Er jærbuen trongsynt og navlebeskuande?

KULTUR: Med sin gjestekommentar «Den vanskelige identiteten» tar Ståle Økland eit oppgjer med det han i oppveksten opplevde som ein lite open kultur på Jæren.

Publisert: Publisert:

Ope landskap på Jæren, men jærbuen er kanskje ikkje så open ovafor folk utanfrå? I så fall, kvifor? Eller bør me heller stilla helt andre spørsmål? Foto: Fredrik Refvem

Debattinnlegg

  • Synneva Erland
    Foredragshaldar og kommunikasjonsekspert
iconDenne artikkelen er over to år gammel

«Hvordan bli norsk, når det er umulig å bli jærbu?» spør Økland. Debatten er viktig, men kva handlar det eigentleg om?

Som femtenåring på 1980-talet ville eg gå musikklinja i staden for allmennfag. Eg fekk då høyra at ei venninne hadde sagt: «Alltid skal Synneva vera så spesiell!» Eg kneisa med nakken og tenkte at eg var dritlei desse trongsynte, navlebeskuande jærbuane. Eg skulle flytta til storbyen og aldri meir bu i dette jantelov-holet! Eg angra aldri på musikklinja, heller ikkje at eg flytta til storbyen. Men eg kom tilbake.

Jærbuen er kanskje ikkje så open for dei som kjem utanfrå?

Eg elskar Jæren og den trauste jærbuen! Det er noko med den tilforlatelege veremåten. Godt jorda. Litt treig kan han vera, men god på botn. Når du bare blir kjend med han, og svarar tilfredsstillande på spørsmålet: «Kem æ du sonen te?»

Morfar min spurde alltid om dette når eg hadde vener med til gards. Han kunne kjapt ramsa opp både den eine og den andre i slekta. Så var drøsen i gang. Det var morfar sin måte å koma i kontakt på. Det handlar om desse grunnleggjande mekanismane innan kommunikasjon som går på å høyra til. Spegling.

I tillegg handlar det om tradisjonar og identitet. Jærbuen er kanskje ikkje så open for dei som kjem utanfrå?

Kor høgt er det eigentleg under den høge himmelen vår?

Her på Jæren ede me heima!

Finn Skårderud skreiv nyleg ein artikkel i Aftenposten om identitet, kor omskifteleg den er no. Han seier at dei sosialpsykologiske vilkåra har endra seg fundamentalt. Eit samfunn der fornying er det dynamiske navet og innovasjon er honnørordet endrar måten me ser oss sjølv og omverda på. Skårderud sitt tema er eit anna enn mitt, men med hans ord i bakhovudet spør eg: Er me jærbuar klare for fornying og innovasjon på det mellommenneskelege planet? I teknologiverda ligg me framfor resten av landet med ABB, Aarbakke Innovation, Akva Group og ei sterk gründerånd. Men kva med kulturen og folket? Følgjer me utviklinga der? Kor høgt er det eigentleg under den høge himmelen vår?

Tenker mange av oss framleis som han som tok til motmæle i kommunestyret då ein kar i si tid ville opne restaurant på Bryne? Soga fortel at han reiste seg og sa: «Her på Jæren ede me heima»!

Integrering og kommunikasjon heng tett saman.

Kva handlar dette eigentleg om?

I mine foredrag snakkar eg ofte om identitet. Kor viktig det er å vera trygg på seg sjølv for å skapa god kommunikasjon. For å sjå andre må ein våga å sjå inn i seg sjølv. Våga å spør: Kven er eg? Kven vil eg vera? For meg sjølv, for andre. Denne debatten kan kanskje bidra til at me alle går litt inn i oss sjølv? Ein kar fortalde på Facebook at han skjemst fordi han syns at jærbuen og han sjølv er for lite imøtekomande. Då kjende eg meining i å driva debatten vidare. Handlar ikkje dette eigentleg om korleis me oppfører oss mot kvarandre og skapar rom for gode samtalar? Kven sitt ansvar er det? Sjølvsagt begge partar. Integrering og kommunikasjon heng tett saman. Er me opne nok for det som er annleis, for ulikskapane og endringane i samfunnet?

I blant kan eg også føla meg utanfor saman med dei eg liknar aller mest.

Stammekultur og det å høyre til

Den typiske jærbu har ein veremåte, finnmarkingen ein annan. Nordmenn er inneslutta, italienaren utadvent. Det er lett å generalisera, seia at slik er det her og slik er det der. Eg har modnast sidan eg gjekk på musikklinja. No set eg pris på den trauste, jærska tyå (tyå er jærsk for veremåte). Eg har lært å sjå fleire nyansar. Stundom føler eg meg meir eritreisk enn veninna mi, som er eritreisk. Andre gonger føler eg meg heime med gode, jærske bønder. I blant kan eg også føla meg utanfor saman med dei eg liknar aller mest. Me er så mange ting, me menneske. Opplever ting så ulikt. Men alle har eit grunnleggande behov for å høyra til.

Me heng oss opp i dårlege sider i staden for å sjå på styrkane.

Kvifor er jærbuen slik?

Nyleg hadde eg eit foredrag om identitet og kommunikasjon. Der viste eg til organisasjonspsykologen Tasha Eurich og eit forskingsprosjekt om å vera sjølvbevisst. Ho nemner ulikskapane i to enkle ord: kvifor og kva? Me kan drukna oss i spørsmål om kvifor jærbuen er som han er, men ordet kvifor er lite effektivt. Me heng oss opp i dårlege sider i staden for å sjå på styrkane. Ordet kva gir framtidsfokus, er meir objektivt:

«Kvifor føler eg meg ofte så elendig»? Her vil du lett svara negativt, du er ikkje flink nok og liknande.

«Kva slags situasjonar gjer at eg føler meg elendig? Kva kan eg gjera for å endre dette»? Her får du ei meir konstruktiv og framtidsretta orientering.

Kan me droppa spørsmålet om kvifor jærbuen er slik og slik, og snu det til to kva-spørsmål? Eit til tilflyttaren og eit til den innfødde:

  1. Kva kan eg gjera for å bli meir inkludert?
  2. Kva kan eg gjera for at folk skal føla seg meir inkluderte?
Publisert:

Les også

  1. Stål Økland: «Den vanskelige identiteten»

  2. Jan Zahl: «Er det viktig å bli jærbu?»

  3. Time-ordføreren: «Det er trist at folk opplever det slik»

  4. Professorer: «Flytter du til et nytt sted, har du 70 prosent ansvar selv»

Mest lest akkurat nå

  1. Folk på byen har allerede endret drikkevaner

  2. Gunnar Eiterjord slutter som sjef for Rogfast

  3. Her blir det nytt kjøpesenter og sykehus

  4. Leteaksjon etter mann (63)

  5. Nattklubbene i Stavanger og Sandnes får åpne klokken 20

  6. Sjekk alle tiltakene: Innfører forbud mot skjenking av alkohol etter midnatt

  1. Jæren
  2. Ståle Økland
  3. Kommunikasjon
  4. Identitetsfølelse
  5. Integrering