Tisa-avtalen grip i avgjerande grad inn i det politiske handlingsrommet til kommunane
DEBATT: Der er fleire element i avtalen som er sterkt udemokratiske og har skapt mykje bråk i utlandet, men slike negative konsekvensar av avtalen gjer UD og Næringsdepartementet sitt yttarste for å «stikke under stolen».
- Odd TarbergÅlesund


I midten av desember kunne vi lese på aftenbladet.no at kommunepolitikarar i Stavanger var irriterte over at drifta av ein sjukeheim i kommunen no var vesentleg dyrare enn kommunal drift, etter at eit privat selskap for berre seks år sidan vann eit anbod ved å tilby 22 prosent lågare pris enn den kommunale. Aftenbladet kunne derfor no melde at: «KrF foreslår å parkere de kommersielle aktørene på sidelinjen.»
Politikarane skygger unna
Ettersom denne melding er svært så relevant til det faktum at Norge om kort tid risikerer å gå inn i Tisa-avtalen (flerstatlig avtale om handel med tjenester som forhandles mellom 50 WTO-medlemmer), så tok eg kontakt med KrF i Stavanger og spurde om dei var klar over at ein Tisa-avtale vil gjere det ulovleg på denne måten å utelukke kommersielle aktørar frå å konkurrere om slike tenestetilbod dersom ei slik privatisering først var innført. Svaret eg fekk frå ein av kommunepolitikarane, var ikkje uventa dette: «Dette er som du vet, ikke noe vi styrer her lokalt, og jeg kjenner ikke detaljene i forhandlingene rundt dette.»
Ap kan glemme nei til salg av Norge hvis Tisa-avtalen vedtas
Stoler på kvarandre
Dette er dessverre måten dei aller fleste politikarane ute i kommunane «skygger unna» slike spørsmål som handelsavtalar som Norge går inn i. Også når slike avtalar i avgjerande grad grip inn i det politiske handlingsrommet til kommunane. Lokale politikarar stoler på dei sentrale politikarane i sine parti, og så viser det seg at dei aller fleste av desse igjen, stoler på det som Utanriksdepartementet og Næringsdepartementet måtte finne for godt.
Tisa-avtalen er ein handelsavtale for tenester som sterkt favoriserer investorinteressene, og som Norge og femti andre land i over tre år har forhandla om utanfor WTO-systemet. Avtalen er pressa fram av ein sterk lobby for internasjonale tenestekonsern, og vil særleg legge til rette for at utanlandske konsern skal kunne konkurrere på dei ulike nasjonale marknadane på minst like gode vilkår som nasjonale bedrifter.
Relatert til den aktuelle saka i Stavanger kommunestyre, så legg Tisa mellom anna opp til ein «skralleklausul» som går ut på at ei privatisering av ei teneste (for eks sjukeheimsdrift) altså ikkje vil kunne reverserast. Der er også fleire andre element i avtalen som er sterkt udemokratiske og har skapt mykje bråk i utlandet, men slike negative konsekvensar av avtalen gjer UD og Næringsdepartementet sitt yttarste for å "stikke under stolen".
WTO enige om å realisere handelsavtale
Nokon forstår risikoen
Ein del kommunar, også her i landet, har oppmuntrande nok gjort symbolske vedtak om at kommunen skal vere «Tisa-fri» og dermed forsvare det politiske handlingsrommet. Nyleg var det kommunestyra i Lødingen og på Voss som gjorde slike vedtak. Noko som tyder på at fleirtalet i desse kommunane faktisk har skaffa seg kritisk kunnskap om Tisa, og dermed forstår risikoen ved å fylgje den ny-liberalistiske kursen som den sittande regjeringa fører, men motstanden mot avtalen er enno ikkje sterk nok i Stortinget.
Nekta å gå inn i ein skikkelig debatt
Det er fare for at Tisa-avtalen blir ferdig forhandla og klar for ratifisering i dei aktuelle nasjonalforsamlingane tidleg i 2017. Det er også fare for at til og med Ap kan kome til å stemme for ei slik ratifisering i Stortinget. Dette til tross for at mange trur at avtalen vil øydelegge langt fleire arbeidsplassar innanlands, på grunn av hardare konkurranse frå utlandet, enn avtalen vil gi i sysselsettingsvekst i dei eksportnæringane som kan ha nytte av ein slik avtale. Særleg ille er det at leiinga i Ap konsekvent har nekta å gå inn i ein skikkeleg debatt om konsekvensane av Tisa-avtalen. Partiet har på den måten støtta strategien til regjeringa om å unngå ein reell debatt, og bagatellisere alle kritiske synspunkt rundt avtalen.
WTO spår 4,7 prosent økning i verdenshandelen i år
Snarast sende "bekymringsmeldingar"
Det er trist og urovekkande at så få kommunepolitikarar i ein slik situasjon ser ut til å forstå alvoret i det som skjer dersom regjeringa og Stortinget sender Norge inn i denne ny-liberalistiske og irreversible Tisa-avtalen. Interesserte bør snarast gå inn på nettsidene til Handelskampanjen og/eller Attac for å skaffe seg meir informasjon om dette, og snarast sende "bekymringsmeldingar" om dette til sine partikollegaer sentralt.