Høle må ta vare på sin eigen identitet

DEBATT: Nynorsk er vakkert, og samsvarer i stor grad med dialekten i Sandnes og endå meir med den inne på Høle.

Publisert: Publisert:

«Små barn lærer nye ord kvar einaste dag. Dei kan til og med læra fleire språk samstundes», skriv Marit Lunde Hauge. Foto: Scanpix

Debattinnlegg

  • Marit Lunde Hauge
    Sandnes
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Nynorsk er vakkert, og samsvarer i stor grad med dialekten i Sandnes og endå meir med den inne på Høle.

Kva er det som gjer at me ikkje er svært stolte av han? Har bymål og byfolk klart å få oss til å kjenna oss mindreverdige?

Dei i byane held framleis på å definera kva som er tøft og in. Særleg er ungdommar fæle til å setta andre i båsar. Eg har til og med høyrt at elevar frå Ålgård ikkje kan bruka ordet gildt på vidaregåande i Sandnes, det vil ikkje bli forstått. Har ikkje ungdommane i Sandnes besteforeldre som brukar ordet gildt?

Les også

Angrep på nynorsken for at ein vel å ikkje forstå ungane sin tekst, det må jo vera pedagogisk feil

Sit i ryggrada

Høle skule har hatt nynorskopplæring i over 100 år, sia 1913. Det er noko å vera stolte over. Det har gjort mykje med kultur og identitet der inne ved Høgsfjorden. Det sit i ryggrada til folk, dei har lese og skrive nynorsk i generasjonar. Kven vil vera med å ta ansvar for at det blir slutt på det?

Når me lærer nynorsk først, blir me lettare gode i begge dei norske målformene.

Mye bra litteratur

Aasen, Garborg, Hoem og nå Renberg, Nesse og Torvund, og mange fleire. Me har utruleg mye bra litteratur på nynorsk. Franske Gavalda og italienske Ferrante blir omsett til nynorsk, og det har kome særs mange gode barnebøker på nynorsk i seinare år. Alle er samde i at det er best og lettast å læra og lesa og skriva om det skjer på morsmålet. Kva er så morsmålet til ungane? Høyr etter koss ungane snakkar, så forstår du fort kva det er. Når me lærer nynorsk først, blir me lettare gode i begge dei norske målformene.

Når lokale aviser skriv frem og fremtiden, då kan me lura. Er det nokon her som snakkar slik? Kva krefter er det som ligg bak og gjer at ein vil skriva slik? Snakk om framandgjering. Dette er eit nytt argument for å velja nynorsk. Takk.

Små barn lærer nye ord kvar einaste dag. Dei kan til og med læra fleire språk samstundes. Nå lærer dei også engelske ord allereie frå første klasse. Så ein må ikkje vera redd for at dei må læra nokre ord på nynorsk som me ikkje har i dialekten vår. Det vil alltid vera nye ord å læra, framandord og fagord. Skriftspråk har alle grammatikk og reglar for bøying av substantiv og verb. Tenk på kor stor skilnad det er på skrift og uttale på engelsk og fransk.

Me må sjå etter dei varige verdiane som natur, kultur, historie og lokalt mål.

Nynorske ord kan verka litt ukjente for foreldre som kan nynorsk dårleg sjølv, fordi dei har lese lite nynorsk. Men litt annleis ord lærer ein fort når nynorsk er hovudmålet. Det er løgne ord på bokmål også, tenk bare på selvangivelse, sjølvmelding kling mykje betre. Haldninga til foreldra smittar over på ungane, er dei vaksne negative så blir ungane det også.

Les også

Desse fire er åleine om nynorsken

Varige verdiar

Oljetida er på hell. Lokalmat og gardsbesøk er på frammarsj. Me må sjå etter dei varige verdiane som natur, kultur, historie og lokalt mål. Alt ekte som ennå er att. Heldige er dei på Høle som har alt dette rundt seg. Ta vare på dykkar eigen identitet før han forsvinn for godt.
Motmakt må til for å stansa einsrettingskreftene, dette lærte me om på Vinterseminaret til Noregs Mållag på Bryne i helga då Dag Jørund Lønning hadde eit særs engasjerande innlegg om «Folkeleg motmakt i ei sentraliseringstid».

Respekt frå innflyttarar

Motmakta må koma nedanfrå, frå folket. Men først må dei vita kva dei vil, og dei må få argument for å halda på sitt. Dessutan må me kunna venta respekt frå innflyttarar som kjem nye til bygdene. Dei kan ikkje koma og tru at alt skal forandrast etter deira ønske. Slik me endeleg har fått respekt for at samane bør ha sitt eige mål, bør ein nok tenka at bygdemålet også krev slik respekt.

Publisert:

Les også

  1. – Elevar blir ikkje stadbundne av å skriva nynorsk

  2. Her vil de kvitte seg med nynorsk

  1. Nynorsk
  2. Sandnes
  3. Bokmål
  4. Språk
  5. Dag Jørund Lønning