Visst må vi diskutere styremaktene, ikkje minst i krisetider!

DEBATT: Meiningsbryting svekkjer ikkje samfunnssolidariteten, men vil på sikt styrke han.

Publisert: Publisert:

Det har kome reaksjonar etter Gunhild Alvik Nyborgs sterke påstandar på NRK Debatten tysdag om eksplosiv koronasmitte i Noreg, spesielt i Oslo. «At ein slik kritikar slepp til og får svar, verka tryggande. Det styrka tilliten til styremaktene», skriv Svein Erik Tuastad. Foto: Skjermdump fra NRK

Debattinnlegg

  • Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger
  1. Leserne mener

Aftenbladet bomma i leiarartikkelen 17. mars. «De siste dagene har vi registrert at enkelte har satt spørsmålstegn ved tiltakene. Det kan for eksempel dreie seg om forbudet mot å dra til hytter i andre kommuner, praktiseringen av karantenereglene eller vedtaket om å lukke skoler og barnehager», heitte det.

Haldninga til avisa var at debatt om smittevern er uansvarleg og skadeleg. Konklusjonen var: «Vi skal selvsagt ha en ærlig, åpen og kritisk debatt om alle spørsmål om hvordan vi som nasjon taklet denne krisen. Senere.»

Kritikk gir tillit

Same dagen som Aftenbladet i leiarartikkelen oppmoda til mindre kritikk, intervjua Aftenbladets journalistar kompetente meiningsberarar. Dei kom også med kritiske innspel – heldigvis. UiS-professor i samfunnstryggleik Odd Einar Olsen viste i eit intervju med Aftenbladet 17.3. til fleire problematiske døme, som at kommunar gjev reisande frå nabokommunar karantene.

Krisesituasjonen vil vare ei god stund. Då trengst fleksibilitet og fornuft for å unngå at det over tid byggjer seg opp frustrasjon og etterfølgjande risiko for mistillit. Som Olsen peika på, nettopp den opne meiningsbrytinga skapar tillit og grunnlag for dugnadsånd.

Det kan føyast til at den slitasjen som vil oppstå, bør få følgjer for tonen i debatten. Å vere sakleg og meir vennleg innstilt enn i normale tider er ein del av samfunnsdugnaden i denne ekstraordinære situasjonen.

Vi er vane med kritikk

Det kan vere naturleg å tenke at kritiske innspel frå fagfolk kan svekke tiltru til den vedtekne politikken. I røynda er vi som moderne borgarar vane med meiningsmangfald. Kritiske røyster er normalen. Sakleg kritikk gjer at representantar for styresmaktene får svare for seg om saker som både fagfolk og andre lurer på.

Politikarane bør heller ikkje late som at dei er samde viss dei faktisk er usamde. Det er naturlegvis uheldig om nokon stadig vil kritisere hardt prøva regjeringsmedlemmer i lite vesentlege spørsmål. Alt har si tid. Men uvesentleg kritikk vil raskt kunne slå tilbake mot kritikaren om det saknar gjenklang i befolkninga. Er det derimot mange borgarar som tenker likt med kritikaren, er det bra at det folk lurer på faktisk kan få eit svar.

Demokratiet er ikkje i karantene

Nokon kan ville avgrense demokratiet i vanskelege tider, men det er å gje etter for ein autoritær impuls. Ekspertar har sakskunnskap, men ingen fiks ferdig masterplan.

Saklege, kritiske innspel kan gje verdifull informasjon. Dessutan er eit fungerande ordskifte i seg sjølv ei kjelde til tillit til at systemet fungerer så godt det er mogleg.

Bergens Tidende uttrykker det fint i ein leiarartikkel 15. mars: «Demokratiet har ikke karantene». Avisa skriv: «De beste løsningene oppstår som regel når meninger blir testet mot hverandre. Det gjelder også i krisetid.»

NRK Debatten-dømet

I NRKs debatten tysdag 17.3 intervjua Fredrik Solvang den svært kritiske og pessimistiske forskaren Gunhild Alvik Nyborg. I debatten med Nyborg etter intervjuet svara Preben Aavitsland frå Folkehelsa og direktør Bjørn Guldvog i Helsedirektoratet rimeleg godt for seg. Det var openbert at det ikkje var noko nytt for dei i kritikken som kom fram. At ein slik kritikar slepp til og får svar, verka tryggande. Det styrka tilliten til styremaktene.

Debatten illustrerte både korleis tonen kan vere for overspent og for lite tilpassa den ekstraordinære situasjonen, men også kvifor eit kritisk ordskifte like fullt er nyttig.

Publisert: