Tåkete om olje- og gassindustrien

DEBATT: I innlegget «Høgre sin nye oljepopulisme tåkelegg» i Aftenbladet 17.8. skulder Wenche Skorge Høgre for tåkeleggjande retorikk og å kikke for mykje i bakspegelen. Eg synes at ho i iveren etter å stenge ned norsk olje- og gassnæring, sjølv tåkelegg debatten.

«Eg vil oppmode Wenche Skorge til å svinge sverdet mot andre enn Norge si olje- og gassnæring viss nedgang i globalt karbondioksid-utslepp er målet hennar», skriv Rolf Schei.
  • Rolf Schei
    Rolf Schei
    Sivilingeniør og siviløkonom, Stavanger
Publisert: Publisert:
Les også

Wenche Skorge: Høgre sin nye oljepopulisme tåkelegg

icon
Denne artikkelen er over tre år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Eg vil difor gjerne kommentere eit par punkt utan å gå inn i det partipolitiske. Eg begynner med artikkelserien der forfattarane Anne Karin Sæther og Ola Borchgrevink på oppdrag frå Agenda, tankesmia til Skorge sitt eige parti, har sett på klimafornekting i Norge. I artikkelserien «Den norske klimafornektelsen», «Klimatvil i oljeindustrien» og «klimafornektelsens politiske slagside» konkluderer forfattarane med at klimafornekting har størst grobotn på Vestlandet og spesielt i miljø som er direkte råka av olje- og gassnæringa, gjerne litt utpå høgresida. Alle som er for framleis satsing på oljenæringa, kan dermed avvæpnast med at dei er i ein tilstand forfattarane beskriv som «kognitiv dissonans» og berre tenkjer på å rettferdiggjere eigne jobbar. Dette må vere gefundenes fressen for Skorge og greitt å ha med seg vidare i korstoget mot Norge si olje- og gassnæring. Eg kan vanskeleg lese artiklane som anna enn eit bestillingsverk for å diskreditere meiningane til alle som jobbar i olje- og gassindustrien vest for vass-skiljet.

Les også

Høyre vil kjempe for oljejobbene: Hvis vi ikke passer litt på, så kan vi fort bli litt «sørlandsby»

Svært ulike føresetnadar

Når det gjeld utsleppsreduksjonar frå 1990 til i dag, blir Norge samanlikna med Sverige i Skorge sitt innlegg, utan å nemne at dei to landa har hatt svært ulike føresetnadar for reduksjon i denne perioden. Dette er godt beskrive i Stein B. Jensen sin artikkel i Energi og Klima «Klima og Statistikk: Hvor imponerende er svenskenes utslippskutt?». Svenskane sin nedgang skuldast i stor grad at dei har gått vekk frå oljefyring til oppvarming, der Norge allereie hadde el-basert fyring. Riktignok har utsleppa frå olje-og gassektoren auka, men for å sei det med Jensen sine eigne ord: «Dersom denne næringen ikke hadde eksistert innen våre grenser, men bare på britisk og dansk sokkel, ville vi antageligvis kunne ha slått svenskene i prosentkampen om utslippsreduksjoner, men verden hadde neppe sett mindre utslipp.»

Det Skorge også bør få med seg, er at det også er rikeleg med høve til å trø feil i jakta på nye energiløysingar og fornybare energikjelder. Eit eksempel på dette er vindkraftverk på land, som i løpet av sommaren har køyrt seg fast i myrene på Frøya utanfor Trøndelagskysten. Der diskuterer dei no om ein kan kjøpe seg fri frå å bygge vindkraftverka. Til og med Naturvernforbundet (der Skorge sjølv er styremedlem) går no inn for å revurdere allereie godkjente konsesjonar. Kvar skal då fornybarstraumen til Teslabatteria som du nemner i artikkelen din, då kome ifrå? Tesla sitt megabatteri tilsvarer dessutan same energimengde som ein får i løpet av eit tidels sekund med norsk gassproduksjon.

Svinge sverdet mot andre

Eg vil avslutningsvis oppmode Skorge til å svinge sverdet mot andre enn Norge si olje- og gassnæring viss nedgang i globalt CO₂-utslepp er målet hennar. Fokus på å kutte ut olje- og gassproduksjon eller trua på at ny fornybar energi skal løyse problemet, er på kort sikt eit villspor og tåkelegg debatten rundt kva som verkeleg må til for å nå målet i klimalova. Målsetjinga om 40 prosent reduksjon i utslepp med 1990 som referanseår innan 2030, er berre mogleg med massivt kutt i forbruk. Vi har ikkje tid nok til å endre energisystema våre fram mot 2030. Om det er realistisk å oppnå målet eller ikkje, er eit heilt anna spørsmål.


Publisert: