Misforstått samanlikning av kommunistar og NS

DEBATT: I eit innlegg 14. desember kritiserte eg Jan Gjerde for å likestilla NS og Stavanger kommunistiske parti i hans kommentar til Jan Magne Arntsen si nye bok om den kommunistiske Tjemslandgruppa.

Publisert: Publisert:

– Det var ikkje kriminalisert som landssvik eller forræderi i seg sjølv å stå som medlem av NKP, verken før, under eller etter krigen, skriv Hallvard Tjelmeland. Foto: UiT

Debattinnlegg

  • Hallvard Tjelmeland
    Historikar ved UiT
iconDenne artikkelen er over ett år gammel
Les også

Hallvard Tjelmeland: Feil om Stavanger-kommunistane

I eit tilsvar 18. desember skriv Gjerde at eg misforstår når eg skriv at han samanliknar desse to rørslene med utgangspunkt i krigstida. Han meinte å samanlikna NS slik det var i 1945 med NKP i åra etter krigen, fordi både NS og NKP hadde lojalitet til «fremmede makter», og fordi dei ikkje støtta det han kallar «det borgerlige demokratiet». Men det gjer ikkje saka betre, for dette er usamanliknbare storleikar.

Dobbel straff

Medlemskap i NS vart kriminalisert som landsforræderi under krigen fordi NS – som einaste naziparti på tyskokkuperte område – styrte landet på okkupantmaktas premiss, mens Norge som stat var i krig. Det var ikkje kriminalisert som landssvik eller forræderi i seg sjølv å stå som medlem av NKP, verken før, under eller etter krigen. Difor blir det også feil av Gjerde å likestilla det å offentleggjera lista over dei som var medlemmer i NS under krigen med oversikt over medlemmer i Stavanger kommunistiske parti på 1940-talet. Det første gjaldt personar som vart ramma av landssvikoppgjeret. Offentleggjering av namna på desse ville vera å stilla opp ein gapestokk som både ville gi dobbel straff til dei det gjaldt og dessutan ramma etterkomarar.

Største offer i motstandskampen

Arntsen si liste gjeld personar som var medlemmer av eit parti som i dei første åra etter krigen vart rekna som den største motstandskrafta i Stavanger, og det partiet som ytte dei største offer i motstandskampen. Det gjaldt også for mange av dei som meldte seg inn etter krigen, dei som Gjerde litt forakteleg kallar «stemningskommunister», at dei deltok i eller støtta opp om dette motstandsarbeidet.

Publisert:

Les også

  1. Jan Gjerde: Gamle medlemslister til NKP til besvær

  2. Aldri mer en fortiet historie

  3. Jan Gjerde: Heder og fortielse i Stavanger kommunistiske parti

  4. – Misforståelse om NKP i Stavanger

  5. – Feil om Stavanger-kommunistane

  6. Tre lokale bøker som utvider vår kunnskap om krigen

  7. Krigskommunistene i Hillevåg

Mest lest akkurat nå

  1. Kvinne fra Stavanger omkom i fallulykke i Sirdal - navnet er frigitt

  2. Bergingsbil rykket, men ble bedt om å snu – i mellomtiden vokste køene

  3. Mange fulgte klassisk flyperle hjem

  4. Tusenvis av skadde og mange døde i Beirut-eksplosjoner

  5. Cruiseskip i Lofoten isolerer passasjerene etter koronasmitte

  6. Dette stortalentet kan du høre i Stavanger denne uken - han bærer millioner i hendene

  1. Debatt
  2. Kommunisme
  3. Historie