Var 6-årsreforma eit feilsteg?
Debatt: Etter mi meining synest det som om dagens skoleopplegg er mindre godt tilpassa mange 6-åringar.
«Ei rekkje forteljingar frå foreldre og lærarar gir inntrykk av at læringsmiljøet for 6-åringane er krevjande og stressande», skriv Sigmund Sunnanå. Foto: Shutterstock
Debattinnlegg
- Sigmund SunnanåTidlegare utdanningsdirektør i Rogaland
I 1997 bestemte Stortinget at 6-åringane skulle overførast frå barnehagen til skolen. Frå å vera dei eldste i barnehagen blei 6-åringane nå dei yngste i skolesystemet. Endringa blei innført med den klåre føresetnaden at dei nye førsteklassane skulle fungere som ein mjuk overgang frå barnehagen til skolen med stor vekt på leikbasert læring.
Desse førestnadene galdt berre til betre rangering på Pisa-undersøkingane blei det viktigaste i norsk skolepolitikk. Dei første Pisa-undersøkingane i 2001 plasserte vårt land lenger nede på rangeringsskalaen enn mange hadde venta. Det kom krav om styrking av det faglege nivået i skolen, og ei rekkje styrkingstiltak blei sette i verk. Kunnskapsløftet frå 2006 la mellom anna opp til at den systematiske opplæringa i norsk, matematikk og engelsk skulle starta alt i 1. klasse.
Bekymringsmelding for de yngste skolebarna
Ikkje ført til betre rangering
Frå 2001 har Pisa-undersøkingane hatt stor politisk merksemd. Alle regjeringar uansett farge har sett i verk tiltak for å styrkja det faglege nivået i dei teoretiske faga. Tiltaka synest likevel ikkje å ha ført til betre rangering på Pisa.
Undersøkingar professor Tom Are Trippestad ved Høgskolen på Vestlandet har gjort, viser små variasjonar på den norske rangeringa i dei siste 16 åra. Reultata i 2017 er nokolunde like dei i 2001. Den største endringa som har skjedd i perioden, er at talet på elevar med stressymtom og psykiske vanskar har auka.
Kjem til kort
Ei rekkje forteljingar frå foreldre og lærarar gir inntrykk av at læringsmiljøet for 6-åringane er krevjande og stressande. Det ser ut til at prinsippet om tidleg innsats har fått ei tolking som flytter mål og forventningar om læringsresultat i teoretiske fag nedover i aldersgruppene. 6-åringane inngår i eit omfattande mål- og vurderingsregime. Barna i første klasse får til dømes vekeplanar med konkrete læringsmål i teoretiske fag. Barn som ikkje maktar å nå desse måla, kan lett føla at dei kjem til kort. Dette kan igjen føra til mismot og mistrivsel, og gi grunnlag for minkande interesse, lærelyst og skolevegring. Slike negative haldningar til læring og skole kan utvikla seg vidare gjennom den obligatoriske skoletida og enda med fråfall i vidaregåande opplæring.
Dei fleste 6-åringar har ein travel kvardag: Først skole, så SFO og så gjerne organiserte fritidsaktivitetar etterpå. Det kan vera ulike syn på lekser, men etter mi meining bør i alle fall ikkje elevane i 1.- 4. klasse påleggjast lekser.
Stortinget har vedteke at 6-årsreforma skal evaluerast. Utdanningsdirektoratet er i gong med fornying av det faglege innhaldet og arbeidsformene i skolen. Det skal bli interessant å sjå kva dette arbeidet fører til for 6-åringane.
Stor skilnad i modningsnivået
6-åringane skal starta eit langt og krevjande skoleløp. Dei bør derfor få ein god og positiv start som skaper lærelyst, sjølvstende og oppleving av meistring. Innhald og arbeidsformer bør vera prega av utforsking og læring gjennom leik og sosiale og kulturelle aktivitetar utan å sitja på ein skolepult. Det kan vera stor skilnad i modningsnivået hos 6-åringar. Tidleg innsats bør mellom anna bety at barn med ulike utfordringar blir oppdaga tidleg og får tilpassa utviklingsopplegg.
Behov for grundig vurdering
Etter mi meining synest det som om dagens skoleopplegg er mindre godt tilpassa mange 6-åringar. Det er derfor viktig med ei grundig og fordomsfri vurdering. I den samanhengen kan det kanskje også vera aktuelt å ta ei ny vurdering av om 6-åringane bør gå i barnehage eller skole? Norge er eit rikt land. Vi treng i alle fall ikkje ta barndommen frå barna våre.
Les også
Mest lest akkurat nå
– Uttrykket i ansiktet til disse jentene, redselen i øynene, det er noe som brenner seg fast
Randaberg-ordføreren ber regjeringen våkne i jakten på vaksiner: – De kaster bort tid på uvesentlige ting
22 bilister fikk bot ved Sola flyplass
Slik skal møteplassen som startet som en pølsebu, bygges opp igjen etter brannen
Barn har fått påvist smittsom hjernehinne-betennelse
Overgrepssaken på Lye henlagt på grunn av bevismangel og alder