Eg ser fram til SV sin Nato-debatt

DEBATT: Det USA-støtta kuppet i Chile saman med kampen mot atomvåpen, førte til at eg melde meg inn i SV i 1976. Me skulle vera alliansefritt, og melde oss ut av Nato, ikkje mist på grunn av atomvåpenstrategien til organisasjonen.

Så bør me vera med i Nato, bør ikkje Nato ut av Norge? Eg gler meg til å vera gjest på landsmøtet i SV, og få høyra debatten.
  • Hallgeir H. Langeland
    Tidlegare stortingsrepresentant for SV i Rogaland
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Det blir feil å seia at eg jobba knallhardt, for å få Norge ut, men då Berlinmuren falt og Sovjetunionen gjekk i oppløysing på starten av 1990-talet, tenkte mange av oss at då ville jo Nato vera irrelevant, og kunne leggast ned. Men så enkelt var det jo ikkje.

Det militærindustri elle kompleks, stod sterkt i NATO-landa, og då vart det meir snakk om oppbygging og utviding av organisasjonen, enn å legge han ned, sjølv med eit totalt endra verdsbilete. Nato gjekk frå å ha 12 medlemmer til 30, og nå etter Russlands brutale angrep på Ukraina, i strid med folkeretten, vil også Sverige og Finland inn.

Men Nato- landet Tyrkia, som drep og brukar alle middel mot kurdarane, trenerer dette inntil vidare. Det store spørsmålet er om Nato med USA i spissen, gjer verda tryggare? Det er mange som ikkje tør å stille dette spørsmålet. Våren 1999 bomba norske krigsjagarfly Beograd og «Rest-Jugoslavia». Me var berre fire stortingsrepresentantar som var mot dette.

Hausten 2001 vedtok fleirtalet å delta i krig mot Afghanistan, etter terroren 11. september 2001. I 20 år var Nato der, før dei trakk seg ut og Taliban tok over makta, med alle dei negative konsekvensane det har. Så invaderte USA og deler av Nato Irak våren 2003. Etter sterk folkeleg motstand sa Bondevik-regjeringa nei til å delta, sjølv om vår utanriksminister, Jan Pettersen (H), gjere ville gjere som USA sa. I 2011 vedtok regjeringa på mobiltelefon å delta saman med Nato med krigsjagarfly for å bombe Libya. Eg sa nei til dette.

Kva vart no konsekvensane av USA og Nato sine brutale krigshandlingar? Hadde dei ein lukkeleg utgang? Ja svaret på det spørsmålet, finn du hjå Taliban i Afghanistan, uro på Balkan, borgarkrigar i Irak, og grunnlaget for IS, og kaoset i Libya. Og om me tar med Palestina. USA er Israels sin høge beskyttar, og tilet det meste av det Israel står bak, anten det er okkupasjon eller rasisme. Andre NATO-land vert tause fordi dei ikkje vil legge seg ut med «sjefen», USA.

Så bør me vera med i Nato, bør ikkje Nato ut av Norge? Eg gler meg til å vera gjest på landsmøtet i SV, og få høyra debatten.

Publisert: