Er Kafka-prosessar god integrering?

KRONIKK: Kommunale Johannes læringssenter viser til direktoratet Kompetanse Norge, som viser til Johannes læringssenter. Som på nytt viser til Kompetanse Norge. I neste runde viser Kompetanse Norge til Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, som viser til Utlendingsdirektoratet. Som ikkje svarar, men viser til nettsidene sine.

17 år gamle Sarbaz frå Afghanistan (innfelt) har ressurssterke fosterforeldre. Men sjølv om Anna Aabø er tidlegare sjef for eit stort forskingsinstitutt og sat i det regjeringsutnemnde velferd- og migrasjonsutvalet, og sjølv om Per Inge Grimsmo har ei leiarstilling på arbeidstakarsida i oljeindustrien, sleit dei òg med å finna ut av formalitetane for opphald for fostersonen.

Debattinnlegg

  • Anna Aabø
    Fostermor
  • Per Inge Grimsmo
    Fosterfar
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Sarbaz er 17 år og frå Afghanistan. Han vart sendt til Noreg av foreldra sine då han kom i alderen Taliban rekrutterte (barne)soldatar i. Før han la ut på flyktningreisa, var hovudoppgåvene å hente vatten (ein halv time ein veg og to timar heim att) og å gjeta sauer. Livet ga ikkje rom for skulegang. Vi som fosterforeldre gler oss over framgangen hans i Noreg.

Då Sarbaz kom, fekk han eit treårig, midlertidig opphaldsløyve med beskyttelsesbehov. Nå skal han søke om permanent opphaldsløyve. Søkarar må ha gått gjennom opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Sarbaz har gått på skule i Norge i to og eit halvt år, kan bra norsk og ein heil del om det norske samfunnet. Dette må dokumenterast, og vi reknar med at det er enkelt.

Det står altså ikkje om livet, men vi opplever det likevel slik.

Runddansen

Vi startar rundt juletider å sjekke med Stavanger kommune, som viser til Johannes læringssenter (som har ansvar for framandspråkopplæring i Stavanger). Dei viser til Kompetanse Norge, eit direktorat under Kunnskapsdepartementet. På nettsida deira finn vi ut at det er nødvendig å ta prøve dersom ein ikkje får standpunktkarakter. Sarbaz har gått på skule og fått evalueringar sidan han kom. Er det godt nok? Etter ein runde til med skulen og Johannes Læringssenter er vi usikre.

Vi prøver Kompetanse Norge igjen og registrer at fristen for oppmeldinga til den første norskprøven er gått ut – då er det ein muligheit igjen før søknadsfristen. Det er ikkje informasjon om prøvar i samfunnskunnskap. Litt urovekkande dersom Sarbaz endar opp med å måtte ta prøvane.

Får vi ikkje dokumentasjonen på plass, betyr det at Sarbaz ikkje får permanent opphald, berre utvida midlertidige opphald. Det står altså ikkje om livet, men vi opplever det likevel slik.

Der får vi klar beskjed – ikkje deira bord, vi må ringe UDI.

Vi aukar innsatsen og kontaktar Kompetanse Norge på mail og telefon. Dei ber oss kontakte eksamensstaden i Stavanger, Johannes Læringssenter. Vi sender runde nummer to med mail dit, og ringjer når vi ikkje får svar. Vi får igjen beskjed om at vi ville finne all nødvendig informasjon på nettsidene til Kompetanse Norge.

Vi kontaktar også skulen og Stavanger kommune − igjen. Alle meiner å vite litt, men ordninga er ny frå i fjor haust, og ingen er sikre. Vi gjer alt om att, sjekkar nettstaden til Kompetanse Norge, ringjer til dei og får beskjed om at nokon skal ringje tilbake. Det skjer ikkje.

Vi startar vinterferien i Oslo med å ringje til Norsk Kompetanse. Telefonen ringjer i to timar utan svar − desperasjonen stig. Kompetanse Norge har besøksadresse på Karl Johan, vi reiser difor til kontoret deira. Men det er ingen i Oslo som kan hjelpe til. Dei som kan dette, sit i Bergen. Jaha. På mirakuløst vis blir vi sett over til ein saksbehandlar i Bergen. Han er hyggeleg og informativ og tilrår oss å ringe Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi).

Der får vi klar beskjed – ikkje deira bord, vi må ringe UDI.

Vi ringjer dit og får opplyst at det er tilstrekkeleg å ta norskprøven. Den vi snakkar med vil ikkje dokumentere dette – det er berre å klikke seg gjennom søknadsskjemaet på UDI sine nettsider.

Vi går inn på søknadsskjemaet for n-te gang og finn ut at, jo, det er framleis krav om prøve både i norsk- og samfunnskunnskap dersom undervisninga ikkje dekker krava. Vi gir oss − det er berre å ta prøvane. Sarbaz blir meldt opp.

Les også

– Prøve og feile – en tapt inngangsbillett til Norge?

Språket er komplisert og byråkratisk, langt utanfor eit språk tilpass brukargruppa.

Nye utfordringar

Så skal vi øve. Vi fokuserer på samfunnskunnskap og finn sida på nettet som skal innehalde all nødvendig kunnskap, vi finn også eit døme på prøven.

Vi går i gang, men møter raskt utfordringar. Språket er komplisert og byråkratisk, langt utanfor eit språk tilpass brukargruppa. Til dømes:

«For å bedre nyankomne innvandreres muligheter i Norge har Stortinget vedtatt en lov som gir bestemte grupper av innvandrere mulighet til å delta i et introduksjonsprogram (introduksjonsloven). Introduksjonsprogrammet er en innføring i det norske samfunnet, og det er kommunen som har ansvaret for programmet. Introduksjonsprogrammet skal øke innvandrernes mulighet til å delta i yrkes- og samfunnslivet.»

Sannsynlegvis er fleire i same situasjon. Får dei hjelp med denne prosessen?

Skilsmisser, Sognefjorden, statens inntekter...

Vi gir ikkje opp, vi puggar oss gjennom antal skilsmisser i Noreg i 2015 (10.000) og lærer at det same året vart fødd 60.000 barn, vi veit nå djupna på Sognefjorden (1308 m) og lengda på Glomma (611 km), at eitt år var staten sine samla inntekter 973 milliarder kr og kommunane sine var på 343 milliarder kr, kanskje i 2015 dette også.

Vi lærer oss ikkje dette for moro skuld – vi har sjekka eksempelprøven og veit kva spørsmål som kjem. Det krev inngåande kjennskap til strukturar, verdiar og begrep i norske samfunnet for å kunne svare på spørsmål som «Hvilke plikter har befolkningen i det norske velferdssamfunnet?» eller «Mari vil melde seg inn i et politisk parti. Foreldrene er uenige i dette. Hvor gammel må Mari være for å bestemme dette selv?» Vi filosoferer over at det er langt frå ein fjellandsby i Afghanistan til det norske velferdssamfunnet, og at det sannsynlegvis er fleire i same situasjon. Får dei hjelp med denne prosessen?

Vi skal koma oss gjennom dette, men gir slike Kafka-prosesser god integrering?

Les også

  1. Asylsøkere på integreringsmottak får arbeidstillatelse

  2. Ståle Økland: – Hvordan kan en flyktning fra Syria klare å bli jærbu, når jeg ikke klarte det?

  3. Sven Egil Omdal: − Kaj Skagen tar feil, kong Harald står på trygg grunn

Publisert:
  1. Integrering
  2. Asylbarn
  3. Asylsøkere
  4. Utlendingsdirektoratet
  5. Integrerings- og mangfoldsdirektoratet

Mest lest akkurat nå

  1. Se video fra området

  2. 61 flypassasjerer fra Sør-Afrika testet positivt

  3. Halve livet sto hun på scenen, så kom hun knapt ut av sengen

  4. Sandnes-ordfører: – Tror helseministeren har misforstått noe

  5. 10 grunner til at strømprisen vil være skyhøy i mange år

  6. Nå kan alt skje i Stavanger!