar breva heilt ulikt basert på frankeringa, noko overklasseguten Kielland burde vore den fyrste til å skjøna. Og det er grunnen til at me ikkje ser hordar av traumatiserte russegutar som vert tvungne til å prostituera seg for å få rulla med jentebussane, sjølv i dagens unikt likestilte og frigjorde Norge. Ein russegut som prostituerer seg er heilt uinteressant for ei russejente, han eksisterer knapt for ho. Ein mannleg bussjef, derimot – eller ein russegut som klarar det sosiale kunststykket å komma seg med på moroa, berre ved hjelp av karismaen, sjå det er noko anna.

På same vis er det stimulerande for mange kvinner å få merksemd av ein mannleg maktperson. For det aktiverer hennar evne til å sjå seg sjølv i eit utal av roller i høve til han – frå den kyske jomfrua som avviser tilnærmingane hans og nyttar makta ho har over makta hans, til usjølvisk godleik, hemmeleg femme fatale i kulissane eller klassereist maktfrue. Når han ikkje oppfyller desse fantasiane og går frå kona si, kan skuffinga lett gå over til hemntankar. Og i si bruk av langsint hemn som alternativ utløysing, er kvinneleg seksualitet meir mangfaldig og interessant enn dei fleste menn sin seksualitet, som kan vera meir valdeleg, men alltid avgrensa til augeblikket, noko dei fryktelege og fascinerande kvinnene i dei antikke mytane til fulle syner.

Det er enkelt sagt grunnen til at Kielland sin metafor om brevet og postkassa er feil, i alle fall i eit samfunn med frigjorde kvinner. Postkassa er ikkje passiv, men behandlar breva heilt ulikt basert på frankeringa.
Publisert:
  1. Seksualitet
  2. Debatt
  3. Litteratur
  4. Orgasme
  5. Menn

Mest lest akkurat nå

  1. – Skandale at Hent fikk milliardprosjektet i Jåttåvågen

  2. Sprengningsuhell ved Auglendstunnelen – Motorveien er åpen igjen

  3. Fra i dag blir det ny nettleie. Slik kan du påvirke strømregningen

  4. I pausen på basketballkampen kom ideen. Nå kan mobiltelefonen bli hjertestarter

  5. Slik får de strandsonen til å fremstå privat. Her kan du gå og ikke gå i sommer.

  6. 19 kunstnere mister arbeidsplassene sine i Stavanger sentrum