I Sverige − for tida

KRONIKK: Kva skal vi kalle dei som messar om «svenske tilstandar» og «strutsepolitikk»? Papegøyar?

Skjønar dei ikkje alvoret, dei svenskane eg møtte? Er dei ikkje klar over at landet deira har store problem, og at det når som helst kan ryke? Foto: NTB Scanpix

Debattinnlegg

  • Jarl Wåge
    Jarl Wåge
    Skribent
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Etter at Sylvi Listhaug måtte kaste inn handkleet som justisminister for å unngå å felle eiga regjering og blei degradert til det ho kalla «ein barnehage», men som folk flest kallar Stortinget, blei det merkeleg stille rundt henne.

Då Per Sandberg også måtte putle seg ut av regjeringa med halen mellom beina, blei det klart at Listhaug på nytt kunne klatre til maktas tindar. Denne gongen som nestleiar i Frp. Og då rampelyset igjen svinga hennar veg, var ho raskt på pletten med eit utspel om at vi kan takke Frp for at vi ikkje har svenske tilstandar i Noreg. Med andre ord: Det er Frp å takke at Noreg, i motsetnad til nabolandet, ikkje er på randa av totalkollaps.

For alt eg veit kan dei ha gjeve seg over til ei fandenivaldsk, svartedaudsk «et, drikk og ver glad, for i morgon er du daud»-haldning.

Er dei strutsar?

«För Sverige − i tiden» er kong Carl Gustaf sitt valspråk. Eg er i Sverige for tida. Her nyt eg seinsommarferie i Norrbotten, med byen Piteå som base. Før eg reiste hit, tok eg på meg dei mørkaste blå svenske-tilstandar-brillene eg kom over. Eg var fast bestemt på å trekkje hovudet opp av sanden og med fordomsfritt og ope blikk inngåande studere på nært hald desse grannetilstandane ytre høgre i Noreg er så opptekne av.

Allereie fyrste dagen drog eg ut i felten, nærmare bestemt i Piteå sentrum. Det fyrste som slo meg, var at det var mønsterverdig reint overalt. I gågata og i butikkar og kaféar var det eit yrande liv (dei har ikkje digert kjøpesenter rett utanfor byen). Folk ante tilsynelatande fred og ingen fare. Det var ingen som kasta engstelege blikk over skuldra. «Makan», tenkte eg med meg sjølv, «er dei strutsar heile gjengen? Er dei ikkje klar over at landet deira står på kanten av stupet og når som helst kan rase utfor?»

Laurdagen la eg ut på vandring i utkanten av byen. Gjennom ein skulpturpark. Så forbi ei boccia-turnering med massevis av konkurrerande pensjonistar. Like ved var det AmCar-stemne med hundrevis av bilar. Vegen gjekk forbi den eine villaen finare enn den andre, med velstelte hagar heilt ned til vatnet. Mange med brygge og båt. Det var eitt ord som kverna rundt i hovudet mitt og kunne beskrive det eg såg: velstand.

Under opphaldet har eg òg avlagt den vakre universitetsbyen Umeå eit besøk. Ein by litt større enn Stavanger. Ein gong nærmast utsletta av ein gigantisk brann. Same greia der. Eit mylder av menneske som ikkje lét til å ha noko å uroe seg over. Det herska ro og harmoni overalt. Ingen teikn til panikk. I alle fall ikkje på overflata. Men for alt eg veit kan dei ha gjeve seg over til ei fandenivaldsk, svartedaudsk «et, drikk og ver glad, for i morgon er du daud»-haldning.

I 2017 var ca 1,9 millionar menneske i Sverige av utanlandsk herkomst. Eit kolossalt løft for ein relativt liten nasjon.

Men velferdsstaten då...

Studien min må ha bomma på vinklinga. Eg måtte gå meir i djupna for å finne svara. Difor sette eg i gang med å intervjue innfødde. Spurde kva dei tykkjer om tilstandane i Sverige. Då såg dei spørjande på meg, alle som ein. Så der måtte eg, ein utlending, fortelje svenskar korleis det eigentleg står til i landet deira. Dei fleste lo, rista på hovudet og lurte på om eg var «aldeles knasig».

Eg lét meg ikkje vippe av pinnen. Ville finne ut av korleis det stod til med velferdsstaten. Om systemet hadde byrja å rakne. Men dei la ut om alle godene dei hadde. Til mi forundring omtrent nøyaktig dei same som i Noreg. Ja, bortsett frå at svenskane i tillegg tar seg råd til å servere eit gratis, varmt måltid mat kvar dag til alle elevar til og med ut vidaregåande skule.

Sverige er det landet i Europa som, ved sidan av Tyskland, har teke imot desidert flest innvandrarar. I 2017 var ca 1,9 millionar menneske i Sverige av utanlandsk herkomst. Eit kolossalt løft for ein relativt liten nasjon. Så no kunne eg endeleg, ganske så skadefro, spele ut trumfkortet mitt: «Korleis går det med svensk økonomi? Til helvete på fyrste klasse, reknar eg med!»

Men nei, då. Ein siviløkonom eg møtte la fram ferske tal som viser at den svenske økonomien frå 2016 til 2019 vil vekse meir enn den norske i same periode. Det til trass for innvandringa som medfører gigantiske kostnader. Han såg det likevel som ei stor utfordring at skilnaden mellom rike og fattige aukar for mykje i landet.

Det er fullstendig fånyttes å feie problem under teppet og late som om dei ikkje eksisterer.

Papegøye-politikk

No har eg rett og slett teke av meg svenske-tilstandar-brillene. Konklusjonen i den ikkje altfor djuptpløyande studien min må vere at folk flest i Sverige lever trygge og gode liv. Akkurat som folk flest i Noreg. Og svenske tilstandar, − ja, dei er til forveksling lik norske tilstandar. Riktignok har mange svenske drabantbyar større utfordringar og meir graverande sosiale problem enn tilsvarande i Noreg. Dessverre er talet på valdtekter og valdsepisodar alarmerande høgt. Og dei har langt fleire groteske, skrekkinngydande bilbrannar enn vi opplever i vårt land. «Det er slike problem vi er nøydde til å finne ei løysing på, fort», sa to av dei eg snakka med.

Naivistisk strutsepolitikk er øydeleggjande og farleg. Det er fullstendig fånyttes å feie problem under teppet og late som om dei ikkje eksisterer. Då får ein aldri bukt med dei.

Å sitte på ei (norsk) grein og kvitre «svenske tilstandar, svenske tilstandar», og krisemaksimere og stigmatisere broderfolket vårt i det uendelege, er papegøyepolitikk. Det er pinadø på ingen måtar betre enn strutsepolitikk.

Les også

  1. Magasin: «Det svenske folk er truet, rent biologisk, av en kynisk elite»

  2. De rød-grønne beholder forspranget på svensk meningsmåling

  3. Bokmelding: «Nordmenn i Stockholm under krigen, på sitt verste og beste»

Publisert:
  1. Sverige
  2. Valg i Sverige
  3. Jarl Wåge
  4. Velferdsstaten

Mest lest akkurat nå

  1. Sandnes, Sola og Randaberg trosser faglige koronaråd: - Blir helt feil, mener Stavanger

  2. Jørpeland: Lastebil veltet i et sandtak

  3. Stavanger letter på tiltakene fredag, men sier nei til skjenking

  4. Kondis­professor knuser fem myter om vekt og for­brenning: – Det er helt feil

  5. Klepp og Hå opphever skjenkestopp

  6. Tom Tvedt har fått ny jobb – kaster seg inn i saken som splitter Jæren