Sultan Erdogans maktgrep råkar religionsfridomen i Tyrkia

KRONIKK: Tyrkias president Erdogan kastar ut utanlandske misjonærar og lèt syriske islamistar truga på livet menneske som har konvertert frå islam.

Publisert: Publisert:

President Recep Tayyip Erdogan møter pressa etter fredagsbøna i Hagia Sofia tidlegare denne måneden. Hagia Sofia er kyrkja som vart moské, deretter museum under Tyrkias sekulære grunnleggar Kemal Atatürk, og no under Erdogans islamistiske styre på nytt ein moské. Foto: Murad Sezer, Reuters/NTB scanpix

Debattinnlegg

  • Johannes Morken
    Redaktør i Stefanusalliansen

I eit fangehol i Afrin i Nord-Syria sit den kurdiske rektoren Radwan Muhammad. Islamistgruppa Failaq Al-Sham, lojal til okkupasjonsmakta Tyrkia, kravde at rektoren skulle lata dei få skulebygget. Dei ville starta ein islamsk skule.

Han nekta og vart bortført, skulda for ei – i augo deira – dødssynd: fråfall frå islam. No fryktar venene for livet hans.

Radwan Muhammed, før han vart fengsla, skulda for å ha vend seg frå islam . Foto: CSW/Stefanusalliansen

22. august er FNs internasjonale minnedag for ofra for valdelege åtak på trusfridomen. Radwan Muhammad er offer både for islamistisk vald og tyrkisk maktpolitikk.

Tyrkia invaderte Nord-Syria og Afrin i 2018. Landet vil knekkja den kurdiske militsen som Erdogan ser som ein del av dei kurdiske kreftene som han brutalt nedkjempar heime.

I Syria gjekk Erdogan i kompaniskap med islamistiske grupper som både ville jaga kurdarane og hindra den syriske hæren i å få kontroll. I livsfarleg klemme kom kristne og jesidiar som hadde hatt ein fristad.

Den amerikanske kommisjonen for internasjonal trusfridom (USCIRF) krev at Tyrkia grip inn mot sine allierte. USCIRF seier at situasjonen for religionsfridomen er blitt drastisk forverra etter at Tyrkia rykte inn.

Erdogan og sverdet

Tyrkiske soldatar utkledde som janitsjarar, dvs. elitesoldatar under det ottamanske styret, under den årlege feiringa av erobringa av Konstantinopel 29. mai 1453 (byen heitte Bysants til år 330, frå 1923 Istanbul). Janitsjarane var sultanen si livvakt og den første ståande militærstyrken i europeisk historie. Til høgre erobraren, sultan Mehmet II, som var 21 år gammal då han leia hærtakinga av Konstantinopel. Foto: Murad Sezer, Reuters/NTB scanpix og Victoria and Albert Museum/Wikimedia Commons

Erdogan stramma i sommar islamist-grepet også heime. Han gjorde landemerket Hagia Sofia i Istanbul om til moské. Det var klar beskjed til veljarane og til utlandet om at Tyrkia går i konservativ retning.

Hagia Sofia vart på 530-talet bygt som kyrkje i Bysants, det kristne, austromerske verdsriket. Då den ottomanske (tyrkiske) sultanen Mehmet II erobra Konstantinopel, tidlegare Bysants, gjorde han i 1453 Hagia Sofia til moské. Han var klar – dette var ei erobring, med «sverdets rett».

Grunnleggjaren av den moderne, sekulære tyrkiske republikken, Kemal Atatürk, gjorde i 1935 Hagia Sofia til museum over ei kristen og muslimsk historie. Det som skremmer mest, er at Erdogan er inspirert av erobraren Mehmet II og «sverdets rett». Det lovar dårleg for den kristne minoriteten.

  • Sjå biletgalleri frå Sofia Hagia:

Kastar ut misjonærar

Heilt i det stille går kampanjen til Erdogan for å kasta ut utanlandske kristne misjonærar som i årevis har budd i Tyrkia og arbeidd i små protestantiske kyrkjer. Desse kyrkjene veks fram fordi tyrkarar – i eit land med eit overveldande muslimsk fleirtal – søkjer seg dit. Dei orkar ikkje meir verken av islamistisk vald i nabolanda eller Erdogans islamisme.

I det meir og meir islamistiske Tyrkia blir også dei som gir opp trua, fleire. Nokre tusen eks-muslimar samlast altså i protestantiske kyrkjer. Desse får ikkje utdanna leiarar og treng utanlandsk hjelp.

Kring 50 utanlandske kristne har i fjor og så langt i år fått vita at Tyrkia vil bli kvitt dei. Nokre har fått den dramatiske koden «trussel mot den nasjonale tryggleiken» – og nokre dagar til å dra. Dei fleste har fått den litt mildare «trussel mot offentleg ro og orden». Desse får ikkje fornya opphaldsløyvet. Eller dei slepp ikkje inn i Tyrkia igjen dersom dei reiser ut. Nokre får åtvaringa på veg ut at dei i tilfelle ikkje slepp inn att. Andre har fått sjokket då dei vende tilbake – at grensa var stengt, med familie og eigedom på andre sida.

Å gå til retten har vist seg nyttelaust. Tryggingspolitiet opererer ofte med hemmelege prov som tiltalte og forsvararane ikkje får sjå. Ein kyrkjelyd Stefanusalliansen støttar i turistbyen Antalya har mista to. Pastor Ramazan Arkan trur at Erdogan vil hindra vekst i kyrkjene.

Vekst etter Brunson-strid

Det vart ein kraftig auke i utkastingane etter prosessen mot den amerikanske pastoren Andrew Brunson, som hausten 2016, like etter kuppforsøket, vart arrestert. Han og kona hadde budd i Tyrkia i 23 år. Etter hardt press frå president Trump slapp Brunson fri i oktober 2018. Vitne la bort falske vitnemål som hadde ført til ein absurd tiltale for spionasje og terrorisme.

Lenge ramma utkastinga berre reint utanlandske familiar. Men nyleg fekk ein utanlandsk ektefelle av ein tyrkisk pastor ti dagar på seg til å dra. Dei har tre barn.

Den protestantiske alliansen (TEK) kallar dette deportasjon og spør: Vil også tyrkiske statsborgarar som har konvertert, bli kasta ut?

Advokat Orhan Kemal Cengiz skriv i ein fersk rapport om religiøse minoritetar at det er påfallande at brot på fleire menneskerettar får skje i det stille. Det er, skriv han, brot på trusfridomen at folk vert stengde ute på grunn av trua si. Ingen muslimar er ramma for spreiing av islam.

Pastor Andrew Brunson og kona Norine Brunson på veg frå rettssalen i Izmir til flyplassen for å reise ut av Tyrkia 12. oktober 2018. Då hadde han vore i fengsel i to år, anklaga for spionasje, men vart frigjeven av retten då fleire vitne trekte det dei hadde sagt. Foto: Emre Tazegul, AP/NTB scanpix

«Femtekolonnistar»

Akademikaren Aykan Erdemir seier til Magasinet Stefanus at sidan kuppforsøket har regjeringa dytta framfor seg konspirasjonsteoriar som framstiller kyrkjearbeidarar som «spionar». Retorikken i statlege og regjeringsvenlege medium har gjort kristne til svikefulle «femtekolonnistar».

Paulus tok kristendommen hit for 2000 år sidan. Ein liten kristen minoritet er igjen etter at armenarane nærast vart utrydda og dei gresk-ortodokse med vald vart deporterte for hundre år sidan.

Det er islamistisk samling rundt flagget, eit illevarslande jerngrep frå sultanen i Ankara.

Publisert:

Les også

  1. – Organisasjonen har blitt et diktatur

  2. – Kampen mot dødsdom for falske blasfemi-anklager

  3. – USA/Iran-krisa farleg for både regionen og dei religiøse minoritetane

  4. – Undertrykkinga av religiøs tru så hard i Kina at stortingspresidenten og statsministeren må seie klårt frå

Mest lest akkurat nå

  1. Filmet mens han kjørte i 230 kilometer i timen i Ryfast

  2. Mastrafjordtunnelen er stengt på grunn av røykutvikling i lastebil

  3. Ødelegger Høibo for UiS med denne omtalen?

  4. Tesla traff tre på Forus

  5. Hadia Tajik øydelegg for seg sjølv med dette bokomslaget

  6. Lervigs nye utestad tar natte­søvnen frå naboar: – Vil sjå på skjenke­reglane

  1. Religionsfrihet
  2. Tyrkia
  3. Recep Tayyip Erdogan
  4. Islam