Det må ikkje vera fritt fram til å byggja ned matjorda på Vagle!

DEBATT: Ordførar Stanley Wirak, Sandnes er nok nøydde til å omdisponera matjorda som skulle gått med i utbyggingsplanane for Vagle. Situasjonen er for alvorleg til å fira på jordvernet no.

Før politikarane i Sandnes gjer nye vedtak om omdisponering av areala på Vagle, vil Jordvernforeningen oppmoda om at kvar og ein tek ein tur inn i området og vurderer om det i 2022 verkeleg er rett å omdisponera så mykje god jord.
  • Dag Raustein
    Dag Raustein
    Leiar, Jordvernforeningen i Rogaland
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Eit samla styre i Jordvernforeningen meiner det må til ei heilt ny totalvurdering av saka om tilbakeføring av Vagle-/Stokkelandsområdet.
Ap-/Sp-regjeringa har nemleg vedteke nye jordvernmål. I løpet av få år skal ein under 2000 dekar i omdisponert dyrka og dyrkbar jord i Norge. Litt lengre fram vinkar nullvisjonen. Ansvarlege statsrådar og talspersonar frå regjeringspartia er heilt klare på at denne gongen er det alvor. Også eksisterande planar må gjennomgåast.

Jordvern skal nå vera eit overordna omsyn i all arealplanlegging. Jordvernforeningen tek signala frå regjeringa på alvor. Det er sagt tydeleg at dei beste jordbruksareala skal ha høgast prioritet for framtidig landbruk. Jordbruksareala på Jæren er i beste klasse. Etter at regjeringa sette sine mål i Hurdalsplattforma, har den internasjonale situasjonen forsterka behovet for å ta vare på kvart dekar dyrka jord. Matkrisa er alt merkbar, og vil bli verkeleg alvorleg like over denne sommaren.

Les også

Nå er jordvern alvor, og kan ikkje lenger berre vera ord i festtalar!

Vil Coop risikera omdømet?

Fylkeskommunen har sett i gang arbeid med ein ny jordvernstrategi. Det er ingen stor spådomskunst å seia at målet vil bli maksimal omdisponering av 200 dekar. Fylkeskommunen og Statsforvaltaren får i oppgåve å sjå til at kommunane følgjer opp. Det vil ikkje bli tildelt kvote på kommunenivå, men om Sandnes skulle få ein kvote i høve til folketalet, vil det dreia seg om 30–35 dekar per år, men med Sandnes sine store lågproduktive areal, godt under det.
Kommunane på Nord-Jæren har i gjeldande planar lagt ut rundt 23 000 dekar jordbruksareal til andre føremål. Med dei nye jordvernmåla, må dette talet reduserast dramatisk i alle kommunane. Heller ikkje Vagle-/Stokkelandsområdet er freda.

Ordførar Wirak syner til behov for føreseielegheit og at delar av areala på Vagle alt er kjøpt opp av utbyggjarar. Vårt syn er at dei utfordringane er små i høve til verdien av at ein alternativt i all framtid kan produsera mat på areala.
Wirak syner til COOP sine planar om eit stort lager på ei tomt på 60 dekar. Me har all grunn til å tru at dei i COOP nå tenkjer seg om. COOP sitt opphav kan i stor grad førast tilbake til landbruket. Med dei klare berekraftsmåla organisasjonen står for, trur og ventar me at ein vil finna omdømetapet for stort ved å byggja på dette arealet.

Før politikarane i Sandnes gjer nye vedtak om omdisponering av areala på Vagle, vil Jordvernforeningen oppmoda om at kvar og ein tek ein tur inn i området og vurderer om det i 2022 verkeleg er rett å omdisponera så mykje god jord.

Les også

SV kritiserer Sandnes Sp for manglende jordvern, selv om de sitter i glasshus

Ikkje verst, men langt frå best

Så til noko personleg: Frå 1971 og mange år frametter var jordvern ein viktig del av jobben min, og fulltidsjobb i fire år. På den tida var Regionplan 1969 for Jæren eit sentralt dokument i all arealplanlegging. ‘Retning aust’ stod sentralt. Så raskt som mogleg burde både bustadbygging og anna arealbruk skyvast mot aust i regionen. Sandnes sine store lågproduktive areal i aust stod sentralt.
Jamvel om det er bygd i Vedafjell og Bogafjell, har utviklinga gått seint, og store areal dyrka og dyrkbar jord er bygde ned i kommunen. Wirak meiner at Sandnes ikkje er ein versting i høve til jordvern. Men er så absolutt ikkje ein ‘besting’. I alle høve ikkje med dei store areala lågproduktiv grunn kommunen disponerer.

Me har all grunn til å tru at dei i COOP nå tenkjer seg om. COOP sitt opphav kan i stor grad førast tilbake til landbruket. Med dei klare berekraftsmåla organisasjonen står for, trur og ventar me at ein vil finna omdømetapet for stort ved å byggja på dette arealet.
Publisert: