Eg har ikkje møtt ein einaste forrykt lærar

DEBATT: Dersom skulen som livsverden er invadert av forsking, er skulen invadert av lærarar og elevar sine erfaringar. Det er vanskeleg å sjå at det er eit problem.

Publisert: Publisert:

«Utfordringa er at skulen, frå departementet og ned til det einskilde skule, ikkje naturleg og sjølvsagt går til forsking for å utvikle praksis», skriv Sigrun K. Ertesvåg. Foto: Illustrasjonsbilde, Scanpix

Debattinnlegg

  • Sigrun K. Ertesvåg
    Professor og FoU-leiar, Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning, UiS

I gjestekommentaren laurdag 10.11. harselerer Jørg Arne Jørgensen kring eit bilde eg nytta under ein Kåkånomicsdebatt. Jørgensen har tydeleg misforstått poenget med bilde på at utvikling av praksis i norsk skule ikkje i tilstrekkeleg grad er forskingsbasert.

«Alle» tek det for gitt at ein i helsevesenet nyttar den fremste forskinga på feltet i utøving av praksis. Det er der naturleg å vende seg til forsking for å løyse utfordringar. Slik er det ikkje i skulen. Illustrasjonen min retta seg ikkje mot lærarar, eg har ikkje møtt ein einaste forrykt lærar.

Illustrasjonen er retta mot organisasjonen dei er del av. Utfordringa er at skulen, frå departementet og ned til det einskilde skule, ikkje naturleg og sjølvsagt går til forsking for å utvikle praksis. Lærarane sine erfaringar er viktig og heilt avgjerande for å utvikle effektiv praksis, men ikkje tilstrekkeleg. Utan å kople erfaring til forskingsbasert kunnskap kan ein ikkje utvikle den beste praksisen i alle klasserom.

Det er eit stort uutnytta potensiale i kunnskap frå utdanningsforsking.
Les også

Forsking til å stola på?

Snakkar ikkje frå lause lufta

Argumentasjonen er ikkje tatt frå lause lufta. Dei siste fire åra har eg leia det store Classroom interaction for enhanced student learning (CIESL)-prosjektet, finansiert av Forskningsrådet. Eit prosjekt der vi nettopp har sett på korleis ein i skulen nyttar forsking for å forbetre praksis. Nær 500 lærarar og over 3600 elevevar har delt erfaringar med oss gjennom intervju, observasjon, loggar og spørjeskjema. Få forskingsprosjekt, om nokon, har gitt eit så fyldig bilete av kva som føregår i norske klasserom. Her er eit viktig poeng: Kunnskapen vi får, er gitt oss av elevar og lærarar som dagleg er i norske klasserom. Kunnskapen avspeglar såleis ei rekkje klasserom, elevar og lærarar. Han representerer meir enn einskildlærarar i einskilde klasserom. For å kunne nytte erfaringar fullt ut, treng vi òg kunnskap om samanhengar mellom fenomen, kva som har effekt og det dei fleste, og ulike grupper, i skulen opplever.

Ei klar løysing

Ein klar lærdom frå prosjektet er at norske lærarar som gruppe er svært dyktige, kanskje best i verda, på å skape gode relasjonar til elevane, og til å etablere strukturar og rutinar i klasseromet. Dette er ein føresetnad for at elevar kan lærer optimalt både sosialt og fagleg. I motsetning til det Jørgensen argumenterer, går vi bak statistiske gjennomsnitt. Her er biletet langt meir variert, og urovekkande.

Skal ein utvikle praksis optimalt vil ein kombinasjon av systematisk og målretta forskingsbasert arbeid på skulenivå og i det enkelte klasserom vere nødvendig. Mange norske skular og lærarar er svært dyktige på dette området, men variasjonen er for stor både mellom skular og mellom klasserom, også på same skule. Skal variasjonen utliknast vil det vere nødvendig å sjå like sjølvsagt til forsking som i helsevesenet, både på nasjonalt nivå og i den einskilde skule.

Kjernen

Jørgensen må gjerne harselere, men det endrar ikkje kjernen i saka: Det er eit stort uutnytta potensiale i kunnskap frå utdanningsforsking. Eit potensiale som kan gjere kvardagen betre både for lærarar og elevar. Eit potensiale til å styrke læringsutbytte for elevane. Eit potensiale til å gjere at færre elevar gruar for å gå på skulen kvar dag. Vi vil fortsette å snakke om dette med dei som vil lytte. Ein god start er politikarar som går føre med eit godt døme. Det var dei debatten handla om.

Publisert: