Byjordbruket skal også vernast

KRONIKK: Med jordvern overordna i planlegginga, blir det relativt radikale endringar i mange vegplanar i Stavanger.

Utsyn nordaustover over Myklabeget i Sola mot Stavanger, med Motorvegen ved Solasplitten oppe til høgre og Jåttåvågen i bakgrunnen. Kor mykje av slik jord skal framleis dyrkast?
  • Dag Raustein
    Dag Raustein
    Leiar, Jordvernforeningen i Rogaland
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Solberg-regjeringa sette alt i 2015 som mål å koma under 4000 dekar omdisponert dyrka jord i Norge, ein sterk reduksjon i høve til åra før. Og den neste Solberg-regjeringa sette i 2021 målet ned til 3000 dekar i året. Den noverande Støre-regjering har gått vidare ned til 2000 dekar. I det ikkje altfor fjerne ligg ein nullvisjon.

Stavanger kommune starta arbeidet med revideringa av kommuneplan 2023–2038 før det nasjonale målet blei sett til 3000 dekar, og har nå ein jobb å gjera i innspurten.

Mat og solidaritet

Den siste tida har me opplevd dramatiske endringar i tilgangen på mat. Ukrainakrigen er alvorleg, og saman med sterk tørke i viktige mat­produserande land både i Europa, Asia, Australia og Nord-Amerika er konsekvensen ei sterk prisstigning på mat på verdsmarknaden. Fleire hundre millionar menneske i verda svelt, og millionar vil døy av svolt, anten fordi dei ikkje får tak i mat eller fordi dei ikkje har råd til å kjøpa han. Faren for omfattande migrasjon er overhengande.

I Norge har fleirtalet framleis råd til å kjøpa maten, sjølv om det dagleg kjem meldingar om at stadig fleire slit.

Å syta for at det blir produsert nok mat, er ei viktig solidaritetssak. Å syta for at me har størst mogleg nasjonal sjølvforsyning, er også i høgaste grad ei tryggingspolitisk sak. Me har ingen garantiar for at me i all framtid får kjøpa nok mat, sjølv med alle våre pengar. Ei sjølvforsyning på under 40 prosent kan fort syna seg å vera for snau.

Nullvisjonen om nedbygging
av dyrka jord bør og må
vera nådd innan utgangen
av planperioden 2023–2038.

Stavanger satsar på jordvern

Etter at Stavanger etter andre verdskrigen har lege i toppen i nedbygging av jordbruksjord, er haldningane endra. Medan det i tidlegare oversiktsplanar kvar gong var lagt opp til å byggja ned tusenvis av dekar av den beste dyrka jorda, fremjar kommunen nå ein revisjon av kommuneplanen, gjeldande for åra 2023–2038. Her er så godt som ingen nye areal dyrka jord føreslegne nedbygd, medan mange hundre dekar som enno ikkje er bygde på, skal førast tilbake til LNF-føremål (landbruk, natur, friområde).

Dette er i tråd med klare signal frå regjeringa om at jordvern frå nå av skal vera eit overordna omsyn i all arealplanlegging. Den beste jorda skal ha sterkast vern.

Les også

Landbruksministeren: «Ta vare på matjorda! Det står om sikkerhet og bærekraft»

Det kunne blitt mange brød

Bruk av dyrka og dyrkbar jord til utbygging kan frå nå av berre skje på avgrensa areal, som unntak, seier regjeringa. Også areal som tidlegare er regulerte til utbygging, og i ein del tilfelle også er innløyste, men ikkje utbygde, skal vurderast ført tilbake til landbruk.

Ei slik tilbakeføring vil kosta mykje pengar, men i det lange perspektiv vil det kosta mykje meir å rasera den beste dyrka jorda i landet. Jorda på Jæren er av den beste i landet, der ein kan dyrka mellom anna matkorn. Avlinga på eitt dekar matkorn kan gi mjøl til 1000 brød årleg. Når Stavanger då har bygd ned 300–400 dekar pr. år, er det klart at den tapte matproduksjonen betyr noko for ein del folk ein eller annan stad i verda.

Sagt med reine ord er Flat-Jæren, der det nå stort sett berre er dyrka og dyrkbar jord att, arealmessig ferdig utbygd. Nokre av kommunane har lågproduktive areal lengre aust.

Jæren har relativt store, utbygde areal for såkalla transformasjon. Det vil seia for endra bruk, tilpassa tida. Og det er ein nærast uavgrensa reserve i fortetting, for ein har vore vane med å utfalda seg med relativt store tomter og låghus. Meldingane om at jordvern skal vera overordna i all arealplanlegging, kan vanskeleg misforståast.

Endringa av området ved Kleppevarden i Klepp kommune på Jæren frå 2005 til 2018, berre 13 år. Dra markøren i midten til begge sider og sjå.

Jordverngrenser og vegprosjekt

Dei siste ti­åra har ein prøvd å trekkja opp langsiktige grenser mellom landbruk og potensielle utbyggingsareal. Det er nå heilt nødvendig å bruka nemninga endelege grenser for landbruket. Bare på den måten kan ein gi eigarane av jorda tryggleik til å satsa økonomisk på garden. Uvisse over tid svekkjer jordbruksdrifta og jorda ligg lagleg til for hogg.

Jordbruksområda i Fastlands-Stavanger er oppdelte og grensar overalt til utbygd område. Det er avgjerande at jordvernet blir effektivt her. Eit viktig tiltak blir å laga ein strategisk plan for det bynære landbruket. Det ligg mykje positivt i det gjensidige samspelet mellom jordbruk og byfolk.

Bygging av stadig breiare og rettare vegar har hatt høg prioritet. Med krav om 110 km/t, fire felt og midtrabatt tek desse vegane utruleg store areal – opptil 50 meter breidde med fyllingar og skjeringar. Ofte blir plasseringa over den beste jorda. I tillegg til at det går med svært mykje dyrka jord, deler vegane gode gardar og jordbruksområde, med særs alvorlege konsekvensar for vidare drift.

Regjeringa har redusert takten på utbygging av nye vegar. Stavanger kommune må også gå gjennom fleire av prosjekta innan kommunen, og tenkja nytt. Med jordvern overordna i planlegginga, blir det relativt radikale endringar i mange vegplanar.

Les også

Rogaland er jordvernjumbo. Ministeren ønsker snuoperasjonar

Oppdatering av kommuneplanen

Den reviderte kommuneplanen for Stavanger har mange positive trekk. Mellom anna tilbakeføring av mange hundre dekar til jordbruk. Det er også sagt at ytterlegare areal skal førast tilbake. Desse areala bør kartfestast nå.

Og ein må finna ytterlegare areal for tilbakeføring, for å oppfylla krava til jordvern som regjering og Storting nyleg har vedteke. Ei slik oppdatering må gi jordbruksareala varig vern. For med dagens situasjon på verdas matmarknad er det all grunn til å rekna med at nullvisjonen om nedbygging av dyrka jord bør og må vera nådd innan utgangen av planperioden 2023–2038.


Publisert: