Vi kan skape ei haldningsendring

DEBATT: Nei, vi reddar verken kvalen eller anna meir eller mindre intelligent liv berre ved å stoppe sal av helium-ballongar 17. mai, kaste tyggisen i bosset eller intimt søppel der det visseleg høyrer heime, men vi kan vere med å skape ei haldningsendring.

«Eg har tru på at mange små påminningar, i ytterste konsekvens forbod, vil endre folk sine brukarvanar», skriv Tore O. Koppang.

Debattinnlegg

  • Tore O. Koppang
    Sandnes
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Dei fleste av oss i dag kan gå med på kjeldesortering og ein reduksjon i forbruket, så sant det er lagt til rettes for sånt. Når kommunar og nasjonar legg føringane, følgjer folk med, noko som viser igjen med fargerike avfallsdunkar for ulikt søppel, aukande omsetning av el-bilar/-syklar og ordningar som Hjem-Jobb-Hjem. Det har blitt moderne å vere naturvenleg, om enn ikkje blant alle i den populistiske eller klima-fornektande leiren. Harald Birkevold har i onsdagens kronikk (25. april) rett i at det i det store bildet hjelper lite med små drypp, som nemnt ovafor. Skal det monne globalt, må alle gå med på drastiske tiltak som vil påverke kvardagen i større grad enn vi kanskje ønskjer.

Blir langt merke til

Det er dessverre dei færraste villege til – enno. Då er spørsmålet: Skal vi berre gi blaffen, fordi det ikkje hjelper å handle lokalt? Eller skal vi som er over gjennomsnittet opptekne av miljø, gjere våre medborgarar oppmerksame på kva ein kan gjere kvar dag, heile året, nettopp med stadige små drypp? Eg har tru på at mange små påminningar, i yttarste konsekvens forbod, vil endre folk sine brukarvanar. Sånt blir lagt merke til blant våre folkevalde og i næringslivet.

Skal vi handle som strutsen?

Spesielt er det positivt å registrere at det blant neste generasjon politikarar – der vi finn framtidas stats- og utanriksministrar med potensiell global påverknadskraft – finst fleire som har sterkare miljøengasjement enn dagens politikarar. Då byrjar vi å snakke! Det kan hende det er for seint, men skal vi handle som strutsen eller det intelligente vesenet på to bein som vi opphavleg var meint som?

Les også

  1. Nei, du reddet ikke hvalen

  2. Også Sandnes sier nei til heliumballonger

  3. Folk må jo kunne tenke litt, jenta mi!

  4. Hval, plast og kondomer − eller der problemet egentlig ligger

Publisert:
  1. Debatt
  2. Harald Birkevold
  3. Plastavfall

Mest lest akkurat nå

  1. Den drapssiktede fra Kongsberg bodde i Stavanger

  2. Reagerer på skilting: Steinar Johansens helgetur til Stavanger ble brått dyrere enn forventet

  3. Startet tilbud de savnet selv: – Kjemperespons

  4. Nekter å fjerne hekk, kan få bot på 1000 kroner dagen

  5. Stavanger-ordfører Kari Nessa Nordtun er gravid

  6. – Min far foreslo at jeg skulle få tatovert bilcrossbilen. Han sa det på fleip.