Varig vern av Kleppeloen

DEBATT: Det er skuffande, og heng for meg ikkje i hop, at ein vedtar meir utbygging av Kleppeloen i same møte som ein vedtar at det skal lagast ein plan for varig vern.

Publisert: Publisert:

Her området som skal byggjast ut, skole med aktivitetssal øvst, blokk og 15 bustader på marka og to blokker der gardstun ligg. Foto: Marie Storhaug

Debattinnlegg

  • Marie Storhaug
    Kleppe

Kommunestyret i Klepp gjorde måndag 11. mai eit historisk og samrøystes vedtak om varig vern av Kleppeloen. Dette er ein siger. Både Loen og folk som bruker den fortener å bli tatt på alvor. Takk til alle og den enkelte som dei siste vekene har engasjert seg, gitt sin støtte og tydeleg sagt ifrå at Loen er viktig og må takast vare på. Takk til våre folkevalde som følgde opp. Me veit kva me vil med Kleppeloen – me vil verna den!

Det er derfor skuffande, og heng for meg ikkje i hop, at ein vedtar meir utbygging i same møte som ein vedtar at det skal lagast ein plan for varig vern. Eg er overraska over at ein ikkje tar seg tid til å sjå på om ein kunne få til ei vinn, vinn løysing der både Loen, skulen og jordvern kjem betre ut, samtidig som grunneigarar blir varetatt.

Fleire med meg tek til orde for å sjå på flytting av skulen.

Store inngrep

Totalt skal 34,6 dekar til skule, aktivitetssal, tre blokker og 15 bustader byggast ut. Det er lik 4,5 fotballbanar, gjer store inngrep og vil forandra Kleppeloen slik me kjenner den for all tid.

Då tomt for skule blei landa i 2018, var ikkje bygging av blokker og bustader ein del av diskusjonen. No veit me meir. Det gjer moglegheit til å sjå reguleringsplanane som naturleg overlappar kvarandre i ein samanheng. Bygger me skulen på den rette plassen?

Fleire med meg tek til orde for å sjå på flytting av skulen. Dette inneber endring av eksisterande reguleringsplanar, ikkje utarbeiding av ny reguleringsplan. Kanskje blir skulen forsinka med eit år anslår rådmannen. Det er ikkje mykje tid i den store samanhengen om ein får til ei betre løysing.

Kva kan ein gjera? Og kva vil me då oppnå?

Sjå på flytting av Kleppeloen skule frå høgda mot vest i Loen til inngangen der dei siste to blokkene er planlagt.

Dette vil spara Loen fordi ein alt i alt bygg mindre. Skulen vil koma på ei flat tomt, ikkje ruva i terrenget (kvote 61) mot vest og blir lågare enn løa som ligg der i dag. Med dette unngår ein sprenging og øydelegging av det unike kulturlandskapet på nedsida av ruggesteinen som har lege der sidan istida. Det argumenterast med at bygging i høgda er godt jordvern. Det å ikkje bygge på urørt areal må vere vel så godt jordvern.

Skulen kjem betre ut fordi denne tomta er lunare og terrenget betre tilrettelagt for universell utforming av uteområdet. Tilkomst, parkering og snuplass er enklare, samt at tomta allereie er opparbeida. Skulen treng litt meir areal enn to bustadblokker, men aktivitetssalen kan mest «gøymast» i gropa ved Torvaldsbakken mot tunnelen. Det kan bli ein fin inngang til Kleppeloen. Kanskje vil dette i sum og gjer at skulen blir billigare?

Ikkje for seint

På Jæren snur me når det er rett, og me er raske med å få ting til. Eg meiner at det ikkje er for seint. Kampen for tunnel kom etter at alle vedtak var gjort og forsinka vegen. Me venta sju år frå omkampen på tunnelen. Det er me glad for i dag. Kan det vere at dei folkevalde igjen er i utakt med folket når det gjeld Kleppeloen?

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Disse ferielandene kan du reise til uten karantene

  2. Vannskutere kjørte i Superspeed-bølgene nesten helt til Hirtshals

  3. Vogntog har kjørt seg fast ved Viking stadion

  4. – De to naustene til kong Salomo og Jørgen hattemaker

  5. Trafikkdirigering på E39 ved Hanaleite fra 14.30

  6. Haaland og tysk fotball har fått startdato

  1. Debatt
  2. Klepp
  3. Utbygging