Pelsdyrbøndene må få full erstatning for alle tap

DEBATT: Rogaland Bonde og Småbrukarlag er glade for at erstatningsordninga forbetrast!

Publisert: Publisert:

Debattinnlegg

  • Stig Arild Helgesen
    Leiar i Rogaland Bonde- og Småbrukarlag
  • Vivian Huglen
    Sekretær i Rogaland Bonde- og Småbrukarlag

Det er nok kjend frå før, men vi er stekt imot avviklingsvedtaket og meiner det ikkje er for seint å snu. Dette kan gjerast om, om ein vil! I det minste kunne ein fått til ein lengre avviklingsperiode, slik at verdiane betre kunne realiserast og at farmarane kunne tilpassa seg andre alternativ.

Pelsdyrbøndene må få full erstatning for alle tap og ein rimeleg erstatning for tap av inntekter i framtida. Å nytte bokførte verdiar som erstatningsgrunnlag, var heilt urimeleg.

Les også

Pelsdyrerstatning med ukjent prislapp

Les også

Enighet på Stortinget om økt kompensasjon til pelsdyrbønder

Rogaland Bonde- og Småbrukarlag vil:

  • 1. Det utførast ein takst for kvart einskilt pelsdyrfarm, uavhengig av bokførde verdiar. Denne taksten må vere grunnlaget for erstatninga. Dette er jo prinsippet for erstatning i samfunnet elles.
  • 2. Det må gjevast erstatning for sanering av anlegga, som dekkjer dei reelle kostnadene. Dette må baserast på anbodsrundar. Vi veit det er mykje sokalla spesialavfall i desse anlegga.
  • 3. Gj.snittsalder på norske farmarar er 55 år, i Rogaland 45 år. Tap av inntekter i framtida, må dekkjast. Midlar til omskolering og oppbygging av anna landbruksverksemd må finansierast som ein eigen post på statsbudsjettet.
  • 4. Næringa har bygd opp eit framifrå fôrkjøkken i Sirevåg. Dette må og takast med i erstatningane.
  • 5 . For norske bønder har samspelet mellom slakteriavfall og pelsdyrfòr våre viktig. Det har spart landbruket for destruksjonsavgifter på proteinanlegga. Våre berekningar tilseier at det utgjer over to kr pr. kg slakt for norske bønder. Dette må kompenserast, når Stortinget vel å avvikla ei lovleg og lønsam næring.
  • 6. Spesielt vil vi nemne det spesielle pelsdyrmiljøet i Norangsdalen i Ørsta kommune. Dette er verkeleg ruin for ein utkantgrend. Her må det ikkje stå på pengar, for å behalde bygda.

Vi lir saman med pelsdyrnæringa. Vedtaket i Stortinget 11. februar er eit skritt i riktig retning. Det er mange farmarar som slit og er nedbrotne av denne galskapen. I det minste må vi gjere opp for oss som samfunn, då må det ikkje vere småleg når det gjeld erstatningar.

Publisert: