E39 Ålgård-Lyngdal, ein gigaveg og eit bompengesluk

SAMFERDSEL: Dersom KrF sin samferdselsminister og landbruksminister meiner alvor med å krympa vegprosjekt og spara matjord, må dei sjå på gigantprosjektet E39 Ålgård- Lyngdal.

Foto: Pål Christensen

Debattinnlegg

  • Bjarne Undheim
Publisert: Publisert:

Vegprosjektet er vel arven etter Ketil Solvik-Olsen i Frp, partiet som er mot bompengar. Her er eit prosjekt som krev bompengar i bøtter og spann. Det er vel knapt nokon annan stad i landet det er større motvilje mot bompengar enn i Rogaland.

Traséval R2 har fått tilslutning av Kommunal -og moderniseringsdepartementet til å leggjast ut på høyring. Eg ønskjer å ta opp fire ting som fortener merksemd. Jordvern, linjeval, fire felt kontra vekslande 3–4 felt og betalingsvilje for bompengar.

Når det gjeld jordvern er R1 det beste alternativet som tek minst jord og råkar færrast gardsbruk. Kor mykje mindre vert grove anslag, men fylkesmannen har antyda rundt 200 dekar. Assisterande fylkeslandbrukssjef Anfinn Rosnes er også klar i sin kommentar om at R2 er til mest skade, og at R1 avgrensar skadane.

Eit merkeleg traséval

Fram til siste sving låg det i korta at R1 var det foretrukne alternativ. R2 er ny trase som er krevjande med tanke på naturinngrep. Det er erfaringsmessig mange omsyn som skal vurderast når ein er i jomfrueleg terreng. Når det gjeld linjeval, må eg gratulera Egersund og medhjelparane med lobbyarbeidet som fører til at stamvegen mellom Stavanger og Kristiansand vert tre kilometer lenger for å leggja ny E39 minimalt nærmare Egersund. Kva miljørekneskap som ligg til grunn her skulle vore moro å vita?

Vegstrekningen eg drøftar er Ålgård–Lyngdal. Det vert fire felt Stavanger– Ålgård i nær framtid. Det same gjeld Kristiansand–Lyngdal. Trafikkgrunnlaget er for lite til ein firefelts motorveg med 110 km fartsgrense. Statens vegvesen si teljing i 2019 viste ein årsdøgntrafikk (ÅDT) på 8250 køyretøy i Vikesåbakken, 7900 i Bjerkreim og 6600 i Saglandsbakken. Til samanlikning er ÅDT-trafikken i Ryfast rundt 10.000. Eg meiner å hugse at trafikktala gjennom Kleppekrossen var cirka 15.000 før ein laga tunnelen rundt. E39-teljing ved Auglendshøgda er rundt 60.000 køyretøy.

Saglandsbakken er vel det næraste ein kjem stamvegtrafikk som skal vidare mot Sørlandet (6600 ÅDT). Teljingane på Vikeså og Bjerkreim inneheld mykje intern trafikk i Dalane/Jæren. Med dette trafikkgrunnlaget finn eg rett å stilla spørsmål om ein vekselvis trefeltsveg med 90 km er meir enn nok. Med denne løysinga vil ein kunne løyse lokaltrafikken og følgje mykje av eksisterande trase.

Skal hyttetrafikken bestemma?

Når det gjeld størrelsen på bompengar knytt til fire felt med ei fartsgrense på 110 kilometer, er den på rundt 3,00 kroner per kilometer. Ein tur til Dyreparken kjem på vel 1000 kroner tur-retur for ein familie. Vikeså-Ålgård tur-retur kostar rundt 80 kroner.

Når det gjeld tungtrafikk vil bompengane kosta tre gonger så mykje.
Eg finn grunn til å stilla spørsmål om denne gigavegen er forsvarleg ut frå kost/nytte, jord- og naturvern, og om det finst politisk vilje til å påføra innbyggarar og næringsliv denne kostnaden. Det kan ikkje vera slik at den rogalandske hyttetrafikken skal definera vegbehovet.

Nye Veier har vel også antyda at prosjektet må barberast, elles tek mykje trafikk andre vegar. Det var vel nokre som sa at noko om at dei ønskte bompengar på andre vegar, for å hindre smotthol, noko som dei etterpå måtte dementera. Er det slik at me føler oss mindre verd enn andre landsdelar når me ikkje har fire felt til Kristiansand, og ikkje kan køyre i 110km?

Publisert:
  1. E39
  2. Jordvern
  3. Lyngdal

Mest lest akkurat nå

  1. Viking FK har beklaget til Berntsen – styre­lederen vurderer å trekke seg

  2. Coop møter Coop i ny bydel som kan få flere innbyggere enn hele Bjerkreim eller Hjelmeland

  3. Kommune­overlegen i Sirdal bekymret for julen: – Utenkelig at vi ikke får smitte

  4. Fisker frastjålet hummer til 20.000 kroner: - Aldri opplevd før

  5. Verdensmesteren bor i en ombygget container. Tett på naturen for 500.000 kroner

  6. Enebolig på Eiganes solgt 2 millioner over pris­antydning: – Helt ekstremt