Innfør ei matkastelov!

DEBATT: I 2017 blei det inngått ei bransjeavtale for aktørar i norsk matproduksjon. Denne sette som mål å redusere matsvinnet med 15 prosent innan 2020 og 30 prosent innan 2025.

Det hastar å få på plass eit lovverk som insentiverer aktørar til innovasjon som tydeleggjer at det ikkje skal lønne seg å kaste mat.
  • Oddny Helen Turøy
    Fylkesleder i Rogaland KrF
  • Lars Ramsli Søyland
    Rogaland KrFU
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Ein ser i dag at bransjeavtalen ikkje gjer resultat fort nok. I 2018 fekk KrF stortingsfleirtalet med seg på å innføre ei matkastelov, men regjeringa vel stadig å ikkje prioritere det. Ei matkastelov er eit av dei mest effektive tiltaka me har i Norge for å forhindre klimaendringar, betre økonomien, og ikkje minst sikre ei betre fordeling av mat i ei tid der menneske over heile verda står i fare for å svelte.

Store mørketal

Bransjeavtalen som blei inngått i 2017, er ei frivillig ordning mellom fleire private aktørar og det offentlege. Her skal det arbeidast med å rapportere kasting av mat, og finne løysingar for å få donert vekk mat i staden for å kaste den. Avtalen er ei god tanke, men ikkje så mykje meir. Nesten halvparten av aktørane i norsk matproduksjon (målt i omsetning) vel å ikkje bli med, noko som set kjeppar i hjula for arbeidet. Avtalen ender opp med store mørketal på kor mykje mat som faktisk kastast, i tillegg til at reduksjonen i matsvinn blir treig.

Frå 2015 til 2020 var det ein reduksjon i matsvinn på 10 prosent. Bransjeavtalen sette som mål å redusere svinnet med 15 prosent. Når det i 2020 framleis vart kasta 450.000 tonn etande mat i Norge, ser ein at ei frivillig avtale ikkje er nok! Det hastar å få på plass eit lovverk som insentiverer aktørar til innovasjon på området og tydeleggjer at det ikkje skal lønne seg å kaste mat. Det skal brukast mykje gulrot, men også litt pisk. Å redusere svinn er lønnsamt for alle aktørar i heile verdikjeda.

KrF meiner at ei matkastelov må lovfeste eit mål om å redusere det totale matsvinnet med 50 prosent (frå tala i 2015, når arbeidet begynte) innan 2030. Dette vil gjere staten ansvarleg for å følgje opp arbeidet. Loven må også pålegge alle aktørar innanfor sal og produksjon av mat å rapportere og loggføre andelen etande mat som kastast, og andelen som doneres vekk. Dette pålegget må følgjast opp og kontrolleras av mattilsynet. Deretter må det utarbeidast strafferammer som sikrar at aktørar i verdikjeda blir bøtelagt dersom dei ikkje klarer å redusere matsvinnet frå talet rapportert året før.

Fleire tiltak som kan sikre redusert svinn både i næringa, men også i private hushald er: Å sikre at matvarer kjem i pakningar av mindre størrelse, at fleire produkt kan seljast i lausvekt, og å merke varer som er etande, men som ikkje lev opp til butikkens standard når det kjem til utsjånad. Det sistnemnde tiltaket vil sikre at mat som er etande men kanskje ser litt «snål» ut blir seld i staden for kasta.

Auke eigen beredskap

I ei tid prega av usikkerheit, prisvekst, aukande klimatrussel og matmangel, er det avgjerande at Norge får gjennomført dei mest treffsikre tiltaka me har. Å redusere matsvinnet gjennom ei matkastelov vil auke vår eigen beredskap, bidra til å sinke prisveksten, og bidra til betre fordeling av jordas matressursar.

I ei verd der éit menneske døyr av svolt omtrent kvart minutt, kan me ikkje fortsette å kaste tonnevis med mat. Innføringa av ei matkastelov lønnar seg for alle partar, og det hastar!

Når det i 2020 framleis vart kasta 450.000 tonn etande mat i Norge, ser ein at ei frivillig avtale ikkje er nok!
Publisert: