Lyse Energi, ein gaukunge?

DEBATT: Lyse Energi og Green Mountain er store pådrivarar i plassering av eit datasenter på Kalberg. Eg finn det rett å drøfta om det er rett plassering.

Publisert: Publisert:

«Eg meiner ei plassering av eit datasenter sentralt på Jæren, der mykje dyrka jord går med i denne omgang òg kan føra til endå meir press på utbygging, er skivebom», skriv Bjarne Undheim. Her direktør Eirik Gundegjerde frå Lyse AS på eit informasjonsmøte om utbygginga i desember 2019. Foto: Geir Sveen

Debattinnlegg

  • Bjarne Undheim
    gruppeleder for Sp i Time

Det er ca. 3 prosent av arealet i Noreg som er dyrka, resten er utmark, fjell og vatn. Nasjonalt mål for nedbygging av dyrka jord årleg er 4000 dekar. Jærområdet saman med Sør-Trøndelag er dei områda som dei siste tiåra har bygt ned mest dyrka jord. Det er fleire område av landet som hevdar at dei er Noregs matkammer, men det er mange måtar å måla dette på. Jæren er utan tvil eit viktig område for produksjon av mat, og eit drivande miljø for dette.

Det som ligg på bordet av meir og mindre verifiserte fakta med omsyn til sysselsetting og størrelse, er varierande. Siste utspel frå Lyse/Green Mountain er anslag på 8500 arbeidsplassar i 2032.

Med den nye energiloven i ryggen er det pengane som rår.
Les også

Time holder kortene tett til brystet om regulering som kan gi opp til 8000 nye jobber

Mykje automatisert

Dersom ein søkjer på nettet med omsyn til datasenter bygde dei siste åra, er det på bileta få parkeringsplassar som er synlege, og dei ligg stort sett landleg til. Den daglege drifta er mykje automatisert, reservekapasiteten er modular som kan sjaltast inn og ut ved behov. Når reservemodulane minkar, kjem det folk og skiftar desse i ein eingong.

Kor mykje sideverksemd dette senteret kan trekkja til seg, er vel eit noko uavklart spørsmål? Eg konstaterer at denne vertikale drivhusmodellen ikkje vert omfamna av fagmiljøet. Det er vel meir realistisk med ulike verksemder med tilknyting til bruk av data og energi.

Auka energiprisar

Lyse sine interesser er vel klare, sal av energi då slike senter er storforbrukarar av dette. Ein konsekvens av dette er vel auka energiprisar for alle andre forbrukarar. Lyse får også meir trafikk (inntekter) på fiberkabel som skal førast til Storbritannia. Lyse fører tilbake store beløp årleg til eigarkommunane. Men eg finn grunn til å stilla spørsmål om ikkje me som folkevalde i kommunane i større grad burde sjå på denne auken i energiprisen som skatteinnkrevjing? Det ser også ut for at fiberkabel til Storbritannia kjem før Lyse legg fiber på bygda. Det er mogleg å gjere seg nokon tankar om lokale elverk som bygde infrastruktur i kvar ei bygd, sjølv om tidene var magre på 50-talet. Med den nye energiloven i ryggen er det pengane som rår. Det er meir enn ei gong eg tenkjer på dei grepa som vart gjort for å byggja dette landet. Eg har tidlegare vore med i Lyse sitt representantskap, og eg minnest ein av direktørane som under ei orientering ordla seg om ei sak, «nedover Jæren», den sit spikra i minnet.

Green Mountain sine interesser er vel utleige og drift av bygningsmasse.

Ekstra vegsponsor

Time Kommune legg til rette for skaping av arbeidsplassar, men har også store interesser i og få vegutløysing frå Foss Eikeland og rundt Kalberg/Frøyland, som skal ende ut sør for Kverneland. Strekningen frå Foss Eikeland til Åslandsvegen vil få ein ekstra vegsponsor dersom datasenteret kjem her. Då sit ein igjen med vegen over/under Frøyland og Kverneland? Det er i dette området at det verkar uforståeleg at firma har gått rundt med opsjonsavtaler, dersom det berre er veg som kjem her. Kan det hende dei kjenner ferten av ei utbygging her også? Det kan verta store areal som ligg mellom nåverande utbygt område og den planlagde vegen som kan kome under utbyggingspress.

Spørsmålet om størrelse på arealet kan sjå ut som det har vorte mindre i prosessen. Dette vil eg prøva og kommentera. Det store anslaget på 6000 dekar er full pakke på Kalberg inkludert tidlegare avsett areal i tidlegare kommuneplan og areal for vegen rundt Frøyland. Eg meiner det er rett og ta med desse areala då eg oppfatta innbyggjarane på Kvernaland ikkje ønskjer meir aktivitet før dei får løyst trafikken gjennom bygda. Om det har vore eit tidlegare kommuneplan godkjent areal på Kalberg og vegtrase rundt Frøyland må ein sjå dette samla nå som dette skal regulerast.

Nok anna areal

Eg meiner ei plassering av eit datasenter sentralt på Jæren der mykje dyrka jord går med i denne omgang òg kan føra til endå meir press på utbygging, er skivebom. Det er nok anna areal i rimeleg nærleik som kan brukast. Men gauken er komen for eit par veker sia, og eg høyrer den mest kvar dag. Han driv nok på med sine ting.

Publisert:

Les også

  1. Time stoppet ikke utredningen om gigantplanene på Kalberg

  2. – Kalberg/Fjermestad – et nyansert bilde

  3. -Jeg som grunneier er bare en liten ubetydelig aktør som er lett å trampe over

  4. Stavanger kommune bes om å ta en aktiv rolle for datasenter i Time og 8000 nye arbeidsplasser

Mest lest akkurat nå

  1. – Du skrur på tv, og der ser du bussen din

  2. Snart blir det tryggere å kjøre fra Ålgård til Oltedal

  3. Han har skrevet mange fabelaktige bøker. Denne er så bra at det knapt kan gjøres bedre.

  4. Er det forsvarlig å reise mellom ulike kommuner slik situasjonen er akkurat nå? Vi svarte på lesernes spørsmål

  5. – Ikke i tvil om at dette var et drapsforsøk

  6. Nå blir det billigere å kjøre buss

  1. Debatt
  2. Datasenter
  3. Green Mountain
  4. Utbygging