Kvinna – ei brikke i spelet?

DEBATT: Etter ein politisk haust med kollektiv nistirring ned nokre av demokratiets merkelegare irrgangar, har KrFs vegval no munna ut i ein ny debatt knytt til kva rettar eit ufødd barn skal ha. Er tida komen for å røra abortlova?

«Storsamfunnet og kva det vil, er eit godt døme på at debatten knytt til det ufødde barn og deira risikofylte ferd ut i samfunnet vert ein kamp om ord og omgrep. Desse kan føra oss vekk frå det saka eigentleg dreier seg om, nemleg retten til liv og retten til vern også for den som er liten», skriv Sofie Braut. Foto: Illustrasjonsbilde, Scanpix

Debattinnlegg

  • Sofie Braut
    Sofie Braut
    Bryne
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Ja, vi har vore der før. Det er den debatten som gløder raudt og vondt av private sår som med eitt vert halvoffentlege. Som med eitt får eit kvitt lys av paragrafar og preglaust byråkratsjargong over seg. Det er historier på liv og død, det er intense nærbilete frå dei inste rom som møter statistikk og sorteringsomgrep og filosofi for vidarekomne. Implisitt og eksplisitt går det eit spørsmål gjennom eit kvart rom der denne debatten kjem opp: Kva samfunn vil vi ha? Korleis kombinera ideal og realitet?

Debattredaktør Solveig Grødem Sandelson har i Aftenbladet (8.11.) ein nyansert og modig innfallsvinkel til temaet: Ho hadde eit håp om å kunna skriva om abortlova frå det ho kallar eit «romsleg» perspektiv, men konstaterer lakonisk: «Eg tok feil». Eg vart nysgjerrig på kva det var som tvinga den kloke skribenten inn i ei smalare gate enn ho hadde sett seg ut.

Råkar dei ufødde?

Det er umogeleg med endringar i abortlova, argumenterer Sandelson, fordi det vert å «gå tilbake dit storsamfunnet pålegg kvinna å bera fosteret fram». Men er det ikkje dette same storsamfunnet som gjennom lovverk og praksis har lagt til rette for at vi kvinner i verdas rikaste samfunn skal ta val vedrørande liv og død som vi aldri var meint å skulla ta? Er ikkje det også ei innblanding frå storsamfunnet, men som i dette tilfelle råkar dei andre, dei ufødde?

Les også

Bent Høie: - Abortloven er diskriminerende

Les også

Solberg: Ikke Høyres politikk å endre abortlovens 2c

Vidare reflekterer Sandelson over at vi som utgjer storsamfunnet gjer kvinners liv «litt mindre verd enn alle andre vaksne liv» dersom ein vernar om det ufødde livet som har kvinnekroppen som passasje ut i verda. «Storsamfunnet» er eit tvitydig omgrep i denne samanhengen. For kva interesser har eigentleg dette storsamfunnet? Slik saka står no, tyder mykje på at storsamfunnet vil halda fram med dagens situasjon på abortfeltet, kanskje med nokre mindre justeringar. Men ein kan også sjå føre seg eit «storsamfunn» som av økonomiske og meir prosaiske årsaker ønskjer å selektera ut flest mogleg av barn som har ulike avvik. Alt no er det kvinner som rapporterer om press på å ta abort under ulike omstende. Uansett, tanken om at det er samfunnet som krev at barnet vert bore fram, at kampen står mellom samfunnet og kvinna kan verka underleg.

Det er barnet som treng liv

Det «etiske dilemmaet» som Sandelson i artikkelen utforskar på svært perspektivrikt vis, er jo nettopp eit svært krevjande tema fordi det stiller eitt menneske ovanfor eit anna menneske, der eitt sett med behov og rettar skal vegast opp mot eit anna. Det er ei underleg tolking av denne situasjonen at kvinna svarer på storsamfunnets fordring når ho ber fram eit barn. Det er jo barnet som treng liv, ikkje nødvendigvis samfunnskollektivet som treng eit nytt medlem.

Motvilje mot biologien sjølv

Storsamfunnet og kva det vil, er eit godt døme på at debatten knytt til det ufødde barn og deira risikofylte ferd ut i samfunnet vert ein kamp om ord og omgrep. Desse kan føra oss vekk frå det saka eigentleg dreier seg om, nemleg retten til liv og retten til vern også for den som er liten. Det er ei anstrengt pulsåre av motvilje mot biologien sjølv som dunkar vondt gjennom fleire av innlegga i debatten. Vi er vane med å kunna kontrollera det meste, men barnet finn berre veg ut i verda gjennom kvinnekroppen. Det er eit privilegium, det er ei gåte og ein kime til tallause kjensler, og det er alt anna enn enkelt.

Der Sandelson hevdar at det er eit inngrep i kvinners eigenverd å styrka rettsvernet til fosteret, vil eg snu på det og seia at vi kvinner ikkje bør sjå oss sjølve som offer korkje for biologi eller storsamfunn, men som av den enkle grunn at vi er menneske, svarar på den etiske fordringa frå både fødde og ufødde menneske med å verna om livet.

Les også

  1. Solveig G. Sandelson: Abortlova: Høgres pirking i såret

  2. Tøffe KrF-krav: Forventer gjennomslag om alt fra abort og barnetrygd til landbruk

  3. Høyre og KrFs forsøk på abortinnstramming møter kraftig motstand

Publisert:
  1. Debatt
  2. Abort
  3. Biologi
  4. Rettigheter

Mest lest akkurat nå

  1. Væpnet politiaksjon etter ran av apotek i Egersund

  2. De fikk korona inn på sykehjemmet: – Det var forferdelig, rett og slett

  3. Sandnesbrødre vil bygge ishall og 50-metersbasseng på Lura

  4. Skole­barn, barne­hage­barn, bok­klubbens barn og barn av regn­buen regnes som samme kahoot, gitt at disse er nær­kontakter

  5. – Pent er det jo ikke. Men det er nødvendig.

  6. Vil teste ut 6-timersdag i Stavanger