SFO-prisen må ned, og på sikt heilt vekk

DEBATT: At SFO opplevas for dyrt for barnefamiliar, er ikkje berre eit problem for den enkelte familie, det er eit problem for oss alle.

Publisert: Publisert:

«SV vil arbeide for at skilnaden mellom skole og SFO viskas ut, og erstattas med ein utvida skoledag utan heimelekser», skrive Ingrid Kristine Aspli i SV. Foto: Privat

Debattinnlegg

  • Ingrid Kristine Aspli
    Barnepsykolog og 2. kandidat for Stavanger SV

Andelen barn som deltek i SFO går nedover i mange kommunar. I Stavanger er denne redusert frå 70,2 til 67,8. Det er ikkje slik vi vil ha det.

SFO har eit enormt potensial, som vi må utnytte maksimalt. Det er SFO som gir oss høgdepunktet i året med «Småstjerner» kor elevane briljerer med sjølvlaga songar og akrobatiske triks framfor hundrevis av medelevar og foreldre. Det er SFO som sikrar at når vi foreldre må jobbe i vinterferien, kan barna vere med vener og kjente vaksne på skøytedag og karneval og overnattingstur. Det er SFO som opnar 1. august når foreldre ikkje har meir ferieveker igjen, men det framleis er to veker til skolestart. SFO er ein enormt viktig arena for leik, læring, og inkludering. Då må vi ha alle med.

SV vil sikre ein barnekvardag kor alle barn er med på leiken.

Kostar over 3000 kroner

Ein SFO-plass i Stavanger kostar over 3000 kroner. I Stavanger har vi gratisplassar for nokre familiar, omtrent 380 familiar nyttar denne ordninga per i dag. Stavanger har syskenmoderasjon dersom du har to barn i SFO. Men du har ikkje syskenmoderasjon om du har eitt barn i SFO og eitt barn i barnehagen. Slik kan SFO bli for dyrt for ein familie med fleire barn, sjølv om ein ikkje defineras av kommunen som «låginntektsfamilie». Prisen må ned.

Les også

– Prisen har betydning for deltagelsen i SFO, det har jeg erfart

I fyrste omgong må vi gjere noko med syskenrabatten. Stavanger SV nedfelt i vårt partiprogram at vi vil arbeide for ein syskenrabatt mellom barnehage og skole, slik at familiar med barn begge stader får ein samla syskenrabatt. Dette er på veg i Sandnes, dette skulle berre mangle.

I andre omgong vil SV kjempe for at SFO blir gratis. Her må vi sjå til Oslo. Etter ei gradvis opptrapping, kan Oslo denne hausten tilby gratis Aktivitetsskole, som tilsvarer SFO, til alle fyrsteklassingar i byen. Og det verkar. Ifølgje Dagsavisen viser statistikken at i bydelen kor dei har hatt gratis AKS sidan 2015, har deltakinga auka frå 70 til 96 prosent (Dagsavisen, 07.02.19).

I tredje omgong, vil SV arbeide for at skilnaden mellom skole og SFO viskas ut, og erstattas med ein utvida skoledag utan heimelekser. Vi ønskjer at framtidas skole er ein heildagsskole kor det er meir plass til praktiske og estetiske fag, kor du får mat på skolen, og du får gjort leksene med lærar tilgjengeleg, slik at du har fri når du kjem heim.

Kjempe for søskenmoderasjon

SV vil sikre ein barnekvardag kor alle barn er med på leiken. Då må SFO-prisen ned, og på sikt heilt vekk. I påvente av heildagsskolen vil SV kjempe for ein søskenmoderasjon mellom barnehage og SFO, ikkje berre internt innan den eine institusjonen. SV vil kjempe for gratis SFO.

Publisert:

Les også

  1. SFO i Stavanger er dyrere enn i Sandnes. Det liker Ap dårlig

  2. Hå-buen dropper SFO. 3 av 4 barn går hjem etter skolen.

  3. Venstre-topp krever gratis SFO i 2020

  1. Debatt
  2. Skole og utdanning
  3. Stavanger SV