Kan nokon snart skru av internett?

DEBATT: Internett har tatt kontroll over norske klasserom. Vi må endre den digitale skulekvardagen.

Omsetjingsprogram og kunstig intelligens rokkar no ved heile ideen om utdanning. Det må gjerne brukast i læringssituasjonar, men før styresmaktene får kontroll, er det opplagt at vurderingssituasjonar igjen må bli analoge.
  • Peder Lofnes Hauge
    Leiar i Noregs Mållag
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Internett har kome for å bli. Det opnar verda og både spreier og jamnar ut tilgangen på kunnskap og informasjon. Samfunnet blir stadig meir digitalisert, og det er avgjerande at elevane utviklar digital kompetanse. Berre fantasien set grenser for læringspotensial digitale verktøy og ressursar gjev elevane.
Men omsetjingsprogram og kunstig intelligens rokkar no ved heile ideen om utdanning. Det må gjerne brukast i læringssituasjonar, men før styresmaktene får kontroll, er det opplagt at vurderingssituasjonar igjen må bli analoge. Dei må anten gjennomførast med penn og papir, eller gjerne med datamaskin utan internett og innebygd programvare ein kan jukse med. Du kan sjølvsagt ikkje måle eleven sin skrivekompetanse om ho har brukt eit program som produserer tekst som er kvalitativt like god som mange lærarar kan.

På sjølvstyr

Styresmaktene har over tid og i skiftande regime sett utviklinga, men møtt henne med ei passiv og naiv haldning. Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) seier til VG at ho ikkje er så uroleg for at elevane vil bruke kunstig intelligens (KI) til å jukse, i ei sak om Andrea Holm Tanderø som har vist kor enkelt det er for elevane å bruke kunstig intelligens til å jukse.
Vi må gjerne «omfamne ny teknologi» og både prøve ut og forstå teknologien saman med elevane. Det er ingen som vil skru tida tilbake, men når vi har mist kontrollen over norsk skule, må nokon setje på bremsa. Ny teknologi må vere velkomen inn i klasseromma, men ikkje på sjølvstyr som i dag.
Den digitale skulekvardagen er særleg utfordrande for nynorskelevane. Dei er ikkje andrerangs elevar, men får jamt over ei dårlegare lese- og skriveopplæring enn bokmålselevane. Kvifor? Jo, fordi opplæringa i stor grad skjer på bokmål. Det er ein enorm mangel på digitale læremiddel, læringsressursar og skriveprogram på nynorsk. Det er ein regelrett skandale at mange elevar får raude strekar under ord dei har skrive rett. Då koronapandemien herja og elevane sat vekevis heime med digital undervisning, blei utfordringane sårbare nynorskelevar møter til dagleg, ytterlegare forsterka.

Går ut over nynorskelevane

Skal nynorskelevane få innfridd retten til opplæring på eige språk, må dei få den same retten til og tilgangen på digitale læremiddel som bokmålselevane. Parallellitetskravet må treffe dei læremidla, læringsressursane og digitale verktøya som faktisk blir brukte i klasserommet.
Det må lovfestast at skulane berre skal bruke skriveprogram som stør både bokmål og nynorsk, utan atterhald. Det er mitt klare inntrykk av både Brenna og regjeringa ho er ein del av, forstår at det krevst politisk handling for å jamne ut det skeive tilhøvet mellom bokmål og nynorsk – også i skulen. I dag får marknadskreftene spele fritt, kjøtvekta telje og fleirtalsmakta rå. Det er kanskje tida vi lever i, men særleg sosialdemokratisk er det vel neppe, og konsekvensane for nynorsken er stikk i strid med intensjonane i nye språklova. I dag råkar det dei om lag 75 tusen nynorskelevane hardast, men om det får halde fram, ser det ikkje særleg lyst ut for bokmålselevane heller. Opplæringspolitikken og språkpolitikken i Norge bør styrast av styresmaktene, ikkje av private IT-gigantar i California.

Publisert: