Om å knytte med lyd; stor festival for samtidsmusikk til Stavanger, med gode grunnar

KRONIKK: Å lage ein musikkfestival er å lage eit verktøy. Betyr det at Stavanger har eit problem å løyse?

Publisert: Publisert:

«Når me no flyttar festivalen Only Connect ut av hovudstaden for første gong, er det ikkje for å oppdra periferien i den gode smak. Snarare tvert imot», skriv Bjørnar Habbestad. Foto: nyMusikk

Debattinnlegg

Bjørnar Habbestad
Kunstnarisk leiar, nyMusikk

nyMusikk er Noregs eldste, største og einaste landsdekkande organisasjon for samtidsmusikk. Sidan 1938 har me bestilt verk, formidla konsertar og sendt komponistar og musikarar ut i verda. Samtidig har me henta inn nye impulsar i form av komponistbesøk, bestillingar, installasjonar eller performances. I dag skjer dette i tretten lokalavdelingar spreidd over heile landet, frå Tromsø i nord til Kristiansand i sør. Slips har blitt klipt, orkesterverk nekta framført og rottelydar omgjort til lydinstallasjonar.

Flyttar til Stavanger

Slik har det også vore i Stavanger. Eldsjeler som Nils Henrik Asheim har i ei årrekke lagt ned utallige dugnadstimar i avdelinga nyMusikk Stavanger, som i dag viser seg igjen i kulturlokaler, orgelklang og riddartitlar. Det som bind saman nyMusikk sine 80 år med aktivitet, er likevel ikkje lyden eller musikken. For samtidsmusikk i 1938 var sjølvsagt noko ganske anna enn det den er i dag. Drivet er derimot det same. Vårt nettverk av frivillige krefter snur alle steinar for å vise fram nye lydopplevingar. Lokalavdelingane våre står i dag bak rundt 150 konsertar, med framføring av meir enn 500 verk. Kvart år.

Når me no flyttar festivalen Only Connect ut av hovudstaden for første gong, er det difor ikkje for å oppdra periferien i den gode smak. Snarare tvert imot. Med Stavanger som omdreiingspunkt ser festivalen på kva som rører seg i samtidsmusikken, i Norge og i verda. Festivalen skal altså slett ikkje løyse eller redde Stavanger sin musikkscene (som klarer seg heilt fint på eigen hand), men snarare utføra eit arbeid. For oss, og for byen.

Les også

Nils Henrik Asheim utnevnt til ridder

Les også

Leder: «Vel fortjent, Asheim!»

Sette kontrastar i spel

Only Connect er eit vindauge inn til svært ulike typar arbeid som går føre seg i den eksperimentelle musikken. Orkesterstemmer som må skrivast, installasjonar som må byggast, melodilinjer som må øvast inn, tonehøgder som må stemmast, scener som skal gjerast klare og folk som må møtast. Å lage ein musikkfestival blir derfor som å bygge eit mikroskop. Å sette saman kombinasjonar av ulike linser som forstørrar, løftar fram, tydeleggjer eller gjer eit bilete skarpare.

Perspektiva i, og på, Stavanger er djupt fascinerande. Knapt nokon annan stad i landet er kontrastane i det norske kulturlivet så tydelege: Mellom store og små budsjett, mellom institusjonar og enkeltkunstnarar, mellom pengemakt og dugnad, arkitektdesigna glas og stål og sliten, nedlagd industri. Dette er kontrastar me ønskjer å sette i spel.

Knytte saman

Det er difor ingen tilfeldighet at festivalen med det engelske namnet forsøker å knytte ting saman: idear, folk, lokale, musikkstilar, ensemble og lyttevanar. Difor finn du Only Connect både i ein omgjort Rimi-butikk, i eit flunkande nytt konserthus, rundt omkring dei mange romma på Tou og på Sølvberget. Difor finn du cellomusikk på Imir, støy i Konserthuset og installasjonar under mønet på Loftet på Tou. På denne måten blir det å flytte festivalen til Stavanger også ein måte å lage ei rute gjennom det enormt omfattande feltet som ny musikk er.

Les også

Imir viser det du ikke får så mange andre steder

For å navigere i dette mangfaldet har me med oss kurator og dirigent Ilan Volkov og festivalkonseptet hans Tectonics. Volkov er fast gjestedirigent for fleire av BBC sine symfoniorkester og er blant dei mest innovative dirigentane på den internasjonale scenen. Me har møttest i ein felles ambisjon om å knytte saman det tilsynelatande motstridande. Det symfoniske, installasjonsbaserte, lokale, internasjonale, elektriske og akustiske. Det lågmælte, ropande, det abstrakte og det uttalt politiske.

Her høver det å trekka fram Stavanger Symfoniorkester si urframføring av Dror Feiler sitt nye verk «Epexēgēsis». Feiler er ei sterk stemme i svensk musikkliv, som komponist og improvisatør, men også ein klartalt aksjonist og politikar med eit sterkt engasjement for Israel–Palestina-konflikten. Saman med solist Blixa Bargeld, eit kjent fjes for fans av Einstürzende Neubauten eller Nick Cave and The Bad Seeds, vil Feiler sitt bodskap fylle Fartein Valen-salen både i bredda og høgda.

Eit demokratisk eksperiment

Lokale kunstnarar gjennomsyrer likevel festivalen, og stavangermusikarar er allereie i arbeid for det som skal bli ei lang og intens veke. Spennet er også her stort: improvisasjonskollektivet Kitchen Orchestra samarbeider med George Lewis, Anders Hana & Morten Joh presentere sitt nye prosjekt med røter i langeleiktradisjonar, vokalekspertane i Song Circus møter blodfersk musikk frå franske Pascale Criton og Stine Janvin flørtar med klisjear frå den elektroniske klubbmusikken.

Les også

Song Circus feirer 10 år

Som eit bilde på heile festivalen har me invitert den 85-årige komponistlegenda Christian Wolff. Saman med studentar frå UiS, festivalartistar og medlemmer av det nystarta stavangerensemblet Insimul framfører han verket sitt «Burdocks» frå 1971, eit stykke som starta som ein festival i seg sjølv, på garden til Wolff i Vermont. Eit av dei mest særeigne verka i orkesterlitteraturen gjer musikarane ansvarlege for stykket sitt innhald. Slik blir både verket og festivalen eit slags demokratisk eksperiment: Set samen folk til grupper, og gje dei oppgåver å løysa! Resultatet garanterer nye lytteopplevingar.

Les også

Komponisten hadde stor glede av en app om samiske ord for snø. Den ble til et musikkstykke

Les også

Helgeintervjuet: «Livet er for kort til å spille dårlig musikk»

Les også

Tou Lyd – himmel på jord for musikarar

Les også

Derfor er korpsmusikk bedre enn all annen musikk


Publisert: